London Borough of Croydon

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Croydon er ein by i Stor-London. Den blir administrert som ein av bydelane i London, og er den største av desse etter folketal. Den høyrde til tidlegare Surrey, men i 1889 blei den ein sjølvstendig eining. I 1965 blei den innlemma i Stor-London, og distrikta Coulsdon og Purley blei innlemma i byen. Den har sidan 2001 hatt ei eiga byregjering, som kjem i tillegg til styresmaktene i London.

Namnet[endre | endre wikiteksten]

Stadnamnet kjem truleg frå det angelsaksiske croead deanas, «Krokusdalen», og viser til at det ein gong blei innhausta safran i området. Namnet er ein parallell til Saffron Walden i Essex.

Ein annan teori er at det kjem frå det gamalfranske croie dune, som tyder «Kalkås», ettersom den ligg i den nordlege enden av dei kalkrike høgdene North Downs.

Geografi[endre | endre wikiteksten]

Croydon ligg omkring 16 km sør for London sentrum, ved ein av plassane kor elva Wandle har utspringet sitt. Rett sør for byen er ei opning i North Downs, som mykje av transporten mellom London og sørkysten går gjennom. Den gamle vegen mellom London og Brighton, A23, gjekk gjennom byen tidlegare, og er no lagt på vestsida for å spare sentrum for trafikk.

Stader i Croydon[endre | endre wikiteksten]