London Borough of Hackney

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Rådhuset i Hackney

Hackney er ein bydel i den nordaustlege delen av det indre London. Den blei oppretta i 1965, då distrikta Hackney, Shoreditch og Stoke Newington blei slått saman. Den er ein av dei fattigaste bydelane i London, men har samstundes eit rikt kulturliv. Hackney er ein av fem bydelar som skal vere vertskap når Sommar-OL 2012 blir arrangert i London.

Bydelen har ein direkte valt borgarmeister, men er òg underlagt styresmaktene i Stor-London.

Hackney er den einaste bydelen i indre London nord for Themsen som ikkje har ein undergrunnsstasjon, dersom ein ser bort frå Manor House, som ligg på grensa til Haringey. Eit prosjekt for utviding av undergrunnsnettet slik at det blir betre tilbod i Hackney var under utarbeiding pr. februar 2005.

Stader i Hackney[endre | endre wikiteksten]

Stader i Hackney

På commons[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: London Borough of Hackney