London Borough of Islington

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Islington er ein bydel i London. Han grensar mot City of London i sør, Hackney i aust, Camden i vest og Haringey i nord. Bydelen blei oppretta i 1964 ved at Islington og Finsbury blei slått saman.

Det er store sosiale kontrastar i bydelen; omkring 55 % av innbyggjarane bur i bustader eigd av det offentlege, medan det midt blant desse finst hus verdt meir enn tre millionar pund. Islington har eit av dei største bevarte georgianske bustadområda.

Bydelen er kjent for sine restaurantar og butikkar, men i størst grad for Arsenal FC, som har sin heimebane Emirates Stadium i Holloway.

To av dei største fengsla i London, Pentonville og kvinnefengslet Holloway, ligg i Islington.

Stader i Islington[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]