London Borough of Tower Hamlets

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Tower Hamlets er ein bydel i London, aust for City of London og nord for Themsen. Den inkluderer området kjent som East End.

Namnet har vore i bruk i fleire hundre år, då bydanninga i området oppstod som små landsbyar (hamlets) nær Tower of London. Landsbyane måtte ifølgje ein lov frå 1500-talet stille med vaktmannskap til Tower. Bydelen i moderne forstand blei oppretta i 1965 ved at dei tidlegare valkrinsane Bethnal Green, Poplar og Stepney blei slått saman.

Bydelen omfattar store delar av hamneområdet Docklands, inkludert West India Docks og Canary Wharf.

Tower Hamlets er ein av fem bydelar som vil vere vertskap for Sommar-OL 2012.

Stader i Tower Hamlets[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: London Borough of Tower Hamlets