Royal Borough of Kingston upon Thames

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Kingston upon Thames (formelt Royal Borough of Kingston upon Thames) er det eldste av dei kongelege distrikta i England og Wales. Det ligg i eit område som tidlegare høyrde til Surrey, men som nå er ein del av Stor-London.

Årsaka til at det er eit kongeleg distrikt er at sju angelsaksiske kongar blei krona der: Edvard den eldre (900), Athelstan (925), Edmund I (939), Edred (946, Edwy (956), Edvard Martyren (975) og Ethelred den rådville (979).

Distriktet i si noverande form blei oppretta i 1965, ved at det gamle distriktet Kingston upon Thames blei slått saman med Malden and Coombe og Surbiton.

Byar og landsbyar i distriktet[endre | endre wikiteksten]