Lucille av Little Richard

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Lucille
Singel av Little Richard[1]
B-side

«Send Me Some Lovin’»

Språk fransk
Utgjeve Februar 1957
Innspelt 1957
Sjanger Rock and roll
Lengd 2:21
Selskap Specialty
Tekstforfattar Albert Collins
Låtskrivar(ar) Albert Collins, Little Richard
Little Richard[1]-kronologi 
«The Girl Can't Help It»

(1956)

Lucille «Jenny, Jenny»

(1957)


«Lucille» er ein rock and roll-song frå 1957 opphavleg spelt inn av Little Richard. Songen kom ut som singel på Specialty Records i februar 1957. Han gjekk til topps på Billboard R&B-lista og nådde 21. plassen på den amerikanske poplista,[2] og tiandeplassen på den britiske singellista. Songen vart skriven av Albert Collins (må ikkje forvekslast med bluesgitaristen med same namn) og Little Richard. Songen var først berre tilskriven Collins, men Little Richard kjøpte halve songretten medan Collins sat i Louisiana statsfengsel (Angola).

Songen er retta mot ei kvinne, Lucille. Ho har forlate songaren, og han tryglar henne om å koma tilbake, der ho høyrer heime («Lucille, please, come back where you belong»).[3]

Songen var eit frampeik mot den rytmiske kjensla i rockemusiken i 1960-åra på fleire måtar med ei tung basslinje, eit meir langsamt tempo og ein trommerytme med åttandedelsnotar. Songen har òg taktstopp og ingen endringar i harmonien, og han har ein mørkare lyd fordi dei fleste instrumenta er eit lågt register.[4]

Andre versjonar[endre | endre wikiteksten]

Songen har blitt ein rockestandard og spelt inn av mange andre artistar.

Songen er òg framført på spansk av Teen Tops i 1960, på fransk av Johnny Hallyday og Les Copains i 1962, Michel Pagliaro i 1975 og Marie France i 1981, på nederlandsk av Normaal i 1990 og på dansk i 1986 av Bamses venner.

The Beatles-versjonar[endre | endre wikiteksten]

Beatles spelte songen live på BBC to gonger i september 1963 for Pop Go The Beatles #14 og Saturday Club's 5th Birthday Edition.

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Ættermæle[endre | endre wikiteksten]

Songen er rangert på 670. plassen på lista til Dave Marsh i boka The 1001 Greatest Singles Ever Made.[5]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Maury Dean, Rock 'n' Roll Gold Rush: A Singles Un-Cyclopedia (Algora Publishing, 2003), 77.
  2. Jay Warner, On this Day in Black Music History (Hal Leonard Corporation, 2006), 84.
  3. Heile songtekstenMetroLyrics
  4. Michael Campbell & James Brody (2007), Rock and Roll: An Introduction, page 117
  5. Dave Marsh, The Heart of Rock & Soul: The 1001 Greatest Singles Ever Made (Da Capo Press, 1999), 431[daud lenkje].

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]