Bill Haley

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Bill Haley
Bill Haley, 1974, Liége 1.jpg
Bill Haley and His Comets under ein konsert i Liège i Belgia i mai 1974.
Verkeleg namn William John Clifton Haley
Alias Jack Haley, Johnny Clifton, Scott Gregory
Fødd 6. juli 1925
Død 9. november 1981
Sjanger Rock and roll, country, rockabilly
Aktive år 1946 – 1980
Yrke Låtskrivar, musikar, bandleiar
Tilknytt artistar Bill Haley & His Comets, The Down Homers, The Jodimars
Plateselskap Cowboy, Atlantic, Keystone, Center, Holiday, Essex, Decca, Warner Bros. Records, Orfeon, Dimsa, Newtown, Guest Star, Logo, APT, Gone, United Artists, Roulette, Sonet, Buddah, Antic

William John Clifton Haley eller Bill Haley (6. juli 19259. november 1981) var ein av dei første amerikanske rock and roll-artistane. Mange har gjeve han æra for å ha gjort denne sjangeren populær på midten av 1950-åra med gruppa si Bill Haley & His Comets og hitten deira «Rock Around the Clock».

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Haley vart fødd i Highland Park i Michigan og voks opp i Bethel Township i Pennsylvania. Før han døydde oppgav nesten alle kjelder fødselsåret hans som 1927, sidan Haley oppgav seg sjølv for å vere to år yngre enn han var fordi det ville hjelpe platesalet hans i 1950-åra.

Haley vart blind på venstre auge som born på grunn av slurv under ein operasjon. I følgje biografen John Swenson nytta Haley seinare den spesielle hårstilen han hadde for å trekke bort merksemda frå auga. Denne hårstilen vart særs populær på 50-talet.

I 1943 vart Haley med i den første gruppa si, Cousin Lee Band, eit countryband der han spelte gitarist og jodla.[1] I 1946 vart Haley med western swing-bandet Down Homers som Kenny Roberts leia. Same året spelte dei inn nokre singlar som var dei første platene som Haley medverka på. Mellom anna song han på songen «She Taught Me to Yodel». Desse vart først gjeve ut i 2006.

Etter kvart som Haley fekk meir erfaring starta han fleire eigne grupper, mellom anna the Four Aces of Western Swing og the Range Drifters. Med the Four Aces lagde han nokre country-singlar som gjorde det bra seint i 1940-åra for Cowboy Records med han turnerte og starta å jobbe som musikksjef på radiokanalen WPWA[2][3]. Mange av innspelingane hans frå denne tida vart derimot ikkje gjeve ut før etter han var død.

Etter å ha forlate the Four Aces og etter ein kort periode som soloartist under namna Jack Haley og Johnny Clifton, danna Haley ei ny gruppe kalla The Saddlemen i anten 1949 eller 1950. Denne gruppa spelte inn for fleire plateselskap, mellom anna ein singel på Atlantic Records.

Haley fekk kontrakt med Holiday Records i 1951 og starta å endre stilen sin. Han spelte inn «Rocket 88», som Jackie Brenston and His Delta Cats (eigentleg Ike Turner) hadde orginalen av, begge i 1951, og i 1952 spelte han inn «Rock the Joint» som fleire band tidlegare hadde spelt inn, mellom anna Jimmy Preston and His Prestonians. Desse innspelingane vart relativt populære i Pennsylvania-New England-region, og Haley byrja å tru at kombinasjonen av rhythm and blues og country kunne verte ein suksess.

Bill Haley & His Comets[endre | endre wikiteksten]

I 1952 endra The Saddlemen namn til Bill Haley with Haley's Comets (inspirert av ei vanleg feilskriving av Halleys komet), og i 1953, spelte Haley og bandet inn «Crazy Man, Crazy» (skrive av Haley og bassisten hans Marshall Lytle, sjølv om Lytle først fekk kredit for dette i 2001). Dette var kanskje den første rock and roll-songen som gjekk inn på dei amerikanske singellistene. Kort tid etter endra bandet namn til Bill Haley & His Comets.

I 1953 vart songen «Rock Around the Clock» skrive for Haley [4]. Han fekk ikkje spelt inn songen før 12. april 1954. I starten selde singelen relativt dårleg og var berre innom lista ei veke, men Haley fekk like etter ein stor hit over heile verda med sin versjon av Big Joe Turner sin «Shake, Rattle and Roll», som selde over ein million eksemplar og vart den første rock and roll-songen som gjekk inn på salslistene i Europa i desember 1954. Han selde mellom anna til gull i Storbritannia. Haley og bandet hans var viktige fordi dei lanserte musikksjangeren «rock and roll» for eit større (kvitt) publikum etter at stilen i eit par år hadde vore eit undergrunnsfenomen. Då «Rock Around the Clock» vart nytta under opninga av den populære filmen Blackboard Jungle i 1955 med Glenn Ford i ei av rollene, tok salet heilt av og songen låg på toppen av den amerikanske Billboardlista i åtte veker, og starta med det ein musikalsk revolusjon som opna dører for artistar som Elvis Presley.

«Rock Around the Clock» var den første plata som selde over ein million eksemplar i Storbritannia og Tyskland, og i 1957 vart Haley den første store amerikanske artisten som turnerte i Europa. Haley heldt fram å gje ut store hitsinglar utover 1950-talet, som «See You Later, Alligator» og han var medverkande i fleire av dei første rock and roll-filmane, som filmen Rock Around the Clock og Don't Knock the Rock, begge i 1956. Han vart derimot raskt overgått i USA av den yngre og meir tiltrekkande Elvis, men var ei stor stjerne i Latin-Amerika, Mexico og Europa gjennom 1960-talet.

Dei siste åra og ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Haley innrømma at han var alkoholikar i eit radiointerjvu i 1974 og kjempa med dette til langt ut på 70-talet. Han og bandet hans heldt derimot fram med å turnere og vart relativt populær på begge sider av Atlanteren. Han spelte for Dronning Elizabeth II i 1979 og gjorde sine siste konsertar i Sør-Afrika i mai og juni 1980. Før turneen i Sør-Afrika fekk han diagnosen hjernesvulst. Etter kvart måtte han trekke seg tilbake på grunn av sjukdommen og til slutt døydde han i heimen sin i Harlingen i Texas 9. februar 1981.

Haley vart innlemma posthumt i Rock and Roll Hall of Fame i 1987.

Haley sitt originale band, the Comets, frå 1954 og 1955, har framleis turnert rundt om i verda dei siste åra til fulle hus, trass i at fleire av medlemmene er over 80 år. I 2004 gav dei ut ein konsert-DVD

Asteroioden 79896 Billhaley er kalla opp etter Bill Haley.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  • Denne artikkelen bygger på «en:» frå Wikipedia på engelsk, den 13. september 2008.
  • Jim Dawson, Rock Around the Clock: The Record That Started the Rock Revolution! (San Francisco: Backbeat Books, 2005)
  • John W. Haley and John von Hoëlle, Sound and Glory (Wilmington, DE: Dyne-American, 1990)
  • John Swenson, Bill Haley (London: W.H. Allen, 1982)

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]