Deep Purple

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Deep Purple
Deep Purple in 2004.jpg
Deep Purple i 2004.
F.v.: Roger Glover, Ian Paice, Ian Gillan, Don Airey og Steve Morse.
Sjanger Hardrock, heavy metal, psykedelisk rock, bluesrock
Aktive år 1968 - 1976, 1984 til i dag
Tilknytte artistar The Maze, Episode Six, Rainbow, Paice, Ashton & Lord, Whitesnake, Black Sabbath, Gillan & Glover, Hughes Turner Project, Living Loud
Plateselskap Tetragrammaton, Warner Bros., Polydor, BMG, EMI, Edel
Nettstad www.deeppurple.com
Medlemmer
Ian Paice (trommer)
Roger Glover (bass)
Ian Gillan (vokal)
Steve Morse (gitar)
Don Airey (keyboard)
Tidlegare medlemmer
Jon Lord (keyboard)
Ritchie Blackmore (gitar)
Rod Evans (vokal)
Nick Simper (bass)
David Coverdale (vokal)
Glenn Hughes (bass, vokal)
Tommy Bolin (gitar)
Joe Lynn Turner (vokal)
Joe Satriani (gitar)

Deep Purple er eit hardrockband som vart danna i 1968 i Hertford i England i Storbritannia.[1] Gruppa har ved sida av Black Sabbath og Led Zeppelin vorte rekna som pionerar innan hardrock og heavy metal, sjølv om somme bandmedlemmar hevdar at ein ikkje kan kategorisere musikken deira til ein enkelt sjanger.[2][3][4][5] Dei var ein gong oppført i Guinness Rekordbok som «det mest høglydte bandet i verda»[6][7] og har seld over 100 millionar album på verdsbasis, [8][9][10], inkludert 7,5 millionar album i USA.[11]

Deep Purple vart rangert på 22. plass på lista til VH1 over dei største hardrock-artistane gjennom tidene.[12]

Bandet har gått gjennom mange endringar og ein åtte år lang pause (1976–84). Besetningane frå 1968 til 1976 vert ofte kalla Mark I, II, III og IV.[13][14] Den andre og mest suksessrike besetninga var med Ian Gillan (vokal), Roger Glover (bass), Jon Lord (tangentinstrument), Ian Paice (trommer) og Ritchie Blackmore (gitar). Denne besetninga var aktiv frå 1969 til 1973, og igjen frå 1984 til 1989, samt i 1993, før gnissingane mellom Blackmore og dei andre medlemmane vart for store. Den noverande besetninga (med gitarist Steve Morse) har vore mykje meir stabil, sjølv om Lord forlet bandet i 2002 med Paice som einaste gjenverande originalt medlem.

Eitt særdrag ved Deep Purple sin musikk, som skil gruppa frå Led Zeppelin og Black Sabbath, men som går att i seinare hardrock, er påverknaden frå barokkmusikken, uttrykt gjennom lange duellar mellom gitar og orgel. Tydelege døme på dette høyrer ein i låtane «Speed King» frå albumet Deep Purple in Rock, «Highway Star» frå Machine Head og «Burn» frå albumet Burn. Desse sitatteknikkane frå den europeiske kunstmusikken, særskilt barokkmusikkken, fanst i Deep Purple sin musikk allereie på det første albumet, Shades of Deep Purple, frå 1968, til dømes på låten «Mandrake Root». Dette er eit element som knyter gruppa sin musikk til, og viser sambandet med den samtidige progressiv rocken, aktørar som Emerson, Lake & Palmer, Yes og Genesis. Låtane «Smoke on the Water», «Highway Star», «Child In Time», «Black Night», «Perfect Strangers» og «When A Blind Man Cries» er mellom dei mest kjende verka til Deep Purple.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Byrjinga (1967-1968)[endre | endre wikiteksten]

I 1967 kontakta den tidlegare Searchers-trommisen Chris Curtis forretningsmannen Tony Edwards i London, i håp om at han kunne setje i saman eit nytt band, som skulle heite Roundabout. Curtis hadde ein visjon om ei «supergruppe» der bandmedlemmane kom på og gjekk av, som på ein musikalsk karusell (roundabout på engelsk). Edwards likte ideen og gjekk med på å finansiere føretaket i lag med to partnarar: John Coletta og Ron Hire, alle frå Hire-Edwards-Coletta (HEC) Enterprises.[15]

Den første dei hyrte inn var klassisk-opplærte hammondorganisten Jon Lord, som før hadde spelt med The Artwoods (leia av Art Wood, bror til den framtidige Rolling Stones-gitaristen Ronnie Wood, og med Keef Hartley som eit anna medlem).[16] Han vart etterfølgd av gitarist Ritchie Blackmore, som vart overtydd om å vende attende frå Hamburg for å prøvespele for den nye gruppa. Blackmore hadde vorte kjend som ein dugande studiogitarist, og hadde tidlegare vore med i The Outlaws, Screaming Lord Sutch og Neil Christian & The Crusaders. Curtis oppførte seg eksentrisk og vart raskt tvungen ut av prosjektet, men Lord og Blackmore var lystne på å halde fram, og fortsette å rekruttere fleire medlemmar.[17]

På bassgitar foreslo Lord den gamle venen sin Nick Simper, som han hadde spelt i lag med i eit band kalla The Flower Pot Men and their Garden (tidlegare kjend som The Ivy League) i 1967. I tillegg til å vere med i Deep Purple, var Simper òg kjend for å ha vore med i bandet Johnny Kidd and The Pirates og sete i bilen som kræsja då Kidd mista livet. Simper hadde kjend Blackmore sidan tidleg i 1960-åra då det første bandet hans, the Renegades, debuterte kring samstundes med eit av dei tidlegare banda til Blackmore, the Dominators.[18] Bobby Woodman var førstevalet på trommer, men under prøvespelinga for vokalisten i bandet, kom Rod Evans frå the Maze i lag med trommeslagaren sin, Ian Paice. Blackmore hadde sett Paice på turné med the Maze i Tyskland i 1966 og var imponert over den 18 år gamle guten. Medan Woodman gjekk ut for å kjøpe sigarettar, fekk Blackmore Paice til å spele litt, og både Paice og Evans vart hyrt inn i bandet, og besetninga var komplett.[19]

Bandet starta for alvor i mars 1968 ved Deeves Hall, ein landstad i South Mimms i Hertfordshire.[20][21] Bandet budde, skreiv songar og øvde i Deeves Hall, som var fullt utstyrt med dei nyaste Marshall-forsterkarane.[22] Etter ein kort turné i Danmark og Sverige i april, der dei framleis vart kalla Roundabout, foreslo Blackmore eit nytt namn: Deep Purple, kalla opp etter favorittsongen til bestemora hans.[17][22] Dette kom til ved at alle i gruppa måtte foreslå eit namn dei skreiv på ei tavle i øvingslokalet. Nest etter Deep Purple var «Concrete God», som dei tykte vart for valdsamt.[23][24]

Gjennombrot (1968-1970)[endre | endre wikiteksten]

Jon Lord i Hannover i Tyskland i 1970

I mai 1968 flytta bandet inn i Pye Studios i Marble Arch i London for å spele inn debutalbumet Shades of Deep Purple, som kom ut i juli.[25] Gruppa hadde suksess i Nord-Amerika med ein versjon av Joe South sin «Hush», og i oktober 1968 hadde songen nådd 4. plass på Billboard Hot 100 i USA og 2. plass på den kanadiske RPM-lista.[26][27] Same månad varma Deep Purple opp for CreamGoodbye-turneen deira.[26]

Det andre albumet til bandet, The Book of Taliesyn (med ein versjon av Neil Diamond sin «Kentucky Woman»), kom ut i Nord-Amerika samstundes med turneen og nådde 38. plass på Billboard-lista og 21. plass på RPM-lista. Albumet kom ikkje ut i heimlandet før året etter. Tidleg i 1969 spelte Deep Purple inn det tredje albumet sitt, som berre vart heitande Deep Purple. Albumet inneheldt strykarar og blåsarar på eine songen («April»), og syner spor frå føregjengarane til Lord som Bach og Rimskij-Korsakov, og fleire andre inspirasjonskjelder, som Vanilla Fudge. (Lord og Blackmore har til og med hevda at bandet ønskte å vere ein «Vanilla Fudge-klone».)[28] Sidan det ikkje var singelmateriale på albumet, spelte bandet òg inn singelen «Emmaretta», kalla opp etter Emmaretta Marks, som då song i musikalen Hair, som Evans prøvde å forføre. Dette vart den siste innspelinga med originalbesetninga.[29]

Det nordamerikanske plateselskapet til Deep Purple, Tetragrammaton, var no nesten konkurs og utsette produksjonen av albumet Deep Purple til etter den amerikanske turneen i 1969 var ferdig. Dette, i tillegg til dårleg marknadsføring, gjorde at albumet selde dårleg, og nådde aldri Billboard Top 100. Kort tid etter albumet kom ut gjekk Tetragrammaton konkurs og bandet stod utan pengar med ei uviss framtid. Tetragrammaton vart overteken av Warner Bros. Records, som gav ut Deep Purple sine album i USA i 1970-åra. Under den amerikanske turneen i 1969 diskuterte Lord, Blackmore og Paice om å ta bandet i ei tyngre retning. Dei følte at Evans og Simper ikkje ville passe inn med ein tyngre rockestil og begge vart erstatta i løpet av sommaren.[30] Paice sa «me måtte ha ei endring. Om dei ikkje hadde gått hadde bandet gått i oppløysing.»[19]

Bandet leitte etter ein ny vokalist og Blackmore tok kontakt med den 19 år gamle songaren Terry Reid, som året før hadde avslått eit tilbod om å fronte det nydanna Led Zeppelin. Sjølv om han syns tilbodet var «smigrande», var Reid framleis bunden til den eksklusive platekontrakten sin med produsenten Mickie Most og meir interessert i ein solokarriere.[31] Blackmore måtte sjå seg om andre stader. Bandet fekk tak i songaren Ian Gillan frå Episode Six, eit band som hadde gjeve ut fleire singlar i Storbritannia utan å slå skikkeleg gjennom. Gillan hadde ein gong vorte kontakta av Nick Simper då Deep Purple først vart starta, men Gillan skal ha sagt til Simper at han ikkje hadde tru på Roundabout-prosjektet, medan han følte Episode Six kom til å gjere det stort.[32] Six-trommeslagar Mick Underwood – ein gamal ven av Blackmore frå Savages-tida - introduserte bandet til Gillan og bassist Roger Glover. Dette gjorde at Episode Six meir eller mindre vart oppløyst og gav Underwood skuldkjensle det neste tiåret, fram til Gillan tok han med i bandet han starta etter Deep Purple gav seg seint i 1970-åra. Dette skapte Deep Purple Mark II-besetninga, som først gav ut Greenaway-Cook-songen «Hallelujah».[33] Trass i at songen vart framført på fjernsyn i Storbritannia, gjorde songen det dårleg.[33] Blackmore hadde sagt til Record Mirror at dei «trengde ei kommersiell plate i Storbritannia» og skildra songen som ein «noko midt i mellom-sak» mellom det bandet normalt ville spele, men med eit kommersielt motiv.[33]

Bandet fekk publisiteten dei trengde i 1969 med Concerto for Group and Orchestra, eit tre sats langt episk verk av Lord som eit soloprosjekt og framført av bandet i Royal Albert Hall med Royal Philharmonic Orchestra, dirigert av Malcolm Arnold.[26] I lag med Five Bridges av The Nice var dette eit av dei første samarbeida mellom eit rockeband og eit symfoniorkester. Dette konsertalbumet, Concerto for Group and Orchestra, vart det første albumet deira som nådde albumlista i Storbritannia.[34] Gillan og Blackmore var derimot ikkje særskild nøgd med at bandet no var kjend som «gruppa som spelte med orkester» når dei hadde planar om å skape ein mykje strammare, hardrock-stil. Trass i dette skreiv Lord Gemini Suite, eit anna orkester/gruppesamarbeid i same stil, for bandet seint i 1970. Roger Glover har seinare hevda at Jon Lord fungerte som leiaren i bandet i dei tidlege åra.[35]

Toppår (1970-1976)[endre | endre wikiteksten]

Ritchie Blackmore i Hannover i Tyskland 1970

Kort tid etter orkesterutgjevinga starta Deep Purple eit hektisk liv med turnear og plateinnspelingar og tok få pausar dei neste tre åra. Det første studioalbumet deira i denne perioden, kom ut halvvegs i 1970 og var In Rock (eit namn underbygd av det Mount Rushmore-inspirerte biletet på framsida av plateomslaget), som inneheldt då faste konsertsongar som «Speed King», «Into The Fire» og «Child in Time». Bandet gav òg ut singelen «Black Night» som nådde Topp 10-lista i Storbritannia.[36] Samspelet mellom gitaren til Blackmore og det forvrengde orgelet til Lord, i lag med den hylande vokalen til Gillan og rytmeseksjonen Glover og Paice, fall bandet no på plass og drog mot den tyngre stilen dei ønskte, bort frå dei tidlegare albuma sine. I lag med Zeppelin sitt Led Zeppelin II og Sabbath sitt Paranoid forma In Rock heavy metal-sjangeren og korleis denne skulle vere.[3]

Eit nytt album, Fireball, kom ut sommaren 1971. Tittelsporet «Fireball» vart gjeven ut som singel og det same vart «Strange Kind of Woman», som ikkje kom ut på albumet, men som vart spelt inn under dei same innspelingane. Sistnemnde erstatta rettnok «Demon's Eye» på den amerikanske versjonen av albumet.[37]

Berre veker etter Fireball kom ut spelte bandet alt songar for det planlagde neste albumet. Ein song (som vart «Highway Star») vart framført under den første konserten på Fireball-turneen og vart skriven på bussen på veg til ein konsert i Portsmouth. Tre månader seinare, i desember 1971, reiste bandet til Sveits for å spele inn Machine Head. Albumet skulle spelast inn i eit kasino i Montreux ved hjelp av Rolling Stones Mobile Studio, but men ein brann under ein Frank Zappa og Mothers of Invention-konsert, som vart starta då ein mann avfyrte eit signalbluss i taket, gjorde at bygget brann ned. Denne hendinga var inspirasjon for songen «Smoke on the Water». Albumet vart seinare spelt inn i ein korridor i det nærliggande tomme Grand Hotel.[38][39]

Machine Head heldt fram frå dei to førre albuma og har vorte det mest kjende albumet til bandet. Det nådde førsteplassen i Storbritannia og sjuandeplassen i USA, og inneheld songar som vart konsertklassikarar, som «Highway Star», «Space Truckin'», «Lazy» og «Smoke on the Water», som Deep Purple er mest kjend for.[36][40] Deep Purple heldt fram å turnere og spele inn musikk i eit forrykande tempo. Då Machine Head vart spelt inn hadde gruppa berre vore saman i tre og eit halvt år, men det var likevel det sjuande albumet deira. Samstundes gjorde bandet fire turnear i Nord-Amerika i 1972 og ein turne i Japan som førte til det doble konsertalbumet Made in Japan. Opphavleg var dette konsertalbumet berre meint for Japan, men vart gjeven ut verda over og vart ein stor hit. Det er framleis eit av dei mest populære og bestseljande konsertopptaka i rockehistoria.

Ian Gillan og Roger Glover spelar i Hannover i Tyskland i 1970

Den klassiske Deep Purple Mark II-besetninga heldt fram arbeidet og gav ut albumet Who Do We Think We Are (1973), med hitsingelen «Woman from Tokyo». Hardkjøret byrja derimot å gjere seg merkande. På mange måtar hadde bandet vorte offer for sin eigen suksess. Etter suksessen med Machine Head og Made in Japan, i tillegg til Who Do We Think We Are, var dei eit av dei heitaste banda i 1973 i USA.[41][42] Ian Gillan innrømde i 1984 at bandet vart pressa av managementet sitt for å få albumet ut så raskt som mogeleg å dra ut på turne, medan dei i røynda hadde trengt ein pause.[43] Dei dårlege kjenslene førte til at Gillan, etterfølgd av Glover, slutta i bandet etter den andre turneen deira i Japan sommaren 1973 på grunn av usemjer med Blackmore.[44][45][46]

Bandet hyrte først inn bassist og vokalist Glenn Hughes, tidlegare i Trapeze. I følgje Ian Paice hadde Glover fortalt han og Lord at han ønskte å forlate bandet nokre månader før han drog, så dei hadde alt byrja å følgje med på Trapeze-konsertane. Etter dei hadde fått inn Hughes, diskuterte dei om dei skulle halde fram som eit firemannsband, med Hughes på bass og vokal.[47][48] I følgje Hughes vart han overtalt til å bli med i bandet fordi dei skulle ta inn Paul Rodgers frå Free som medvokalist, men no hadde Rodgers alt starta Bad Company.[49] I staden leita dei etter nye vokalistar og tok til slutt inn David Coverdale, ein ukjend songar frå Saltburn i Nordaust-England, hovudsakleg fordi Blackmore likte den maskuline, blues-aktive stemma hans.[48]

Ian Gillan på scenen i Clemson, Sør-Carolina i USA i 1972

Denne nye besetninga heldt fram inn i 1974, og våren turnerte dei i USA med konsertar mellom anna i Madison Square Garden i New York den 13. mars, og Nassau Coliseum fire dagar seinare.[50] Bandet spelte så på den kjende California Jam-festivalen ved Ontario Motor Speedway i California den 6. april 1974. Med over 250 000[51] i publikum, spelte òg rockegigantar som Black Sabbath, Eagles, Emerson, Lake & Palmer, Earth, Wind & Fire, Seals and Crofts, Rare Earth og Black Oak Arkansas på festivalen. Delar av showet vart sendt på fjernsyn på ABC Television i USA og synte bandet for eit breiare publikum. Det første albumet til denne besetninga, Burn, vart ein stor suksess (det andre albumet etter Machine Head, som nådde Topp 10 i USA), og vart etterfølgd av ein ny verdsturné. Tittelsporet «Burn», som opnar albumet, var eit bevisst forsøk av bandet på å slutte seg til progressiv rock-miljøet som var populært på denne tida med band som Yes, ELP, Genesis, Gentle Giant, etc. «Burn» var eit komplekst arrangement der alle i bandet fekk vise seg fram på instrumenta sine, særskild Blackmore med gitar inspirert av klassisk musikk. Albumet inneheldt òg vokalharmoniar av Hughes og Coverdale og element av funk og blues, ein stil som kom enno meir fram seint i 1974 med Stormbringer.[48] Utanom tittelsporet vart fleire av songane på Stormbringer spelte på radio, som «Lady Double Dealer», «The Gypsy» og «Soldier of Fortune.» Blackmore mislikte offentleg albumet og dei funky soulelementa, og kalla det til og med «shoeshine music».[52][53][54] Som følgje av dette forlet han bandet 21. juni 1975 og danna sitt eige band med Ronnie James Dio frå Elf, kalla Ritchie Blackmore's Rainbow, sidan forkorta til Rainbow etter det første albumet.[55]

Utan Blackmore måtte Deep Purple fylle ein av dei største ledige stillingane i rockemusikken. Trass i dette nekta resten av bandet å gje seg, og mange vart overraska då dei annonserte ein erstatning for Blackmore: amerikanaren Tommy Bolin. Det finst minst to versjonar om korleis Bolin kom inn i bandet: Coverdale hevdar at det var han som tok Bolin inn på prøvespeling.[56] «Han kom inn, tynn som ei rive, med håret farga grønt, gult og blått med fjør i. Med seg hadde han denne særs vakre kvinna frå Hawaii i ein hekla kjole utan noko anna under. Han plugga gitaren i forsterkaren og jobben var hans.» I eit intervju som opphavleg vart publisert i Melody Maker i juni 1975 hevda Bolin sjølv at han kom til ei prøvespeling etter å ha vorte anbefalt av Blackmore.[57] Bolin hadde vore medlem av fleire band seint i 1960-åra som Denny & The Triumphs, American Standard, og Zephyr, som gav ut tre album frå 1969 til 1972. Før Deep Purple var dei mest kjende innspelingane til Bolin som studiomusikar på jazzfusionalbumet til Billy Cobham Spectrum frå 1973, og som erstatning for Joe Walsh på to James Gang-album: Bang (1973) og Miami (1974). Han hadde òg spelt med artistar som Dr. John, Albert King, The Good Rats, Moxy og Alphonse Mouzon, og arbeidde på det første soloalbumet sitt, Teaser, då han vart med i Deep Purple.[58]

Det første albumet deira, Come Taste the Band, kom ut i oktober 1975. Trass i blanda kritikk fekk bandet inn ein ny, ekstrem funky stil i hardrocken sin.[59] Bolin hadde stor innverknad, og etter oppfordring frå Hughes og Coverdale, utvikla gitaristen mange av songane. Seinare viste det seg at Bolin hadde store dop-problem, og etter avlyste konsertar og dårlege framføringar var bandet i fare.

Oppløysing og soloprosjekt (1976–1984)[endre | endre wikiteksten]

Slutten kom på ein turné i England den 15. mars 1976 ved Liverpool Empire Theatre.[60] Coverdale skal ha gått av scenen i tårer og levert inn avskjeden sin, og vart fortalt at bandet han slutta i ikkje fanst lenger. Avgjersla om å legge Deep Purple ned vart teken ei stund før den siste konserten av Lord og Paice (dei siste gjenverande originale medlemmane), som ikkje hadde fortalt dette til nokon andre. Oppløysinga vart offentleggjort i juli 1976.[61]

Seinare var Bolin akkurat ferdig med det andre soloalbumet sitt, Private Eyes, då tragedien skjedde den 4. desember 1976.[58] I Miami, under ein turne som oppvarmar for Jeff Beck, vart Bolin funnen medvitslaus av kjærasten. Ho klarte ikkje å vekke han og fekk raskt kontakt med ambulansepersonell, men det var for seint. Den offisielle dødsårsaka var overdose av fleire typar narkotika. Bolin vart berre 25 år gammal.[58]

Etter oppløysinga fekk dei fleste tidlegare og noverande medlemmane av Deep Purple suksess i fleire andre band, som Gillan, Whitesnake og Rainbow. Mange prøvde derimot å få bandet samla att, særleg når hardrocken fekk ein oppsving seint i 1970-åra og tidleg i 1980-åra. I 1980 oppstod ein turnéversjon av bandet med berre Rod Evans som tidlegare medlem av Deep Purple. Dette førte til søksmål frå dei andre medlemmane i bandet om bruken av namnet. Evans tapte saka og måtte betale $672 000 for å ha brukt namnet utan løyve.[62]

Gjenforeining (1984-1994)[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple i Cow Palace i San Francisco i California. 31. januar 1985

I april 1984, åtte år etter at Deep Purple vart oppløyst, vart den «klassiske» besetninga frå tidleg i 1970-åra gjenforeint med Gillan, Lord, Blackmore, Glover og Paice.[63][64] Bandet signerte ein avtale med PolyGram, der Mercury Records gav ut albuma deira i USA, og Polydor Records i Storbritannia og andre land. Albumet Perfect Strangers vart spelt inn i Vermont og kom ut i oktober 1984. Det selde særs godt og nådde 5. plass i Storbritannia[36] og 17. plass på Billboard 200 i USA[65] med singlane og dei faste konsertsongane «Knockin' At Your Back Door» og «Perfect Strangers».[66] Turneen som følgde, starta i Australia, så til Nord-Amerika og så til Europa på sommaren. Turneen vart ein enorm suksess. I USA selde dei meir i 1985 enn nokon annan artist utanom Bruce Springsteen.[67] I Storbritannia spelte bandet ein konsert i Knebworth den 22. juni 1985 (med Scorpions som oppvarmar, i tillegg til UFO og Meat Loaf). Vêret var dårleg med kraftig regn og djup gjørme føre 80 000 tilhengjarar.[68] Konserten vart kalla «Return Of The Knebworth Fayre».[69]

Mark II-besetninga gav så ut The House of Blue Light i 1987, som vart etterfølgd av ein ny verdsturne. Bandet måtte ta ein pause då Blackmore knekte fingeren sin på scenen då han kasta gitaren opp i lufta og prøvde å fange han att. Det vart gjeve ut eit konsertalbum frå turneen, Nobody's Perfect (1988) som vart spelt inn under fleire konsertar. Songane var derimot stort sett basert på den kjende Made in Japan-setlista. I Storbritannia vart ein ny versjon av «Hush» (med Gillan på vokal) gjeven ut for å markere 20-årsjubileet til bandet. I 1989 fekk Gillan sparken då forholdet hans til Blackmore igjen surna og dei musikalske retningane deira vart for forskjellige. Opphavleg hadde bandet tenkt å hente inn frontmann i Survivor, Jimi Jamison, som erstattar for Gillan, men dette mislukkast på grunn av komplikasjonar med plateselskapet til Jamison.[70][71] Til slutt, etter å ha hatt fleire profilerte songarar på prøvespel, som Brian Howe (White Spirit, Ted Nugent, Bad Company), Doug Pinnick (King's X), australske Jimmy Barnes (Cold Chisel) og John Farnham (Little River Band), Terry Brock (Strangeways, Giant) og Norman «Kal» Swann (Tytan, Lion, Bad Moon Rising),[72] vart tidlegare Rainbow-vokalist Joe Lynn Turner rekruttert av bandet. Denne Mark V-besetninga spelte berre inn eitt album, Slaves & Masters (1990) og drog på ein turné. Albumet selde heller dårleg og nådde 87. plass i USA,[73] og tilhengjarar kritiserte albumet for å ikkje vere noko anna enn eit såkalla «Deep Rainbow»-album.

Då turneen var over vart Turner tvungen ut av bandet, då Lord, Paice og Glover (og plateselskapet) ønskte Gillan attende for 25-årsjubileet. Blackmore gav under tvil etter etter å ha bede om og til slutt fått 250 000 dollar på kontoen sin[74]. Den klassiske besetninga spelte inn The Battle Rages On. Men Gillan omarbeidde mange av dei eksisterande songane på albumet. Blackmore vart rasande på det han kalla ikkje-melodiske element. I løpet av ein elles suksessrik europeisk turné, forlet Blackmore bandet i november 1993, denne gongen for godt.[75] Joe Satriani vart henta inn for å fullføre konsertane i Japan i desember og vart verande med bandet på sommarturneen i Europa i 1994. Han vart tilbydd permanent plass i bandet, men på grunn av platekontrakten sin kunne han ikkje dette. Bandet valte så einstemmig Dixie Dregs/Kansas-gitarist Steve Morse som erstattar for Satriani.[76]

Tida med Steve Morse (1994 til i dag)[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple-gitarist Steve Morse, 1999

Morse gav bandet ny giv og i 1996 kom albumet Purpendicular som inneheldt mange forskjellige stilartar. Albumet nådde ikkje Billboard 200 i USA.[73] Mark VII-besetninga gav så ut konsertalbumet Live at The Olympia '96 i 1997. Med ei ny setliste hadde Deep Purple suksess resten av 1990-åra og gav ut albumet Abandon i 1998, etterfølgd av nye turnear. I 1999 klarte Lord, med hjelp av ein nederlandsk tilhengjar, som òg var musikkforskar og komponist, Marco de Goeij, det omhyggelege arbeidet med å gjenskape Concerto for Group and Orchestra etter at det originale partituret hadde gått tapt. Verket vart igjen framført i Royal Albert Hall i september 1999, denne gongen med London Symphony Orchestra dirigert av Paul Mann.[77] Konserten inneheldt òg solosongar frå kvart av medlemmane, samt eit kort set med Deep Purple-songar. Dette vart gjeve ut i 2000 som albumet Live at the Royal Albert Hall.[77] Tidleg i 2001 vart liknande konsertar framførte i Tokyo og gjeven ut som ein del av plateboksen The Soundboard Series.

Trommeslagar Ian Paice (2006)

Dei neste åra turnerte bandet. Gruppa heldt fram til 2002, då det originale medlemmet Lord (som i lag med Paice, var det einaste medlemmet som hadde vore med i alle inkarnasjonane av bandet) annonserte at han kom til å gje seg i bandet for å drive med personlege prosjekt (hovudsakleg orkestermusikk). Lord overlet hammondorgelet sitt til erstattaren. Veteranen Don Airey (Rainbow, Ozzy Osbourne, Black Sabbath, Whitesnake), som hadde hjelpt Deep Purple då Lord fekk ein kneskade i 2001, vart med i bandet. I 2003 gav Deep Purple ut det første studioalbumet sitt på fem år (Bananas) og la ut på ny turné. EMI Records ønskte ikkje å forlenge kontrakten med Deep Purple, kanskje på grunn av dårlegare salstal enn venta. Faktisk selde In Concert with the London Symphony Orchestra meir enn Bananas.[78] Ian Gillan sa, «Platesala har gradvis gått nedover, men folk ser ut til å ville betale mykje for konsertbilettar.»[79] I juli 2005 spelte bandet på Live 8-konserten i Park Place (Barrie i Ontario) og oktober same år gav dei ut albumet Rapture of the Deep. Dette vart etterfølgd av ny turné. Dei to studioalbuma til Mark VIII-besetninga vart produserte av Michael Bradford, som er kjend som rap- og popmusikar.[80]

Deep Purple i London Astoria i 2006

I februar 2007 bad Gillan tilhengjarane la vere å kjøpe konsertalbumet Come Hell or High Water som vart gjeven ut av Sony BMG. Dette var ei innspeling av ein konsert i 1993 på NEC i Birmingham, der Gillan og Ritchie Blackmore nesten ikkje snakka med kvarandre.[75] Innspelingar av denne konserten hadde tidlegare vorte gjeven ut utan motstand frå Gillan eller andre medlemmar i bandet, men han sa: «Det var eit av dei lågaste punktet i livet mitt - i liva våre, faktisk».[75]

I 2012 vart det annonsert om at det er planar om eit nytt Deep Purple-album, produsert av den respekterte produsenten Bob Ezrin.[81]

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Deep Purple er i lag med Led Zeppelin og Black Sabbath rekna som pionerar innan hardrock og heavy metal.[3][5] Gruppa har påverka mange andre band, som Metallica,[82] Queen,[83] Aerosmith,[84] Van Halen,[85] Alice in Chains,[86] Pantera,[87] Bon Jovi,[88] Rush,[89] Motörhead,[90] samt mange New Wave of British Heavy Metal-band som Iron Maiden,[91] Judas Priest,[92] Def Leppard,[93] og tidlege black metal-band som Venom og King Diamond.[94] Iron Maiden-bassist og hovudlåtskrivar Steve Harris, har sagt at «tyngda» til Iron Maiden var inspirert av «Black Sabbath og Deep Purple med litt Zeppelin inni der.»[95] Vokalist i Def Leppard, Joe Elliot, har sagt, «I 1971 var det berre tre band som gjaldt, Led Zeppelin, Black Sabbath og Deep Purple.»[4] Black metal-pioneer King Diamond nemner Deep Purple som «det største bandet som fanst i 1970-åra».[96] I 2000 vart Deep Purple rangert på 22. plass på lista til VH1 over dei 100 største hardrockartistane gjennom tidene.[97]

Så langt (2012) er ikkje Deep Purple vorte innlemma i Rock and Roll Hall of Fame.[98] Toto-gitarist Steve Lukather har sagt om dette: «Dei har sett inn Patti Smith, men ikkje Deep Purple? Kva er den første songen alle lærer å spele? [«Smoke On The Water»]...Og dei er ikkje i Rock and Roll Hall of Fame? ...Rock and Roll Hall of Fame har mista kulheita si med slike openlyse manglar»[99] Tidlegare Guns N' Roses-gitarist Slash uttrykte overrasking og usemje med at Deep Purple ikkje var innlemma: «Lista over folk som ikkje ein gong er nominert er ufatteleg...men mest ufatteleg for meg er Deep Purple. Korleis kan ein la vere å innlemme Deep Purple?».[100][101] Då Metallica-trommis Lars Ulrich vart spurt kven han kunne tenke seg å innlemma gjekk han for Deep Purple.[102]

Medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Noverande besetning i Deep Purple med den russiske presidenten Dmitrij Medvedev i 2011

Tidlegare medlemmar[endre | endre wikiteksten]

Tidslinje[endre | endre wikiteksten]

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Shades of Deep Purple album sleeve notes s. 4–5.
  2. Jeb Wright The Naked Truth: An Exclusive Interview with Deep Purple’s Ian Gillan Classic Rock Revisted
  3. 3,0 3,1 3,2 Wasler, Robert (1993). Running with the Devil: power, gender, and madness in heavy metal p.10. Wesleyan University Press, 1993
  4. 4,0 4,1 Michael Campbell, James Brody (2008) ROCK AND ROLL: AN INTRODUCTION, s.213
  5. 5,0 5,1 Deep Purple Bio by Jason Ankeny & Greg Prato of Allmusic VH1
  6. McWhirter, Ross (1975). Guinness Book of World Records (14 ed.). Sterling Pub. Co.. s. 242. ISBN 978-0-8069-0012-4. 
  7. Jason Ankeny. «Deep Purple». Allmusic. http://www.allmusic.com/artist/deep-purple-p4061/biography. Henta 28. mai 2012. 
  8. «Deep Purple – Rapture Of The Deep». I Like Music article. http://www.ilikemusic.com/rock/Deep_Purple-1587. Henta 28. mai 2012. 
  9. Artist Profile – Deep Purple EMI.
  10. «DEEP PURPLE and Paid, Inc. Launch First VIP Fan Experience Concert Package Sales on www.DeepPurple.org». Paid, Inc.. 17 oktober 2007. http://www.marketwire.com/mw/release.do?id=781817. 
  11. «RIAA Gold & Platinum database». http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?resultpage=1&table=SEARCH_RESULTS&action=&title=&artist=deep%20purple&format=&debutLP=&category=&sex=&releaseDate=&requestNo=&type=&level=&label=&company=&certificationDate=&awardDescription=&catalogNo=&aSex=&rec_id=&charField=&gold=&platinum=&multiPlat=&level2=&certDate=&album=&id=&after=&before=&startMonth=1&endMonth=1&startYear=1958&endYear=2009&sort=Artist&perPage=25. Henta 28. mai 2012. 
  12. The Greatest: 100 Greatest Artists of Hardrock (40–21) at VH1.com.
  13. Deep Purple reviews.
  14. Deep Purple Mark I & Mark II.
  15. Thompson, Dave (2004). Smoke on the Water: The Deep Purple Story. 
  16. Eder, Bruce. The Artwoods Allmusic.
  17. 17,0 17,1 Thompson, Dave. Chris Curtis Biography Allmusic. Henta 28. mai 2012
  18. Thompson, Dave (2004). "Smoke on the Water: The Deep Purple Story" p.5. ECW Press
  19. 19,0 19,1 Welch, Chris. "The Story of Deep Purple." In Deep Purple: HM Photo Book, copyright 1983, Omnibus Press.
  20. Dafydd Rees, Luke Crampton (1999). "Rock stars encyclopedia" p.279. DK Publishing.
  21. Frame, Pete (2000). "Pete Frame's Rocking Around Britain" p.54. Music Sales Group, 2000
  22. 22,0 22,1 Jerry Bloom (2006). Black Knight: Ritchie Blackmore. Omnibus Press 2008. «Blackmore has stated; "It was a song my grandmother used to play on the piano."» 
  23. Rock Formations: Categorical Answers to How Band Names Were Formed p.53. Cidermill Books. Henta 28. mai 2012
  24. Tyler, Kieron On The Roundabout With Deep Purple Henta 28. mai 2012
  25. Thompson, Dave (2004). "Smoke on the Water: The Deep Purple Story" s.41-42. ECW Press. Henta 28. mai 2012
  26. 26,0 26,1 26,2 Miles, Barry (2009) The British Invasion: The Music, the Times, the Era s.264. Sterling Publishing Company, Inc., 2009
  27. The RPM 100: Deep Purple Library and Archives Canada. Henta 28. mai 2012
  28. «Ritchie Blackmore, Interviews». Thehighwaystar.com. http://www.thehighwaystar.com/interviews/blackmore/rb199102xx.html. Henta 28. mai 2012. 
  29. Thompson, Dave (2004). "Smoke on the Water: The Deep Purple Story" p.324. ECW Press
  30. Joel Whitburn (2007). "The Billboard Albums: Includes Every Album That Made the Billboard 200 Liste". p.227. Record Research Inc., 2007
  31. Interview: Singer and guitarist Terry Reid, London, 7 mars 2007, Arkivert frå den opphavlege versjonen den 2008-04-09, http://web.archive.org/web/20080409002343/http://www.independent.co.uk/arts-entertainment/music/features/interview-singer-and-guitarist-terry-reid-455709.html, henta 28. mai 2012 
  32. Anasontzis, George. «Rockpages.gr interview with Nick Simper». Rockpages. http://www.rockpages.gr/detailspage.aspx?id=4459&type=1&lang=EN. Henta 28. mai 2012. 
  33. 33,0 33,1 33,2 Bloom, Jerry (2008). "Black Knight: Ritchie Blackmore" s.128. Omnibus Press, 2008
  34. «Deep Purple UK liste stats». Chartstats.com. Arkivert frå originalen den 2012-07-23. http://archive.is/m1kT. Henta 28. mai 2012. 
  35. «A Highway Star: Deep Purple's Roger Glover Interviewed». The Quietus. 20 januar 2011. http://thequietus.com/articles/05569-deep-purple-interview. 
  36. 36,0 36,1 36,2 Roberts, David (2006). British Hit Singles &-album. London: Guinness World Records Limited
  37. Deep Purple: Fireball Allmusic. Henta 28. mai 2012
  38. (DVD) Classic Albums - Deep Purple - Machine Head, Eagle Rock Entertainment, 2002
  39. Deep Purple release 'Machine Head' BBC. Henta 28. mai 2012
  40. Billboard - Machine Head Allmusic. Henta 28. mai 2012
  41. "Smoke on the Water: The Deep Purple Story". s.154.
  42. «RIAA Gold & Platinum database». http://www.riaa.com/goldandplatinumdata.php?resultpage=1&table=SEARCH_RESULTS&action=&title=&artist=deep%20purple&format=&debutLP=&category=&sex=&releaseDate=&requestNo=&type=&level=&label=&company=&certificationDate=&awardDescription=&catalogNo=&aSex=&rec_id=&charField=&gold=&platinum=&multiPlat=&level2=&certDate=&album=&id=&after=&before=&startMonth=1&endMonth=1&startYear=1958&endYear=2009&sort=Artist&perPage=25. Henta 28. mai 2012. 
  43. Deep Purple: The Interview. Interview picture disc, 1984, Mercury Records.
  44. Peter Buckley (2003). The rough guide to rock s.279. Rough Guides, Henta 28. mai 2012
  45. Mike Clifford, Pete Frame (1992). «The Harmony illustrated encyclopedia of rock» p.41. Harmony Books. Henta 28. mai 2012
  46. Whitburn, Joel (2008). «Joel Whitburn's top pop singles 1955-2006» p.227. Record Research
  47. Liner notes for the 30th anniversary edition of Burn.
  48. 48,0 48,1 48,2 «Van der Lee, Matthijs. ''Burn'' review at». Sputnikmusic.com. 15 oktober 2009. http://www.sputnikmusic.com/album.php?albumid=6690. Henta 28. mai 2012. 
  49. «The Glenn Hughes Interview». Vintage Rock.com. http://www.vintagerock.com/index.php?option=com_content&id=46. Henta 28. mai 2012. 
  50. "Smoke on the Water: The Deep Purple Story". s.158.
  51. «About Me». DonBranker.com. 6 april 1974. http://donbranker.com/?q=node/11. Henta 28. mai 2012. 
  52. "History» track on the «Deep Purple: History and Hits» DVD.
  53. Mike Jefferson (1 april 2009). «Deep Purple - Stormbringer». Coffeerooms on Music. http://www.coffeerooms.com/onmusic/2009/04/deep-purple-stormbringer.html. 
  54. Steven Rosen (1975). «Ritchie Blackmore Interview». Gitar International. http://gitarinternational.com/2010/09/14/ritchie-blackmore-the-rainbow-interview/. 
  55. Dafydd Rees, Luke Crampton (1991). «Rock movers & shakers, Volume 1991, Part 2". p.419. ABC-CLIO, 1991
  56. liner notes in the Deep Purple 4-CD boxed set.
  57. Deep Purple Appreciation Society (28 juni 1975). «1975 Tommy Bolin interview». Deep-purple.net. http://www.deep-purple.net/interviews/tommy-bolin.htm. Henta 28. mai 2012. 
  58. 58,0 58,1 58,2 Nick Talevski (2006). Knocking on Heaven's Door: Rock Obituaries s.42-43. Omnibus Press, 2006
  59. Deep Purple Come Taste the Band: 35th Anniversary Edition Review, – BBC Music
  60. Bloom, Jerry (2008) Black Knight: Ritchie Blackmore p.198. Omnibus Press, Henta 28. mai 2012
  61. Smoke on the Water: The Deep Purple Story p.191. Henta 28. mai 2012
  62. Hartmut Kreckel (1998). «ROD EVANS: The Dark Side of the Music Industry». Captain Beyond website. http://tinpan.fortunecity.com/aprilskies/65/dp1980.html. 
  63. Billboard (18 mai 1985). Deep Purple: 'Surprise Of The Year' Billboard. s.41. Henta 28. mai 2012
  64. Pete Prown, Harvey P. Newquist (1997). Legends of rock gitar: the essential reference of rock's greatest gitarists p.65. Hal Leonard Corporation. Henta 28. mai 2012
  65. Deep Purple Essential Collection – Planet Rock.
  66. Deep Purple: Perfect Strangers Allmusic. Henta 28. mai 2012
  67. «Jon Lord Interview at www.thehighwaystar.com». Thehighwaystar.com. http://www.thehighwaystar.com/interviews/lord/jl19890100.html. Henta 28. mai 2012. 
  68. Knebworth House - Rock Concerts KnebworthHouse.com. Henta 28. mai 2012
  69. Deep Purple - Knebworth 1985 DeepPurple.net. Henta 28. mai 2012
  70. «Interview: Jimi Jamison». aor.nu. http://www.aor.nu/index.php?option=com_content&task=view&id=70&Itemid=108. Henta 28. mai 2012. 
  71. «25 Years of Deep Purple The Battle Rages On...:Interview with Jon Lord». pictured within.com. http://www.picturedwithin.com/interviews/tbro_int.html. Henta 28. mai 2012. 
  72. Dave Thompson (2004). Smoke on the Water: The Deep Purple Story. s. 259. 
  73. 73,0 73,1 «Billboard album listings for Deep Purple». AllMusic.com. http://www.allmusic.com/artist/p4061/charts-awards. 
  74. Ian Gillan Interview on Rockpages.gr.
  75. 75,0 75,1 75,2 Deep Purple live album withdrawn BBC News. Henta 28. mai 2012
  76. Daniel Bukszpan, Ronnie James Dio (2003).The Encyclopedia of Heavy Metal p.56. Barnes & Noble Publishing. Henta 28. mai 2012
  77. 77,0 77,1 Buckley, Peter (2003). The rough guide to rock. p.280. Rough Guides, Henta 28. mai 2012
  78. GARRY SHARPE-YOUNG (10 november 2005), Roger Glover interview, http://web.archive.org/web/20060209140852/http://www.rockdetector.com/interviews/artist,2377.sm?id=70 
  79. Mark Anstead (12 mars 2009), Deep Purple's Ian Gillan talks money, http://www.telegraph.co.uk/finance/personalfinance/fameandfortune/4980681/Deep-Purples-Ian-Gillan-talks-money.html 
  80. Billboard 15 Jun 2002 p.12. Billboard. Henta 28. mai 2012
  81. Nick Soveiko. «New album produsent». The Highway Star. http://www.thehighwaystar.com/news/2012/04/14/new-album-produsent/#comment-54538. Henta 28. mai 2012. 
  82. Erlewine, Stephen Thomas. Metallica AllMusic. Henta 28. mai 2012
  83. Erlewine, Stephen Thomas. Queen Henta 28. mai 2012
  84. Erlewine, Stephen Thomas. Aerosmith AllMusic. Henta 28. mai 2012
  85. Erlewine, Stephen Thomas. Van Halen AllMusic. Henta 28. mai 2012
  86. Erlewine, Stephen Thomas. Alice in Chains AllMusic. Henta 28. mai 2012
  87. Birchmeier, Jason. Pantera AllMusic. Henta 28. mai 2012 26 februar 2012
  88. Erlewine, Stephen Thomas. Bon Jovi AllMusic. Henta 28. mai 2012
  89. Ankeny, Jason. Rush AllMusic. Henta 28. mai 2012 26 februar 2012
  90. Erlewine, Stephen Thomas. Motorhead AllMusic. Henta 28. mai 2012
  91. Erlewine, Stephen Thomas. Iron Maiden AllMusic. Henta 28. mai 2012
  92. Erlewine, Stephen Thomas. Judas Priest AllMusic. Henta 28. mai 2012
  93. Erlewine, Stephen Thomas. Def Leppard AllMusic. Henta 28. mai 2012
  94. «The Complete Biography of King Diamond". p.2. King Diamond's official website. Henta 28. mai 2012 21 mai 2012
  95. IRON MAIDEN Bassist Talks About His Technique And Influences Blabbermouth. Henta 28. mai 2012
  96. «The Complete Biography of King Diamond". s.3. King Diamond's official website. Henta 28. mai 2012
  97. VH1: '100 Greatest Hardrock Artists': 1-50 Rock On The Net. Henta 28. mai 2012
  98. Referansefeil: Ugyldig <ref>-merke; ingen tekst vart gjeven for referansen med namnet Marder
  99. Toto told Jann Wenner to «stick it up his" Future Rock Legends. Henta 28. mai 2012
  100. Jane Stevenson (23. mars 2012). «Slash plays to Canadian Crowd". Toronto Sun. Henta 28. mai 2012
  101. «Slash on Closing the Book on Guns 'N' Roses at the Hall of Fame". Rolling Stone. Henta 28. mai 2012
  102. Metallica Want to Avoid «Drama of a Van Halen» at Rock and Roll Hall of Fame Induction Rolling Stone. Henta 28. mai 2012

Engelsk bibliografi[endre | endre wikiteksten]

  • Deep Purple - The Illustrated Biography, Chris Charlesworth, Omnibus Press, 1983, ISBN 0-7119-0174-0
  • Smoke on the Water: The Deep Purple Story, Dave Thompson, ECW Press, 2004, ISBN 1-55022-618-5
  • The Complete Deep Purple, Michael Heatley, Reynolds & Hearn, 2005, ISBN 1-903111-99-4

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Deep Purple