Ludvig Harboe

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ludvig Harboe

Ludvig Harboe (16. august 170915. juni 1783) var ein dansk historikar og geistleg, biskop i Trondheim stift 1746–48, frå 1757–83 i Sjælland stift.

Foreldra hans var prost Johannes Harboe og Marie, fødd Petersen.

Utdanning og arbeid[endre | endre wikiteksten]

18 år gammal var han send til gymnaset i Hamburg. Sidan studerte han ved universiteta i Rostock, Wittenberg og Jena før han vende heim til Broager for å fullføre dei teologiske studia, før han i 1735 reiste til København.

Frå 1738 gav han i lag med Jacob Langebek ut Dänische Bibliotek oder Sammlung von alten und neuen gelehrten Sachen aus Dännemark. I 1738 vart han prest, først som tysk kapellan ved Garnisonskirken i København.

Frå 1741 til 1745 var han visitatorIsland. Formålet var å skaffe pålitelege opplysningar om dei kykjelege tilhøva på Island, å innføre konfirmasjonen og å ta i bruk Pontoppidans forklaring til Luthers katekisme.

Biskop[endre | endre wikiteksten]

I 1743, medan Harboe var på Island, vart han utnemnd til biskop i Trondheim. Etter å ha blitt vigsla til biskop kom han til Trondheim i 1746. I breva til Kyrkjekollegiet påtalte han mange usømmelege folkeskikkar, og som han aktivt stridde mot. I løpet av dei to åra som biskop, visiterte han det meste av stiftet, heilt opp til Vardøhus.

I 1748 reiste han attende til København og gifta seg der med bispedottera Frederikke Louise Hersleb (1720–1780). Han vart biskopens assistent, og då denne døydde i 1757, vart han utnemnd til ny biskop.

I 1777 fekk Harboe og Ove Høegh-Guldberg i oppdrag å leie arbeidet med å utforme ei ny salmebok. Denne Guldbergs salmebok vart særprega ved at ein tredel av salmane var skrivne av Birgitte Cathrine Boye.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]