Luis Aragonés

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Luis Aragonés.

José Luis Aragonés Suárez (28. juli 19381. februar 2014) var ein spansk fotballspelar og fotballtrenar, også for det spanske herrelandslaget.

Aragonés var aktiv som fotballspelar i 1950-, 60- og 70-åra, lengst i Atletico Madrid. Her spelte han til saman 372 kampar og skåra 172 mål, og han avslutta også karrieren som profesjonell fotballspelar i Atletico Madrid i 1974. Same året tok han over som fotballtrenar for klubben og trente han seinare i fleire periodar, heilt fram til 2003. I mellomtida trente han også ei rekkje andre spanske lag.

I 2004 starta Aragonés som spansk landslagstrenar, ei stilling han hadde i fire år. Han avslutta karrieren med å gjera landslaget til europameistrar under EM i fotball 2008. Etter dette tok han over som trenar for tyrkiske Fenerbahçe frå 2008-2009 før han la opp som trenar.

Kjelde[endre | endre wikiteksten]