Sergio Ramos

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sergio Ramos
Sergio Ramos Euro 2012 vs France 01.jpg
Personleg informasjon
Namn Sergio Ramos García
Fødselsdato 30. mars 1986
Fødestad Camas i Spania
Høgd 183 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Real Madrid
Draktnummer 4
Ungdomsklubb
1996-2004 Spania Sevilla
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2004-05
2005-
Spania Sevilla
Spania Real Madrid
37 (2)
164 (22)
Landslag**
2004
2005-
Spania Spania U21
Spania Spania
6 (0)
67 (5)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 29. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 11. juli 2010.

Sergio Ramos García (fødd 30. mars 1986 i Camas i Andalucía) er ein spansk fotballspelar, som spelar for Real Madrid i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart seriemeister i Spania med Real Madrid i 2007 og 2008. I 2005, då han spelte for Sevilla, vart han kåra til årets nye spelar i La Liga.

26. mars 2005 debuterte han for A-landslaget i ein vennskapskamp mot Kina som 18-åring, og vart dermed den yngste spanske landslagsspelaren på 55 år. Året etter var han med i troppen til fotball-VM i 2006. I fotball-EM i 2008 var han fast på laget då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han også frå start i alle sju kampane då Spania vart verdsmeistrar.