Andrés Iniesta

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Andrés Iniesta
Andres Iniesta Joan Gamper.jpg
Personleg informasjon
Namn Andrés Iniesta Luján
Fødselsdato 11. mai 1984 (30 år)
Fødestad Fuentealbilla i Spania
Høgd 170 cm
Posisjon Midtbane, ving
Klubbinformasjon
Spelar for Barcelona
Draktnummer 8
Ungdomsklubb
1994-96
1996-2001
Spania Albacete
Spania Barcelona
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2002- Spania Barcelona 271 (27)
Landslag**
2003-06
2006-
Spania Spania U21
Spania Spania
18 (6)
43 (6)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 18. mai 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 8. juni 2010.

Andrés Iniesta Luján (fødd 11. mai 1984 i Fuentealbilla i Castilla-La Mancha) er ein spansk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Barcelona i Primera Division og for det spanske landslaget. Han har vunne seks spanske seriemeisterskap med Barcelona (2005, 2006, 2009, 2010, 2011 og 2013), den europeiske Meisterligaen tre gonger (2006, 2009 og 2011) og VM for klubblag to gonger (2009 og 2011. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 27. mai 2006 i ein vennskapskamp mot Russland. I 2008 var han ein viktig spelar då Spania vann fotball-EM.

Det var Iniesta som skåra 1-0-målet som gav Spania sigeren mot Nederland i finalen i VM i fotball 2010 den 11. juli 2010 i Soccer City i Sør-Afrika. Målet kom i andre ekstraomgang, i det 116ande speleminuttet. I 2012 var Iniesta med på å vinna sin tredje store meisterskap då Spania vart europameister igjen, og han vart kåra til beste spelar i turneringa.