Cesc Fàbregas

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Cesc Fàbregas
Fabregas newcastle emirates.jpg
Personleg informasjon
Namn Francesc Fàbregas i Soler
Fødselsdato 4. mai 1987 (27 år)
Fødestad Vilassar de Mar i Spania
Høgd 175 cm [1][2]
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Barcelona
Draktnummer 4
Ungdomsklubb
-1997
1997-2003
2003
Spania Matarò
Spania Barcelona
Flag of England.svg Arsenal
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2003-11
2011-
Flag of England.svg Arsenal
Spania Barcelona
212 (35)
96 (28)
Landslag**
2004-05
2006-
2004-
Spania Spania U21
Spania Spania
Catalonia Catalonia
12 (8)
89 (13)
3 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 17. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 9. mars 2014.

Francesc Fàbregas i Soler (fødd 4. mai 1987 i Vilassar de Mar i Catalonia) er ein spansk fotballspelar, som spelar på midtbanen for Barcelona i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han vart kåra til årets unge spelar i England i 2008. I 2009/10-sesongen var han Arsenal sin toppskårar i Premier League med 15 seriemål. Han vart seriemeister i Spania med Barcelona i 2013 og var med å vinna VM for klubblag med same klubben i 2011. Han debuterte for Spania sitt A-landslag 1. mars 2006 i ein privatlandskamp mot Elfenbeinskysten og vart då den yngste spanske A-landslagsspelaren på 70 år. Under fotball-VM i 2006 spelte han i alle Spania sine fire kampar, to frå start og to som innbytar. Under fotball-EM i 2008 var han mest innbytar, men spelte frå start i finalen mot Tyskland, då Spania vart europameistrar. Då Spania vart verdsmeistrar i 2010, spelte han i fire av kampane, og kom inn som innbytar i finalen mot Nederland. I fotball-EM i 2012 spelte han i alle Spania sine seks kampar då dei igjen vart europameistrar.


  1. http://www.uefa.com/uefasupercup/season=2011/clubs/player=70072/index.html
  2. http://arxiu.gnuine-fcb.com/web/english/futbol/temporada_11-12/plantilla/jugadors/cesc.html