Fernando Torres

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Fernando Torres
TorresChelsea2011.jpg
Personleg informasjon
Namn Fernando José Torres Sanz
Fødselsdato 3. august 1984 (29 år)
Fødestad Fuenlabrada i Spania
Høgd 185 cm
Posisjon Spiss
Klubbinformasjon
Spelar for Chelsea
Draktnummer 9
Ungdomsklubb
1995-2001 Spania Atlético Madrid
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
2001-07
2007-11
2011-
Spania Atlético Madrid
Flag of England.svg Liverpool
Flag of England.svg Chelsea
214 (82)
102 (65)
110 (20)
Landslag**
2002-03
2003-
Spania Spania U21
Spania Spania
10 (3)
107 (37)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 11. mai 2014.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 30. mai 2014.

Fernando José Torres Sanz (fødd 20. mars 1984 i Fuenlabrada i Madrid-regionen) er ein spansk fotballspelar, som spelar i angrep for Chelsea i engelsk Premier League, og det spanske landslaget. Han spelte for Liverpool frå 2007 til 2010 og var toppskåraren deira i Premier League i 2007/08- og 2009/10-sesongen. Med Chelsea har han vore med på vinna FA-cupen (2012), Europaligaen (2013) og den europeiske Meisterligaen (2012). Han debuterte for landslaget 6. september 2003 i ein vennskapskamp mot Portugal. Han tok del i Spania sine troppar til EM og VM i 2004, 2006, 2008, 2010, 2012 og 2014. I 2008 vart han matchvinnar i EM-finalen då Spania vart europameistrar. I fotball-VM i 2010 spelte han i alle Spania sine sju kampar då dei vart verdsmeistrar. I fotball-EM i 2012 spelte han i fem av Spania sine seks kampar då dei igjen vart europameistrar. Han vart delt toppskårar i turneringa, med tre mål. Mellom anna skåra han 3-0-målet i Spania sin 4-0-siger over Italia i EM-finalen.