Carles Puyol

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Carles Puyol
Carles Puyol Joan Gamper-Tr.jpg
Personleg informasjon
Namn Carles Puyol i Saforcada
Fødselsdato 13. april 1978
Fødestad La Pobla de Segur i Spania
Høgd 178 cm
Posisjon Forsvar
Klubbinformasjon
Spelar for Barcelona
Draktnummer 5
Ungdomsklubb
1993-95
1995-97
Spania Pobla de Segur
Spania Barcelona
Klubbar*
År Klubb Kampar (mål)
1997- Spania Barcelona 331 (6)
Landslag**
2000
2000
2000-10
2001-
Spania Spania U21
Spania Spania U23
Spania Spania
Catalonia Catalonia
4 (0)
5 (0)
90 (3)
4 (0)

* Klubbkampar og mål i nasjonal liga  
er sist oppdatert 1. juli 2010.
** Landskampar og mål er
sist oppdatert 12. juli 2010.

Carles Puyol i Saforcada (fødd 13. april 1978 i La Pobla de Segur i Andalucía) er ein spansk fotballspelar, som spelar for Barcelona i spansk Primera Division og for det spanske landslaget. Han har spelt for Barcelona i heile proffkarrieren sin, og vart seriemeister med Barcelona i 2005, 2006, 2009, 2010 og 2011. Han vann òg den europeiske meisterligaen med Barcelona i 2006 og 2009. Puyol debuterte for det spanske A-landslaget 15. november 2000, og har spelt fast for landslaget sidan då. Han var med i Spania sin tropp til alle EM og VM frå 2002 til 2010. I fotball-EM i 2008 spelte han dei fleste kampane då Spania vart europameistrar. Han spelte i alle sju kampane då Spania vart verdsmeistrar i fotball-VM i 2010, og vart matchvinnar i semifinalen mot Tyskland, der han skåra det einaste målet i kampen.