Magellandukkpetrell

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Magellandukkpetrell

Status i verda: LC Livskraftig


Systematikk
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Pelecanoididae
Slekt: Pelecanoides
Art: P. magellani
Vitskapleg namn
Pelecanoides magellani
Mathews, 1912

Magellandukkpetrell (Pelecanoides magellani), ein liten alkeliknande sjøfugl, medlem av dukkpetrellfamilien i den biologiske ordenen stormfuglar. Det ein av fire svært like dukkpetrellar som alle lever på den sørlege halvkula. Denne arten finst rundt kysten av det sørlegaste Sør-Amerika, innanfor både Chile og Argentina.

Magellandukkpetrell er den mest distinktive arten i familien, og den enklaste å identifisere på sjøen. Som andre dukkpetrellar, er det ein kompakt fugl, hovudsakleg svart over og kvit under, og liknar i form og storleik til ein alkekonge. Kroppslengda er ca. 20 cm med vengespenn på 32 cm,[1] og han veg i gjennomsnitt 134 gram.[2] Han er den einaste arten med kvite frynser på vengdekkarane og armsvingfjørene,[3] og har eit skarpt definert andletmønster. Med ein god observasjon på havet kan han derfor skiljast frå slektningane sine. Kjønna er like, men ungane manglar dei kvite kantane på fjørene.

Desse fuglane hekkar i koloniar på øyar. Hoa legg eit kvitt egg i ei hòle i torv eller mjuk jord. Dei er nattaktive i hekkekoloniane. Populasjonen er estimert til 10 000 - 500 000 vaksne individ.[4]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Chester, Sharon R. (2008-07-01). A wildlife guide to Chile: continental Chile, Chilean Antarctica, Easter Island, Juan Fernández Archipelago. Princeton University Press. ISBN 9780691129761. 
  2. BirdLife International (2012) Species factsheet, additional: Pelecanoides magellani. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mai 2012
  3. Blake, Emmet Reid (1977-07-01). Manual of Neotropical Birds: Spheniscidae (penguins) to Laridae (gulls and allies). University of Chicago Press. ISBN 9780226056418. 
  4. BirdLife International (2012) Species factsheet: Pelecanoides magellani. Henta frå http://www.birdlife.org den 12. mai 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]