Dukkpetrellfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dukkpetrellfamilien


Humboldtdukkpetrell Pelecanoides garnotii
Humboldtdukkpetrell Pelecanoides garnotii

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Procellariiformes
Familie: Pelecanoididae

Lacépède1799

Artar

Dukkpetrellar (Pelecanoididae) er ei gruppe av sjøfuglar som saman med albatrossfamilien, stormsvalefamilien og stormfuglfamilien utgjer ordenen stormfuglar, Procellariiformes.

Det er til saman fire artar i denne familien, alle i slekta Pelecanoides. Dei fire artane er mykje like og særs vanskelege og skilje, kjenneteikn er berre små skilnader i farger på fjørdrakta og i nebbkonstruksjonen. Dette er alkefuglliknande, små petrellar som lever på sørlege hav. Likskapen med alkefuglane skuldast konvergent evolusjon, begge familiane beitar under havoverflata, men nokre forskarar har tidlegare ymta om at likskapane kan slektskapar.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Dukkpetrellar er små petrellar som måler mellom 19-23 cm og veg mellom 120-200 gram. Dei fire artane er svært like i utsjånad, og vanskelege å artsfastsetje når dei ligg på sjøen. Dei er best åtskilte av storleiken og på nebbforma. Fjørdrakta skin i svart på oversida og er kvit på undersida. Vengene er korte, spesielt med omsyn til den totale kroppsstorleiken, og blir brukte i eit svært karakteristisk flyging med summande lyd. Denne flyginga går lågt over vatnet, og dukkpetrellar vil flyge gjennom bølgjetoppar utan avvik frå flygeretninga. I vatnet er vengene halvt samanfolda og blir brukte som padleårer for å drive fuglen fram etter bytet.

Jamført med andre stormfuglar, er dukkpetrellane dårlegare flygarar, men betre tilpassa livet på og under havoverflata. To av dei fire artane i familien, humboldtdukkpetrell og magellandukkpetrell, har eit svært avgrensa leveområde, ved kysten av Sør-Amerika, medan dei to andre artane kortnebbdukkpetrell og smalnebbdukkpetrell har eit vidt leveområde i hava i sør, dei hekkar på New Zealand, sub-antarktiske øyar i Det indiske havet og øyar i det Sør-Atlanteren som Tristan da Cunha.

Føda til dukkpetrellane er små krepsdyr, slik som hoppekreps og amphipoda Themisto gaudichaudii. Dei tar òg småfisk og blekksprut. Dei har fleire tilpassingar for å vere gode fiskarar, slik som korte kraftige venger, ein strupepose for lagring av mat, og nasebora har opninga opp heller enn fram som på andre stormfuglar.

Dukkpetrellane er kolonirugarar på øyar. Dei legg eitt kvitt egg i ei hòle i mjuk jord. Dei er nattaktive. Perioden frå klekking til ungane kjem på vatnet er på rundt 45 - 60 dagar, men når ungane er komne ut på havet kan dei klare seg på eige hand.

To artar i dukkpetrellfamilien er blant dei mest talrike i verda, kortnebbdukkpetrell og smalnebbdukkpetrell har fleire millionar par kvar. Humboldtdukkpetrellen derimot er trua av guanoutvinning, introduserte artar og klimaendringar, og er oppført som ein truga art.

Dei fire artane er rekkjefølgje etter Clementslista versjon 6.6 frå august 2011[1] med norske namn etter Norske navn på verdens fugler.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Clements, J. F., T. S. Schulenberg, M. J. Iliff, B.L. Sullivan, and C. L. Wood (august 2011) (Excel spreadsheet), The Clements checklist of birds of the world: Version 6.6, Cornell Lab of Ornithology, http://www.birds.cornell.edu/clementschecklist/Clements%20Checklist%206.6.xls/view, henta 7. januar 2012 
  2. Syvertsen, P. O., Ree, V., Hansen, O. B., Syvertsen, Ø., Bergan, M., Kvam, H., Viker, M. & Axelsen, T. 2008. Virksomheten til Norsk navnekomité for fugl (NNKF) 1990-2008. Norske navn på verdens fugler. Norsk Ornitologisk Forening sin nettstad (publisert 22.5.2008)