Maldiskusjon:Dugnad desember 2008

Sideinnhaldet er ikkje støtta på andre språk.
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

Eg er blitt veldig statistikkfokusert. Etter statistikken er det mange tema som er populære, nettsider og datarelaterte ting mellom dei. Det er skarp konkurranse. Store land, eksotiske turistområde, land i fokus på dagsrevyen, skulefysikk, språk, OL og litt-på-kanten-&-fjortis tema. Problemet vårt når det gjeld datarelaterte ting er kor spiresmå akkurat desse artiklane er, samtidig som dei er forholdsvis populære.


Dei mest besøkte nettrelaterte artiklane i august, lista frå mest treff til færrast:

Blogg med 1 238 treff (Weblogg?), YouTube, nettstad, Internett, Bill Gates, W3C, nettlesar, e-post, Hypertext Transfer Protocol, HTML, Datamaskin, Programvare, Microsoft, IP-adresse, Dataspel, MySpace, Google, Internet Relay Chat, Spel, Nettlesaren Opera, Facebook, File Transfer Protocol og Internet Protocol med 240 treff.

Alle er veldig korte og mellom dei 500 artiklane med mest treff den månaden. Det er mogeleg vi har ei feilkjelde om nokon redigerte på noko, men denne lista gjev oss ein peikepinn. Mitt forslag er då å velje ut eitt par artiklar for å få dei gode og feite.


Andre artiklar som har ein del treff, men ikkje like mykje, er Internet Explorer, Personleg datamaskin, Simple Network Management Protocol, Amazon.com, PDA, Google Earth, Internett-protokollfamilien og fleire. Tastaturoppsett er derimot ein fine artikkel, med mykje innhald. So og for ASCII, men der har den engelske versjonen gullstjerne.--Krekling 16. november 2008 kl. 21:50 (CET)[svar]

Dette ser ut som ein fokusert dugnad med eit godt mål i siktet. Kanskje me kan gjera det til ei tevling mellom artiklane du nemner, satsa alt me har og sjå kva for ein som blir best? --Ranveig 16. november 2008 kl. 23:23 (CET)[svar]
Korleis ville ein konkurranse gå føre seg? Vi ville kanskje vere tent med å velje ut eit undertema. Å fokusere på substantiv (blogg og datamaskin), særnamn (YouTube og Microsoft) eller teknologi (IP og IRC). Gjer vi det slik kan vi fordele dugnaden i tre stykkjer og ta igjen to av undertema til ein seinare gong. (I mellomtida tek vi noko meir gøy?) Forresten har eg oversett nettby, RSS og gaysir. --Krekling 17. november 2008 kl. 05:24 (CET)[svar]
Om eg får omformulere forslaget. Utvide datarelaterte artiklar om kjende personar, selskap, program og nettsider. Tips kan vere å sjå kva artiklar som er godt besøkte. Ønskjer: Google, Bill Gates og MySpace. Norske ønskje: Nettby, Gaysir og Nettlesaren Opera. Er dette greit formulert? --Krekling 1. desember 2008 kl. 18:40 (CET)[svar]
Ja! Legg det inn med malen no. --Ranveig 1. desember 2008 kl. 19:18 (CET)[svar]