Marc Charig

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Mark Charig (fødd 22. februar 1944 i London) er ein britisk trompetist og kornettist.

Han var særleg aktiv seint i 1960- og tidleg i 1970-åra og spelte i fleire forskjellige grupper, som bandet til Long John Baldry, Bluesology, Soft Machine og bandet til Keith Tippett og hans Centipede. Charig spelte òg på fleire album av King Crimson, særleg ein lengre solo på tittelsporet på Islands og tittelsporet på Lizard.

I midten av 1970-åra turnerte han med Red Brass, der Annie Lennox var songar. Han spelte òg med Brotherhood of Breath og Mike Osborne, samt at han gav ut sitt eige Pipedream .

Han er medlem av London Jazz Composers Orchestra. Han bur i dag i Tyskland og er medlem i Conduction Orchestra der.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]