Ric Sanders

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Ric Sanders
Ric-Sanders.jpg
Sanders spelar fele den 14. august 2004
Foto: Brian Marks
Verkeleg namn Richard Sanders
Fødd 8. desember 1952, Birmingham i Warwickshire
Instrument Fiolin
violectra
elektrisk- og MIDI-fiolin
mandolin
ukulele
Sjanger Engelsk folkemusikk
Folkrock
Jazz
Jazzfusion
Aktive år 1972 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Fairport Convention
Soft Machine
John Etheridge
Gordon Giltrap
The Albion Band
Plateselskap Varrick/Rounder Records, Woodworm Records, Green Linnet Records, Matty Grooves Records, Rough Trade Records, Talking Elephant Records
Nettstad [http://The Ric Sanders Group The Ric Sanders Group]

Richard 'Ric' Sanders (fødd 8. desember 1952) er ein britisk fiolinist som har spelt i jazzrock, folkrock, elektrisk folk og folkemusikkgrupper, som Soft Machine og Fairport Convention.[1][2]

Sanders starta som profesjonell musikar sommaren 1972 då han turnerte med rockeperkusjonisten Stomu Yamash'ta's Red Buddha Theater. Han spelte seinare med jazzpianistane Johnny Patrick og Michael Garrick. Seint i 1970-åra turnerte han ei kort stund som medlem av jazzrockgruppa Soft Machine og ein liten periode i The Albion Band. I 1981 var han med å starta eit platestudio, Morgreen Studios, som heldt han aktiv i eit par år. I 1984 gjekk han inn i Fairport Convention og spelte inn det første albumet sitt med dei, Gladys' Leap, året etter.[3] Sidan 2002 har han i tillegg som medlem av Fairport og arbeidd med sin eigen trio, Ric Sanders Group, i lag med Vo Fletcher på gitar og Michael Gregory på trommer og perkusjon.

Andre artistar[endre | endre wikiteksten]

I løpet av åra har Sanders arbeidd med følgjande artistar: Rick Wakeman, Dave Cousins frå Strawbs, Jethro Tull, Robert Plant, Roy Harper, Gary Brooker frå Procol Harum, Pentangle, Gordon Giltrap, Andrew Cronshaw, June Tabor, Martin Simpson, Charlie Landsborough, All About Eve, The Mission, Fred Thelonious Baker og John Etheridge (gitarist med Soft Machine og Stéphane Grappelli) som han leia gruppa 2nd Vision med[1][2].

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Solo[endre | endre wikiteksten]

  • Whenever (1984)
  • Neither Time Or Distance (1991)
  • Still Waters (2008)

I grupper[endre | endre wikiteksten]

Samarbeid og gjestespelingar[endre | endre wikiteksten]

  • Andrew Cronshaw: Wade in the Flood (1978)
  • Gordon Giltrap: Peacock Party (1979)
  • Mick Stevens: The Englishman (1979)
  • Martin Simpson: Special Agent (1981)
  • Pete York: String Time in New York (1983)
  • English Air: English Air (1983)
  • Loudon Wainwright III: I'm Alright (1984)
  • Phenomena: Phenomena (1985)
  • English Air: The Space Inbetween (1985)
  • Mark Geronimo: London Moon & Barnyard Remedy (1986)
  • Jethro Tull: Crest of a Knave (1986)
  • Andrew Cronshaw: Till the Beasts' Returning (1987)
  • Gordon Giltrap: A Midnight Clear (1987)
  • Simon Nicol: Before Your Time... (1987)
  • The Bodhi-Beat Poets: White Light (1987)
  • June Tabor: Aqaba (1988)
  • All About Eve: All About Eve (1988)
  • Gerry Rafferty: North and South (1988)
  • Andrew Cronshaw: The Andrew Cronshaw CD (1989)
  • All About Eve: Scarlet and Other Stories (1989)
  • Gordon Giltrap: One To One (1989)
  • Ashley Hutchings: Songs from the Shows (1990)
  • The Mission: Masque (1992)
  • Andrew Cronshaw: The Language of Snakes (1993)
  • Martin Barre: A Trick of Memory (1994)
  • Ashley Hutchings: The Guv'nor's Big Birthday Bash (1995)
  • Judy Dunlop & Ashley Hutchings: Sway with Me (1996)
  • The Albion Band: Live at the Cambridge Folk Festival (1996)
  • Roy Harper: The Dream Society (1998)
  • Jerry Donahue: Telecasting Recast (1999)
  • Richard Greene & Beryl Marriott: Hands Across the Pond (2001)
  • Rick Wakeman and Dave Cousins: Hummingbird (2002)
  • Rainbow Chasers: Fortune Never Sleeps (2006)
  • Durbervilles: Alternative Route to All Destinations (2007)
  • Akvarium: Losjad' Belaya (White Horse) (2008)
  • Tiny Tin Lady: Ridiculous Bohemia (2008)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]