Daevid Allen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Daevid Allen
Gong-Zappa-Tel-Aviv-2009-10-31-13.jpg
Daevid Allen, 2009
Alias Divided Alien, Bert Camembert, Dingo Virgin, Ja Am
Fødd 13. januar 1938
Melbourne, Australia
Instrument Gitar
Sjanger Progressiv rock, psykedelisk rock
Aktive år 1960 til i dag
Yrke Musikar, låtskrivar
Tilknytte artistar Gong, Soft Machine, Kevin Ayers
Nettstad universityoferrors.com

Daevid Allen (fødd Christopher David Allen13. januar 1938), stundom kalla Divided Alien, er ein australsk diktar, gitarist, songar, låtskrivar og musikar som var med på å starte banda Soft Machine (i Storbritannia i 1966) og Gong (i Frankrike i 1970).[1][2]

Biografi[endre | endre wikiteksten]

I 1960, inspirert av Beat-generasjonen han hadde oppdaga då han arbeidde i ein bokhandlar i Melbourne, reiste Allen til Paris der han budde på Beat Hotel på rommet som Allen Ginsberg og Peter Orlovsky nyleg hadde hatt. Han selde International Herald Tribune rundt Le Chat qui Peche og Latinkvarteret, då han møtte Terry Riley og fekk fri tilgang til jazzklubbar i området. Etter å ha møtt William S. Burroughs, og inspirert av filosofien til Sun Ra, danna han frijazzbandet Daevid Allen Trio, og spelte på teaterstykka til Burroughs basert på romanen The Ticket That Exploded.

Allen reiste til England, og leigde eit rom i Canterbury der han møtte sonen til verten, den 16 år gamle Robert Wyatt. I lag med Kevin Ayers og Mike Ratledge starta dei Soft Machine, kalla opp etter Burroughs-romanen The Soft Machine. Ayers og Wyatt hadde tidlegare spelt i Wilde Flowers.

Etter ein Europa-turne fekk ikkje Allen løyve til å reise attende til Storbritannia fordi han hadde halde seg over visumperioden hans under førre vitjing. Han reiste attende til Paris der han tok del i opprøra i Paris i 1968. Han gav teddybjørnar til politiet og las dikt. Han innrømde sidan at han vart håna av dei andre opprørarane fordi han var ein beatnik.

Han flykta frå politiet og kom seg til Deya,-durca, med partnaren Gilli Smyth. Det var her han spelte inn Magick Brother (1969), det første albumet under namnet Gong. Dei fekk med seg fløytespelaren Didier Malherbe, som dei hevda dei fann i ei grotte på eigedommen til Robert Graves.

I 1970 spelte Allen inn det første soloalbumet sitt, Banana Moon (stundom skriven Bananamoon). På albumet har han med seg mellom andre Robert Wyatt.

I 1971 gav Gong ut Camembert Electrique. Dei danna eit slags anarkistisk miljø på landsbygda i Frankrike mellom 1972 og 1974. I 1972 fekk dei med seg den elektroniske musikaren Tim Blake og seinare, etter å ha signert kontrakt med Virgin Records, Steve Hillage og Pierre Moerlen for albumet Radio Gnome Trilogy som bestod av Flying Teapot, Angel's Egg og You.

David Allen, 1974

Allen forlet denne inkarnasjonen av Gong og spelte inn tre soloalbum, Good Morning (1976), Now Is The Happiest Time Of Your Life (1977) og N'existe pas! (1979).

I løpet av desse åra levde Allen i eit hippiekollektiv i landsbyen Deià (Mallorca) og medverka til produksjonen av boka Book of Am, albumet til eit band kalla Can Am Des Puig.

I 1977 spelte han som Planet Gong, og spelte ein enkelt konsert med Gong i Hippodrome i Paris. Delar av konserten (som var fleire timar lang) vart gjeven ut som dobbelplata Gong Est Mort? Vive Gong.

I 1980 slo Allen seg saman med Bill Laswell for det punk-aktige New York Gong. Dei gav ut albumet About Time. Fleire prosjekt følgde, mellom anna Invisible Opera Company Of Tibet, Brainville, Ex (ikkje det nederlandske punkbandet The Ex) og Magic Brothers.

I 1981 reiste Allen attende til Australia og slo seg ned i Byron Bay der han arbeidde med performance-stykke og dikt. Han arbeidde med performanceartisten David Tolley med bandsløyfer og trommemaskinar. Han held for tida på med eit prosjekt kalla you'N'gong (eit ordspel på uttrykket «Young Gong») med sonen Orlando, og medlemmar av Acid Mothers Temple (samarbeidet vert kalla Acid Mothers Gong), samt improvisasjonsbandet Guru And Zero.

I mange år no har Daevid Allen vore medlem av University of Errors, som har gjeve ut fire album, og i jazzrockbandet Brainville 3. Han har òg arbeidd med Spirits Burning, ei spacerock-supergruppe med Alan Davey, Bridget Wishart, Karl E. H. Seigfried og Simon House. Noko av det mest eksperimentelle arbeidet til Daevid Allen har vore med støybandet Big City Orchestra.

I november 2006 vart ein Gong Family Unconvention halde i Amsterdam, der mange av dei tidlegare Gong-medlemmane vart gjenforeint. Fleire Gong-konsertar vart halde i London i juni 2008. I november 2007 spelte Allen ei rekkje konsertar i Brasil, med medlemmar frå Gong. Dei kalla seg då Daevid Allen and Gong Global Family

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

  • 1963 Live 1963 (Daevid Allen Trio)
  • 1971 Banana Moon
  • 1973 BMO Vol.16 : Gong on Acid 73(w/Gong)
  • 1976 Good Morning (w/Euterpe)
  • 1977 Now Is the Happiest Time of Your Life
  • 1977 BMO Vol 1: Studio Rehearsal Tapes 1977 (w/Euterpe)
  • 1978 Mother - Gilli Smyth
  • 1979 N'existe pas!
  • 1980 BMO Vol 9: Divided Alien Playbax
  • 1980 BMO Vol 8: Divided Alien Playbax
  • 198- BMO Vol 3: Self Initiation
  • 1982 Ex/Don't Stop (med David Tolley)
  • 1981 Divided Alien Playbax 80
  • 1984 BMO Vol.14 : Radio Art 1984
  • 1988 Live Spring '88: The Return
  • 1989 The Owl and the Tree (Mother Gong)
  • 1990 Stroking the Tail of the Bird (med Gilli Smyth & Harry Williamson)
  • 1990 Australia Aquaria
  • 1990 Seven Drones (VoicePrint)
  • 1990 The Australian Years (VoicePrint)
  • 1990 BMO Vol 10: Melbourne Studio Tapes (med Invisible Opera Company of Oz)
  • 1992 Who's Afraid (med Kramer)
  • 1992 Live at the Witchwood 1991 (Magick Brothers)
  • 1993 12 Selves
  • 1995 Hit Men (med Kramer)
  • 1995 Dreamin' a Dream
  • 1995 BMO Vol 4: Bards of Byron Bay (med Russell Hibbs)
  • 1998 Eat Me Baby I'm a Jellybean
  • 1998 22 Meanings (med Harry Williamson)
  • 1998 BMO Vol.11 : Live in Glastonbury Town (med Magick Brothers)
  • 1998 BMO Vol.15 : Solo @ The Axiom, Cheltenham '98
  • 1999 BMO Vol 2: Live in the UK (med Brainville)
  • 1999 The Children's Crusade (Brainville)
  • 2001 Sacred Geometry (med Micro Cosmic)
  • 2001 Nectans Glen (med Russell Hibbs)
  • 2002 BMO Vol.17 : Beauty the Basket Case (med Guru and Zero)
  • 2004 Makoto Mango (med Guru & Zero)
  • 2004 BMO Vol.13 : Altered States of Alien KWISP (med Altered Walter Funk)
  • 2005 Sacred Geometry II (med Micro Cosmic)
  •  ? BMO Vol 6: Live @ the Knit NYC (med Nicoletta Stephanz)
  •  ? BMO Vol.12 : Glissando Grooves(med Don Falcone)
  •  ? BMO Vol.7 : The Mystery Disque (med das)

University of Errors

  • 1999 Money Doesn't Make It
  • 2000 e2x10=tenure
  • 2000 BMO Vol 5: Live in Chicago
  • 2001 Live at Schuba's 2001
  • 2002 Ugly Music For Monica
  • 2002 Go Forth and Errorize! Live in the USA

Bibliografi[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Mal:Gong