Marie Anne de La Trémoille

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Portrett av ei kvinne, truleg Marie Anne de La Trémoille (1670). Tillagt René Antoine Houasse.

Marie Anne de La Trémoille (16425. desember 1722), kjend gjennom tittelen princesse des Ursins, var ei politisk aktiv spansk hoffdame av fransk opphav. Ho hadde ei sterk maktstilling og stor politisk innverknad ved det spanske hoffet under førstedelen av regjeringstida til Filip V av Spania, frå 1701 til 1714, under den spanske arvefølgjekrigen. Marie Anne de La Trémoille var førstehoffdame for den første dronninga til Filip V, Maria Lovisa av Savoia. Etter at Maria Lovisa døydde og kongen gifta seg opp att med Elisabet Farnese mista Marie Anne de La Trémoille posisjonen sin og blei forvist frå Spania.

Bakgrunn[endre | endre wikiteksten]

Marie Anne de La Trémoille var dotter av Louis II de La Trémoille, hertug av Noirmoutier, og kona Renée Julie Aubri, dotter av Jean Aubery de Tilleport.

Ho blei gift for første gong som femtenåring, i 1659, med prins Adrien Blaise de Talleyrand-Chalais. Paret måtte forlata Frankrike etter at han hadde delteke i ein forboden duell med døydeleg utgang for ein av deltakarane. Prinsen gjekk i teneste for den spanske kongen og blei teken til fange i Portugal. I tida medan ho prøvde å få han frigjeven heldt Marie Anne til i Madrid og lærte seg spansk språk og skikkar. Etter at prins Adrien blei frigjeven reiste paret til Roma, men han døydde kort tid etter. Enkja fann seg til rette i Roma der ho knytte fleire kontaktar, mellom anna med kardinalen av d'Estrées, som var ambassadør for den franske kongen. Det var han som ordna det neste ekteskapet hennar, i 1675. Den 22 år eldre Flavio Orsini var overhovud for den mektige Orsini-familien, prins av Nerola og hertug av Bracciano, og ein ønska å knytta han nærare til den franske sfæren. Ekteparet budde tidvis på kvart sitt hald, med Marie Anne busett i fleire år i Frankrike, med opphald i Paris og Versailles. Ho heldt også eit lite hoff i Roma, og vitja Napoli og Torino.

Overhoffdame[endre | endre wikiteksten]

Flavio Orsini døydde i 1698, og etterlét Marie Anne barnlaus og med stor gjeld. Enkja måtte selja hertugdømet Bracciano og kunne ikkje lenger bruka hertuginnetittelen. Ho byrja i staden kalla seg princesse des Ursins, ei franskifisering av «Orsino». Kong Ludvig XIV gav henne ein hoffpensjon som reflekterte at ho hadde verka for franske interesser i ei årrekkje. I 1701 la ho fram seg sjølv som eit godt val til å følgja Maria Lovisa av Savoia, den framtidige spanske dronninga, til Spania. Ho kunne godtakast både av Spania og Fankrike ettersom den avdøde ektemannen hennar også hadde vore spansk adelsmann, samstundes som ho hadde franske røter. Kjennskapen til spansk språk og skikkar var også viktig.

Ved det spanske hoffet blei prinsessa av Ursins overhoffdame (Camarera mayor de Palacio) i 1702, og fekk sterk innverknad på den trettenårige Maria Lovisa og den tilbaketrekte, usikre spanske kongen, Filip V. Ho blei kalla den mektigaste personen i Spania.

Etter at Maria Lovisa døydde i 1714 hjelpte prinsessa av Ursins til med å arrangera eit nytt ekteskap for kongen, med Elisabeth Farnese av Parma. Prinsessa hadde truleg venta å kunne styra henne på same måte som med den føre dronninga, men blei håna allereie då den ho møtte brura ved grensa, og blei deretter forsvist frå Spania. Ho var no heller ikkje velkomen ved det franske hoffet, og slo seg atter ned i Roma der ho ei tid hadde ei framtredande stilling i krinsen rundt den britiske tronkrevjaren James Francis Edward Stuart. Då ho døydde blei ho æra som prinsesse og gravlagd i grava til Orsini-familien i Laterankyrkja.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Marie Anne de La Trémoille

Kjelder[endre | endre wikiteksten]