Bjartmar Gjerde
Bjartmar Alv Gjerde (6. november 1931–28. november 2009) var ein norsk politikar frå Arbeidarpartiet. Han vart fødd på Larsnes i Sande på Sunnmøre.
Bjartmar Gjerde hadde ikkje formell utdanning ut over folkeskulen. 16 år gammal byrja han som journalist i Sunnmøre Arbeideravis. Seinare var han i mange år redaktør i AUF si avis Fritt slag, før han vart leiar for Arbeidernes Ungdomsfylking (AUF) frå 1958 til 1961. Han vart sjefssekretær i Arbeidernes Opplysningsforbund (AOF) frå 1963, ei stilling han hadde til 1980. Frå 1971 hadde han stort sett permisjon, for å vere statsråd i fleire regjeringar:
Han var statsråd for Kyrkje- og undervisingsdepartementet i Trygve Bratteli si første regjering frå 17. mars 1971 til 18. oktober 1972 og i Trygve Bratteli si andre regjering frå 16. oktober 1973 til 15. januar 1976. Han hadde deretter to statsrådpostar i Odvar Nordli si regjering. Først i Industridepartementet frå 15. januar 1976 til 11. januar 1978, og deretter var han den første statsråden i det nyoppretta Olje- og energidepartementet frå 11. januar 1978 til 3. oktober 1980.
Han var kringkastingssjef i NRK frå 1981 til 1989. Frå 1989 til 1994 var han arbeidsdirektør.
Kjelder [endre]
- Jens Stoltenberg: «Småbrukersønnen som ble samfunnsbygger», minneord i Arbeiderpartiets medlemsavis Sammen, nr 10 - desember 2009.
- Regjeringen.no sitt register over statsrådar, vitja 4. januar 2010
- Bjartmar Gjerde hos Stortinget.no
.
| Norske kyrkje- og undervisningsministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Kaare Fostervoll (1945-48) · Lars Moen (1948-53) · Birger Bergersen (1953-60) · Helge Sivertsen (1960–63) · Olaf Kortner (1963) · Helge Sivertsen (1963-65) · Kjell Bondevik (1965-71) · Bjartmar Gjerde (1971-72) · Anton Skulberg (1972-73) · Bjartmar Gjerde (1973-76) · Kjølv Egeland (1976-79) · Einar Førde (1979-81) · Lars Roar Langslet/Tore Austad (1981-82) · Kjell Magne Bondevik (1983-86) · Kirsti Kolle Grøndahl (1986-88) · Mary Kvidal (1988-89) · Einar Steensnæs (1989-90) |
| AUF-leiarar etter 1945 | |
|---|---|
| Trygve Bratteli (1945–46) · Rolf Åkervik (1946–49) · Frank Andersen (1949–52) · Ivar Mathisen (1952–55) · Reidar Hirsti (1955–58) · Bjartmar Gjerde (1958–61) · Reiulf Steen (1961–64) · Ola Teigen (1964–69) · Hans Raastad (1969–71) · Bjørn Tore Godal (1971–73) · Rune Gerhardsen (1973–75) · Sissel Rønbeck (1975–77) · Thorbjørn Jagland (1977–81) · Egil Knudsen (1981–85) · Jens Stoltenberg (1985–89) · Turid Birkeland (1989–92) · Trond Giske (1992–96) · Anniken Huitfeldt (1996–2000) · Eva Kristin Hansen (2000–02) · Gry Larsen (2002–06) · Martin Henriksen (2006–10) · Eskil Pedersen (2010–) |