Muscat
Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
| مسقط (Masqat) | |||
|---|---|---|---|
|
|||
| Styresmakter | |||
| Land Guvernement |
Oman Muscat |
||
| Geografi | |||
Muscat er hovudstaden i Oman. Han ligg ved Omanbukta mellom Persiabukta og Det arabiske havet. Det er 689 000 innbyggjarar i hovudstadsdistriktet (2003).
Muscat er hamneby og handelssenter. Han har ein internasjonal flyplass og noko industri. Universitetet i Muscat opna i 1986. Byen har òg eit naturhistorisk museum, militærmuseum og tre fort frå 1500-talet. Ein bymur på sør- og vestsida blei bygd i 1625. Resten av byen vender mot kysten eller mot fjella.
Byen er tredelt, i gamlebyen, hamnekvarteret Muttrah og meir moderne Ruwi. Muttrah har omfattande handelsaktivitet. I Ruwi finn ein turistfasilitetar og Sultan Qaboos-moskeen som stod ferdig i 2001.
Muscat blei okkupert av portugisarar i 1508 og av persarar i 1648.
Bakgrunnsstoff [endre]
Kjelder [endre]
- Store norske leksikon, snl.no, «Muscat»
- Old Muscat ved omantourism.gov.om