Nicolas de Condorcet

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nicolas de Condorcet

Marie Jean Antoine Nicolas de Caritat, marquis de Condorcet (fødd 17. september 1743 i Ribemont i Aisne, død 28. mars 1794 i Bourg-l'Égalité (Bourg-la-Reine)), var ein fransk filosof, matematikar og tidleg statsvitar, som blant anna utvikla Condorcet-metoden. Han gjorde seg til talsmann for ein fri marknadsøkonomi, gratis offentleg utdanning, konstitusjonalisme og likestilling mellom kjønn og etnisitetar. Ideane hans og forfattarskapen var djupt planta i fridoms- og fornuftstenkinga i opplysningstida.

Liv[endre | endre wikiteksten]

Condorcet vart fødd i Ribemont i Aisne, og nedstamma frå Caritat-slekta, som tok namn frå heimbyen sin Condorcet i Dauphiné. Faren døydde tidleg, og han vart oppdrege av den djupt religiøse mora si. Han fekk utdanninga si ved fakultetet til jesuittane i Reims og ved Collège de Navarre i Paris, der han hurtig viste sine intellektuelle evner, og kor han fekk dei første offentlege utmerkingane sine i matematikk. Seksten år gammal fekk han heider av Alexis Clairault og Jean le Rond d'Alembert, som snart vart læraren hans.

Frå 1765 til 1774 konsentrerte han seg om naturvitskap. I 1765 gav han ut sitt første matematiske verk, Essai sur le calcul intégral, som vart godt motteke, og vart grunnlaget for hans karrière som vel respektert matematikar. Han utgav med tida mange fleire artiklar, og 25. februar 1769 vart han valt inn i Det kongelege vitskapsakademiet (Académie royale des Sciences).

I 1772 utgav han ein artikkel om integralrekning som vart kjent som eit banebrytande verk innan fleire område. Like etter stifta han kjennskap med økonomen Jacques Turgot, som vart venen hans. Turgot vart administrator under Ludvig XV i 1772 og Contrôleur général des finance (tilsv. finansminister) under Ludvig XVI i 1774.

Condorcet fekk internasjonal heider og arbeidde med kjende vitskapsmenn som Leonhard Euler og Benjamin Franklin. Han vart æresmedlem av fleire utanlandske akademi og selskap, som Det kongelege vitskapsakademiet i Sverige (Kungliga Vetenskapsakademien, 1785), såvel som i Tyskland, Russland og USA.

Politisk karrière[endre | endre wikiteksten]

I 1774 vart Condorcet utnemnt av Turgot til generalinspektør ved Monnaie de Paris (den kongelege mynten). Frå no av konsentrerte Condorcet seg meir om filosofiske og politiske spurnader enn dei reint matematiske. I dei følgjande åra forsvarte han menneskerettar, og særleg kvinner sine og svarte menneske sine rettar (d.v.s. ved å kjempe mot slaveriet i koloniane). Han var ein tilhengar av ideala som låg til grunn for dei nyleg uavhengige Sambandsstatane, og foreslo vidtrekkande (og naudsynte) politiske, administrative og økonomiske reformer i Frankrike.

I 1776 fekk Turgot avskjed som finansminister, og Condorcet søkte avskjed som generalinspektør ved Monnaie, men denne vart avslått, og han fortsette i stillinga til 1791. Han fortsette å motta høgthengande utmerkingar; i 1777 vart han permanent sekretær ved Académie des Sciences, og i 1782 vart han sekretær ved Academie Française. Condorcet skreiv i 1786 Turgots biografi, Vie de M Turgot, som roste han og dei økonomiske teoriane hans.

Condorcets paradoks[endre | endre wikiteksten]

I 1785 skreiv Condorcet ein Artikkel om bruken av analyse på sannsynet i fleirtalsavgjersler, som er eit av dei viktigaste verka hans. Her kom han fram til fleire viktige resultat, blant dei juryteoremet, som seier at dersom kvart enkelt medlem av ei gruppe er meir tilbøyeleg enn ikkje til å treffe den riktige avgjersla, aukar sjansane for at eit fleirtal av gruppa røystar for det riktige alternativet sidan mengda medlemmar av gruppa blir auka. Her skreiv han òg om det som har vorte heitande Condorcets paradoks, nemleg at fleirtalet sine stemmepreferansar er intransitive når det finst tre eller fleire alternativ, d.v.s. at fleire alternativ kan få fleirtal i same avstemming.

Artikkelen innehalde òg skisser til det som no blir kalla Condorcets metode, som blir brukt for å simulere parvise avstemmingar i eit val. Han var motstandar av Jean-Charles de Borda sin metode, som går ut på at veljarane rangerer kandidatane slik dei føretrekker, før kandidatane blir tildelt poeng etter kva for ei plassering dei fekk på den einskilde stemmesetelen. Condorcet var ein av dei første til å nytte matematikk systematisk i samfunnsvitskapane.

Andre verk[endre | endre wikiteksten]

I 1786 arbeidde Condorcet med differensial- og integralrekning, der han blant anna handsama infinitesimalar, men dette verket vart aldri utgjeve. I 1789 utgav han Vie de Voltaire, der han støtta denne i hans kyrkjemotstand. I 1798 skreiv Thomas Malthus den kjende avhandlinga si om befolkningsprinsippet, delvis som eit svar til Condorcets syn på samfunnet sitt perfeksjonerbarheit. I 1781 skreiv Condorcet pamfletten Tankar om negerslaveriet, der han fordømde slaveriet.

Revolusjonen[endre | endre wikiteksten]

Deputert[endre | endre wikiteksten]

Condorcet hadde innleiingsvis ei leiande rolle då revolusjonen braut ut i 1789. Han håpte på ein rasjonell og liberal omstrukturering av samfunnet, og vart i 1791 valt inn i nasjonalforsamlinga for Paris; her vart han valt til sekretær. Han fekk forsamlinga si tilslutning til modellen sin for den offentlege skulen, og han skreiv eit utkast til ein bourbonsk konstitusjon for det nye Frankrike. Han tok til ordet for røysterett for kvinner i fleire artiklar.

Sjølv om han var partilaus, vart Condorcet forbunde med girondinarane, for han hadde mange vener blant dei, og dei hadde fleirtal i Nasjonalforsamlinga medan han leia ho. Han leia konstitusjonskomiteen som utarbeidde det girondinske konstitusjonsprosjektet, som inneheldt ein menneskerettsserklæring og ei framstilling av dei prinsipielle grunnlaga til konstitusjonen, omfram sjølve konstitusjonen. Då montagnardane under Robespierre i 1793 tok makta i Nasjonalkonventet, som hadde erstatta Nasjonalforsamlinga, skreiv dei sin eigen konstitusjon. Condorcet var av prinsipp motstandar av dødsstraff, og ynskte difor ikkje kongen avretta, sjølv om han meinte han burde stillast for retten. Då Marie-Jean Hérault de Séchelles, eit anna medlem av konstitusjonskomiteen, skreiv eit utkast som vart kalla ein Montagnard-konstitusjon, reagerte Condorcet med skarp kritikk, og vart skulda for forræderi. 3. oktober 1793 vart han beordra arrestert.

Arrestasjon og død[endre | endre wikiteksten]

Dei påfølgjande månadene heldt Condorcet seg skjult hos Mme. Verna i Ru Servandoni i Paris. Her skreiv han Esquisse d'un tableau historique des progrès de l-en'esprit humain (Skisse til eit historisk oversyn over framstega til menneskeanda), som vart utgjeve etter han døydde i 1795, og som blir rekna som ein av dei viktigaste verka i opplysningstida og historietenkinga. Det framstiller historia som forteljinga om framstega til vitskapen, tett knytt til utviklinga innan lov og rett, og skisserer korleis eit framtidig samfunn kan organiserast fullt rasjonelt innanfor vitskaplege rammer.

25. mars 1794 forlét Condorcet gøymestaden sin og freista å rømme frå Paris. To dagar seinare vart han arrestert i Clamart og fengsla i Bourg-l'Égalité (Bourg-la-Reine). Nye to dagar seinare vart han funnen død i cella si. Truleg gjorde han sjølvmord med gift smugla inn til han, men det kan òg ha dreidd seg om mord, sidan ein gjerne ville unngå offentleg avretting av ein så populær mann.

I 1989 vart Condorcet symbolsk gravlagd, 200 år etter revolusjonen. Leivningane hans forsvann på 1800-talet.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]