Nidar

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Nidar AS er eit norsk føretak som produserer og distribuerer godteri, og er ein del av Orkla ASA. Det blei grunnlagt i 1912 og har fabrikk i Trondheim. Føretaket er den leiande distributøren av søtsaker på den norske marknaden, med ei omsetjing på 1165 mill NOK i 2007 og rundt 560 arbeidarar. I oktober 2008 hadde Nidar ein del av marknaden på 33,1 % i Noreg.[1]

Soge[endre | endre wikiteksten]

Det er to nøkkelpersonar knytte til grunnlegginga av Nidar; Emil Nilssen og Hans Bell. Nilssen hadde tidlegare vore representant for sal hjå sjokoladefabrikken Freia i Oslo, og ville i 1912 skipa ein sjokoladefabrikk i Trondheim. Med hjelp frå aksjemeklaren Hans Bell, klarte Nilssen å vekkje interesse for planane sine, og skaffa ein aksjekapital på 100 000 kroner for å byggja ein fabrikk. Den 2. mai 1912 stifta Emil Nilssen og Hans Bell ein sjokoladefabrikk under namnet Munken Chokoladefabrik A/ S. Det viste seg snart at eit anna føretak heitte Munken, og namnet på fabrikken blei av den grunn endra til Nidar Chokoladefabrik A/ S, oppkalla etter det norrøne bynamnet Nidaros. Nilssen og Bell var nøydde til å byggja føretaket frå grunnen av. Nye, moderne fabrikklokale blei bygde i Ulstadløkkveien på bydelen Lade i Trondheim, og desse blei utstyrt med dei mest avanserte maskinene i dåtida. Maskinene blei importerte frå Tyskland.

Første verdskrig: 1914 – 1918[endre | endre wikiteksten]

I mai 1915 blei sjokoladeproduksjonen sett i verk for første gong. Utanom framstillinga av sjokolademassen var produksjonen i hovudsak gjort for hand. Gullbrød var ei merkevare som dukka opp det første året, og som framleis finst i sal i dag. Trass problema med råvareimport som 1. verdskrig førte med seg, viste det seg at tidspunktet var gunstig for å skipa ein sjokoladefabrikk. Sjokolade var i ferd med å bli eit daglegdags produkt, og etterspørsla auka sterkt. Den økonomiske oppgangen auka kjøpekrafta til folket. Krigen førte også til redusert import, noko som var ein fordel for den innlandske produksjonen i Noreg.

Mellomkrigstida: 1919 – 1939[endre | endre wikiteksten]

Oppgangen og optimismen som prega verdsøkonomien dei første åra etter 1. verdskrig naut også Nidar godt av, som opplevde god vekst i desse åra. Frå 1918 til 1920 blei omsetjingsvolumet auka frå 300 til 1 200 tonn. I 1921 blei høgkonjunkturen etter verdskrigen avløyst av ei djup økonomisk verdskrise, og som eit av mange tiltak mot dette skattla staten etesjokolade med 33% og kokesjokolade med 10 %. Dette førte til at 1920-åra blei ein tung periode for Nidar. I 1930-åra blei fleire nye produkt lanserte, derimellom Stratos, Cuba og Sfinx

Andre verdskrig: 1940 – 1945[endre | endre wikiteksten]

Framgangen Nidar hadde note gjennom 1930-åra fekk ein brå stans då Noreg blei okkupert den 9. april 1940 under 2. verdskrig. Innførsla av råvarer gjekk i stå, og lagera minka. Sjokolade blei eit rasjoneringsprodukt, og skatten på sjokolade auka til 60 %. I 1942 blei administrasjonen i Nidar nazifisert etter ordre frå Nasjonal Samling, og sjokoladeproduksjonen stoppa heilt opp året etter. Då sjokoladeproduksjonen hadde stagnert, byrja Nidar å lage nye produkt av andre, meir tilgjengelege råvarer som gulrøter og potetar. Av dette blei det mellom anna laga gulrotmarmelade og kakao-te.

Etterkrigstida: 1946 – 1950[endre | endre wikiteksten]

Etter krigen var tida inne for atterreising og nybygging. Resepten hjå Arbeidarpartiregjeringa på den tida var planmessig styring og detaljert regulering av måten ressursane skulle bli ordna på. Dette hadde til følgje at sjokoladerasjoneringa frå okkupasjonsåra halde fram. Etesjokoladen blei tilgjengeleg for fritt sal i april 1950, medan kakao og kokesjokolade kunne seljast fritt først i desember året etter. Skatten på sjokolade blei auka stegvis dei første åra etter krigen, og han nådde ein topp i 1950 på 150 %. Dette var ei medverkande årsak til at Nidar halde fram med, og utvida, produksjonen av hushaldsprodukta som blei til under okkupasjonen. Pariserserien, med mellom anna suppeposar, essensar og sausar blei ei viktig inntektskjelde i ei tid der det var vandt om råvarene, høge prisar på sukker og kakao pluss ei stadig høgare sjokoladeavgift.

Etter kvart som råvarene blei tilgjengelege, byrja produksjonen og utvalet på merkevarer å auka jamt. Utvalet blei likevel ikkje like breitt som i mellomkrigstida; i 1939 produserte Nidar 230 ulike slag sjokolade medan det i 1950 berre blei produsert 41.

Moderne tid: 1960 – i dag[endre | endre wikiteksten]

1960-åra var ein god periode for Nidar. Årsomsetjinga auka i denne perioden frå rundt 20 til over 80 millionar kroner. I 1970 fusjonerte Nidar med Lorentz Erbe & Søn A/ S, i 1975 kjøpte føretaket Kielland A/ S og i 1980 fusjonerte Nidar igjen, denne gongen med Bergene A/ S. Desse samanslåingane førte til kortvarige skifte av firmanamnet, som Nidar Erbe og Nidar Bergene. Fleire oppkjøp frå Nidar si side kom i etterkant, av høvesvis Joker-Is A/ S, Dahls A/ S og Gimsøy Kloster A/ S. Dette gjorde at produktspekteret auka kraftig. I 1987 blei Nidar kjøpt opp sjølv av Nora A/ S, og i 1992 blei det gjort til ein del av Orkla -konsernet.

Ved tusenårsskiftet gjekk Nidar forbi Freia i totalt godterisal for første gong. [2]

Merkevarer[endre | endre wikiteksten]

Her er eit utval av dei mest kjente merkevarene til Nidar, med fødselsår i parentes.[3]

  • Gullbrød (1915)
  • Julemarsipan (1915)
  • Mokkabønner (1917)
  • IFA (1930)
  • Smørbukk (1935)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fakta om Nidar www.nidar.no
  2. Nidars historiehefte PDF-artikkel frå www.nidar.no
  3. Nidars merkevarer www.nidar.no

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]