Nikolai Prebensen

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nikolai Prebensen

Nikolai Christian Grove Prebensen (13. april 185024. mai 1938) var ein norsk embetsmann, politikar og diplomat. Jacob Christian Prebensen var bror hans.

Prebensen var frå Risør, der far hans dreiv handel i stor stil. Han vart student i 1868 og tok juridisk embetseksamen i 1873. Sidan studerte han språk i halvtanna år i Frankrike og England, før han i eit par år var kompanjong i faren si forretning i Risør. I 1876 byrja han som kopist i kyrkjedepartementet, medan han dei fire åra 1877-81 var fullmektig hos sorenskrivar Ferdinand Roll i Romsdal. Deretter arbeidde han vidare som kopist i justisdepartementet fram til 1887. Han var så politimeister i Vardø i to år, i 1889 vart han amtmann i Finnmarkens amt. I 1896 overtok amtmannsembetet i Nedenes amt. Til sist var han 1906-17 norsk minister i St. Petersburg.

Prebensen var ordførar i Vadsø 1892-94. Han var stortingsrepresentant for byane i Finnmark 1892-94 og for Arendal og Grimstad 1904-06. I den fyrste stortingsbolken var han medlem av militærkomiteen, medan han i den siste bolken var president i Odelstinget og formann i protokollkomiteen. I 1905 var Prebensen formann i spesialkomitéen som skulle førebu opprettinga av eit eige norsk konsulatvesen, og kom dermed til å spele ei framskoten rolle under unionsoppløysinga. 29. mars 1906 gjekk han ut av Stortinget for å overta ministerposten i St. Petersburg. Han var medlem av Høgre.

Elles var Prebensen i 1892 medlem av Finnmarkskommisjonen, og formann i i kommisjonen til utgreiing av ulike spørsmål vedkomande utanriksstellet. Også medlem av departementale komitear om fattiglova i 1896, og formannskapslova 1897.

Prebensen vart tildelt 7. juni-medaljen.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]