No Little Boy

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
No Little Boy
Studioalbum av John Martyn
Utgjeve Juli 1993
Studio The Wool Hall, A.I.R. Studios (London) og The Astoria (London), Chicago Recording Company i Chicago og Johnny Yuma Recording i Los Angeles
Sjanger Folk/blues
Lengd 1:04:50
Selskap Permanent (UK), Mesa Records (USA)
Produsent Jim Tullio, Matt Butler
John Martyn-kronologi 
Couldn't Love You More
(1992)
No Little Boy And.
(1996)


No Little Boy er det 18. studioalbumet til den skotske musikaren John Martyn. Det kom ut i juli 1993 på Permanent Records. Albumet var ei ferdig og forbetra utgåve av det førre albumet hans, Couldn't Love You More, som var blitt gjeven ut utan at Martyn gav løyve til det. Somme av songane frå det førre albumet var fjerna og andre songar vart lagt til. Innspelingane av songane var dei same, men dei fleste var miksa noko annleis. Martyn var ikkje nøgd med Couldn't Love You More og omarbeidde albumet i lag med Jim Tullio.

Fire av songane på dette albumet var ikkje med på Couldn't Love You More, «Don't Want to Know», ein funky versjon av «Just Now» med Levon Helm, ein jazzversjon av «Sunday's Child» og «Bless the Weather». Desse vart produserte av Jim Tulio og spelte inn i Chicago Recording Company i Chicago og Johnny Yuma Recording i Los Angeles. Det hadde vore planar om at Bonnie Raitt skulle delta på prosjektet, men dette vart ikkje noko av.[1]

Phil Collins song på fleire av songane og fortalte i The Guardian (15. november 2002) at No Little Boy var eit av favorittalbuma hans: «Det er vanskeleg å spele songar med berre to eller tre akkordar sidan du er heilt avhengig av atmosfæren du skapar med songane, men han klarar det. Han er heilt unik og han lagar ein nesten lat stil, samstundes som han veit nøyaktig kva som trengs.»[1]

Phil Collins syng vokal med Martyn på «Sweet Little Mystery», «Could've Been Me» og «Ways to Cry». David Gilmour spelar gitar på «Could've Been Me», «One World» og «Ways to Cry». Gerry Conway spelar trommer på heile albumet.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av John Martyn, utanom der andre er nemnde.

Nr.TittelFørste utgjevingLengd
1.«Solid Air»Solid Air, 19736:43
3.«Could've Been Me»Well Kept Secret, 19824:20
4.«Don't Want to Know»Solid Air, 19734:29
5.«Just Now»Bless the Weather, 19714:07
6.«One Day Without You»Sunday's Child, 19754:33
7.«Sweet Little Mystery»Grace and Danger, 19804:14
8.«Sunday's Child»Solid Air, 19736:12
9.«Head and Heart»Bless the Weather, 19714:03
10.«Fine Lines»Inside Out, 19733:58
11.«Bless the Weather»Bless the Weather, 19714:43
12.«Man in the Station»Solid Air, 19734:07
13.«One World»One World, 19776:26

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

  • John Martyn - vokal, elektrisk gitar
  • Alan Thomson - bass (spor 1-3, 6-7, 9-10, 13)
  • John Giblin - bass (spor 4, 8, 11)
  • Tony Brown - bass (spor 5)
  • Gerry Conway - trommer (spor 1-3, 6-7, 9-10, 13)
  • Peter Erskine - trommer (spor 4, 8)
  • Wayne Stewart - trommer (spor 5, 11)
  • Levon Helm - trommer (spor ), harmonivokal (spor 5)
  • Spencer Cozens - klaverinstrument (spor 1-3, 6-7, 9-10, 13)
  • Bob Ranz - klaverinstrument, piano (spor 3, 9, 11)
  • Pat Leonard - piano, synth (spor 4, 8)
  • Chris Cameron - orgel, clavinet, synthesizer (spor 5, 8, 11)
  • Fred Nelson - synthesizer (spor 5), pianosolo (spor 11)
  • Phil Collins - vokal (spor 2, 3 7)
  • Alan Darby - gitar (spor 2, 6-7)
  • David Gilmour - gitar (spor 2, 3, 13)
  • Bill Ruppert - gitar (spor 5, 9, 11)
  • Andy Sheppard - saksofon (spor 1, 8, 13)
  • Gerry Underwood - saksofon (spor 3, 6)
  • Mark Ohlsen - trompet (spor 8)
  • Bobby Lewis - valthorn (spor 10)
  • Jim Tulio - perkusjon (spor 1), akustisk gitar (spor 9)
  • Miles Bould - perkusjon (spor 1, 3, 6-7, 9-10, 13)
  • Joe Pusateri - perkusjon (spor 4, 8)
  • Mark Walker - perkusjon (spor 5, 11)
  • Paul Lani - perkusjon (spor 9)
  • Cheryl Wilson - korvokal (spor 1, 3, 7, 9, 12), bratsj (spor 11)
  • Rene Stewart - korvokal (spor 1, 3, 7, 9, 12)
  • Shaun Christopher - korvokal (spor 3, 7, 9, 12)
  • Bazil Meade - korvokal (spor 6)
  • Jordan Bailey - korvokal (spor 6)
  • Samantha Smith - korvokal (spor 6)
Teknisk
  • Produsentar: Jim Tullio, Matt Butler
  • Lydteknikarar: Matt Butler, Geoff Foster, Lachlan Mitchell, Greg Sangster (London), Guss Mossler, Jim Tullio, Stefon Taylor, Doug McBride (Chicago), Paul Lani, Marc Moreau (Los Angeles)
  • Kunstnarisk leiar og design: Michelle Laurençot
  • Fotografi: Anton Corbijn (1978)

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 No Little Boy - Big Muff