John Martyn

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
John Martyn
JohnMartyn1978.jpg
John Martyn, 1978
Verkeleg namn Iain David McGeachy
Fødd 11. september 1948
New Malden, Surrey i England
Død 29. januar 2009
Instrument Vokal, gitar
Sjanger Folkemusikk
Aktive år 1965–2008
Yrke Singer-songwriter, gitarist
Plateselskap Island
Nettside www.johnmartyn.com

John Martyn, eigentleg Iain David McGeachy, (fødd 11. september 1948 i New Malden, Surrey i England[1], død 29. januar 2009) var ein britisk visesongar og gitarist. I gjennom førti år som artist har han gjeve ut over tjue album og arbeida med artistar som Eric Clapton, David Gilmour og Phil Collins.

Biografi[endre | endre wikiteksten]

Tidlege år[endre | endre wikiteksten]

Martyn vart fødd i New Malden, Surrey i England. Foreldra var begge operasongarar og dei skilde seg då Martyn var fem år gammal. Store delar av barndomen flytta han derfor fram og tilbake mellom England og Skottland og mykje av tida var han hos bestemora. I Glasgow gjekk han på Shawlands Academy.

1960-åra[endre | endre wikiteksten]

John Martyn lære å spele gitar hos Hamish Imlach og starta den profesjonelle karrieren sin då han var sytten. Han spelte ei blanding av blues og folkemusikk som førte til ein unik stil som gjorde han til ein viktig musikar i folkemusikkmiljøet i London på midten av 1960-talet. Han signerte for Chris Blackwell og Island Records i 1967 og gav ut det første albumet sitt, London Conversation, året etter.

Like etter det første albumet kom The Tumbler der han flytta lydbilete mot jazz. Ved inngangen til 1970 hadde Martyn utvikla ein original og særeigen lyd der han spelte akustisk gitar gjennom ein fuzzbox, fasekompensator og Echoplex. Dette lydbilete synte seg først på albumet Stormbringer! i 1970, som han spelte inn med den dåverande kona si Beverley Kutner. Ho medverkar òg på albumet The Road to Ruin i 1970.

1970-åra[endre | endre wikiteksten]

"Solid Air", 1978

I 1971 kom albumet Bless the Weather og i 1973 gav Martyn ut Solid Air, eit album som har vorte rangert som eit av dei beste britiske albuma i 1970-åra[2]. Tittelsporet er ein hyllest til visesongaren Nick Drake, ein nær ven som var på same plateselskap og som døydde i 1974 etter ein overdose på antidepressiva. På begge desse albuma samarbeidde Martyn med jazzbassisten Danny Thompson, som han skulle arbeide mykje med i åra som kom. Han utvikla òg ein ny, utydeleg og nesten snøvlete vokalstil med klang som kan minne om ein tenorsaksofon.

Solid Air vart ein kommersiell suksess og Martyn spelte raskt inn det meir eksperimentelle Inside Out. Albumet var mindre tilgjengeleg og la meir vekt på kjensler og improvisasjon enn songstruktur. I 1974 kom albumet Sunday's Child og september året etter kom konsertalbumet Live at Leeds. Martyn klarte ikkje overbevise Island Records om å gje ut dette albumet, så Martyn enda opp med å selje signerte eksemplar og sende dei med posten på eiga hand. Live at Leeds er med Danny Thompson på bass og John Stevens på trommer og er kjend for både lydkvalitet og for det særs stillferdige publikummet til å vere ei konsertinnspeling. Etter Live at Leeds tok Martyn nokre år fri og reiste til Jamaica, der han var mykje med den kjende reggaeprodusenten Lee «Scratch» Perry.

I 1977 gav han ut One World, som gjorde at enkelte journalistar i seinare år har skildra Martyn som «Triphoppens far». Albumet inneheld songar som «Small Hours» og «Bigg Muff» og var eit samarbeid med Lee «Scratch» Perry. One World er mellom anna kjend for at delar av plata vart spelt inn utandørs på nattetid for å få den rette stemninga.

1980-åra[endre | endre wikiteksten]

John og Beverley Martyn gjekk frå kvarandre mot slutten av 1970-åra og Martyn gjekk inn i det han sjølv har kalla ein særs mørk periode av livet sitt. [3].

I oktober 1980 kom albumet Grace and Danger og det vart halde tilbake av Chris Blackwell på Island Records i eitt år. Han var ein nær ven av både John og Beverely Martyn og tykte det var for forstyrra til å at det kunne verte gjeve ut. Først etter langvarig press frå Martyn valde Blackweel å gje ut albumet. Seint på 1980-talet omtalte Martyn albumet som favorittalbumet sitt og sa at det var særs sjølvbiografisk.[3]

Phil Collins spelte trommer og kora på Grace and Danger og produserte det neste albumet til Martyn, Glorious Fool i 1981.

Martyn forlet Island Records i 1981 og sidan den gong har mykje av innspelingane hans vore nyinnspelingar av både sine eigne og andre sine songar.

Nyare tid[endre | endre wikiteksten]

I 2001 medverka Martyn på sporet «Deliver Me» av DJ Sister Bliss frå Faithless.

John Martyn i Dublin, 2006

I juli 2006 vart den intime dokumentaren Johnny Too Bad sendt på BBC.[4] Programmet omhandla perioden då Martyn måtte amputere høgre foten under kneet (på grunn av ein svulst) og om innspelinga av albumet On the Cobbles (2004), eit album som av Peter Marsh i BBC Music skildra som «det sterkaste og mest gjennomførte han har laga på mange år».

Martyn bur i dag i Irland og turnerar framleis. Han lagar framleis musikk og samarbeider med forskjellige artistar. Han spelte inn ein ballade kalla «Really Gone» med Ultan John i november 2006..[5]

4. februar 2008 fekk Martyn ein pris for medverknaden sin til britiske folkemusikk under ein prisutdeling på Radio BBC 2. Prisen vart presentert av venen Phil Collins og BBC grunnla avgjersla med at «hans hjartelege framføringar har anten antyda eller fullstendig synt eit særeiget geni»[6] Martyn spelte «Over the Hill» og «May You Never» med John Paul Jonesmandolin.

Diskografi[endre | endre wikiteksten]

Studioalbum[endre | endre wikiteksten]

Anna[endre | endre wikiteksten]

  • Live at Leeds (September 1975)
  • So Far So Good (1977)
  • Philentropy (November 1983)
  • Foundation] (Oktober 1987)
  • Couldn't Love You More (Oktober 1992)
  • No Little Boy (Juli 1993)
  • Sweet Little Mysteries: The Island Anthology (1994)
  • Late Night John (2004)
  • The Battle of Medway: July 17 1973 (konsert) (2007)
  • Anthology (2007)
  • The Simmer Dim (2008)
  • The July Wakes (2008)
  • Ain't no saint (2008) 40-års-antologi

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Some People Are Crazy - the John Martyn Story - John Neil Munro (Polygon 2007)
  2. Q Magazine
  3. 3,0 3,1 John's Diary 1980s - John Martyn sin biografi på nettsida hans
  4. Johnny Too Bad
  5. Ultan John heimeside
  6. Folkaward vinnerside

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]