Solid Air

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Solid Air
Studioalbum av John Martyn
Språk engelsk
Utgjeve Februar 1973
Innspelt November–desember 1972
Studio
Sjanger
Lengd 34:44
Selskap Island
Produsent
John Martyn-kronologi 
Bless the Weather
(1971)
Solid Air Inside Out
(1973)


Meldingar
Karakter
KjeldeKarakter
AllMusic4.5/5 stars[4]
American Songwriter5/5 stars[5]

Solid Air er det sjette studioalbumet til den britiske visesongaren John Martyn, gjeve ut i februar 1973 på Island Records.

Innspeling[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart spelt inn over åtte dagar med bidrag frå bassisten Danny Thompson og medlemmar av Fairport Convention.[5][6] På dette albumet innførte John Martyn vokalstilen han i ettertid er vorte kjend for, ein utydeleg og nesten snøvlete vokal. Mange av musikarane på albumet var kjende fjes innan britisk folkrock og folkemusikk med medlemmer frå band som Fairport Convention og Pentangle med Danny Thompson Richard Thompson, John «Rabbit» Bundrick, Dave Pegg, Dave Mattacks og Simon Nicol.

Det meste av albumet vart spelt inn i løpet av tre-fire dagar og nesten heilt live i studio og heile albumet vart gjort ferdig på åtte dagar.[7] Produsent John Wood måtte tilbake til USA og dagen før han drog var ikkje Martyn heilt nøgd med den nye utgåva dei hadde spelt inn av «May You Never». Martyn drog då til studio kl. 02 om natta før albumet måtte vere ferdig og spelte inn utgåva som kom med på albumet.[7] Ei tidleg utgåve av «May You Never» vart gjeve ut på singel med «Just Now» frå det førre albumet Bless the Weather som b-side i november 1971. Denne tidlege utgåva hadde Paul Kossof frå bandet Free på gitar. «May You Never» vart ein slags signaturlåt for Martyn og fast på konsertane hans. Eric Clapton covra «May You Never» i 1977 på albumet hans Slowhand. Då Martyn vart gjeven ein ærespris på BBC Folk Awards i 2008, presentert av Phil Collins, sende Clapton ei melding der han sa at Martyn «var så langt føre alt anna at det var ufatteleg» og meinte at han hadde påverka «alle som nokon gong har høyrt han».[8][9] Martyn og bandet, som inkluderte John Paul Jones på mandolin, spelte «May You Never» og «Over The Hill» på seremonien.[10]

Tittelsporet «Solid Air» var dedisert til ein ven av Martyn, Nick Drake, som døydde av ein antidepressiv overdose eitt og eit halvt år etter at albumet kom ut.[11] Martyn sa om songen «Han vart laga for ein ven av meg, og han vart gjort riktig med klåre motiv, og eg er særs nøgd med han, av forskjellige årsaker. Han har ei enkel melding, men det må du finne ut av sjølv.»[12] Albumet har eit avantgarde coverversjon av Skip James sin «Devil Got My Woman»,[5] her kalla «I'd Rather Be the Devil» og framført med mykje bruk av Echoplex, ein ekkoeffekt.[6] Ein annan coverlåt på albumet er «The Easy Blues» av Jelly Roll Morton, som kalla han «Jelly Roll Baker».

I 1975 kunne Martyn fortelje Guitar Magazine at han ikkje nytta plekter då han spelte inn «Over the Hill», men i staden nytta bitar av papp.

Plateomslaget er eit døme på schlierenfotografering der ein ser den «faste» (solid) karakteren til lufta.

I 1997 vart fem av songane på Solid Air nytta i BBC-filmen Titanic Town, medan songen «Over the Hill» vart nytta i filmen Scrapple i 1999.

I 2006 framførte Martyn heile albumet live som ein del av Don't Look Back-serien til festivalen All Tomorrow's Parties og turnerte så med plata i Storbritannia.

Mottaking[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart teke godt imot av musikkpressa då det kom ut.[13][14]

Magasinet Sounds skreiv at «Solid Air flyt vakkert og syner heile musikkspekteret som John Martyn har i fingerspissane.»[12] I ei positiv melding for Melody Maker stod det at «det er ein konsentrasjon oppå klangfargar, som bbyggjer seg opp til nokre særs usedvanlege landskap. Han har blitt mykje meir sjølvsikker med å gje røysta si frie tøylar, og resultatet er særs fordelaktig for han». I ei nyare melding skildra American Songwriter albumet som «tidlaust» og «dristig, hypnotisk, og banebrytande er berre byrninga på å skildre det som framleis er den unike kombinasjonen til Martyn av folk, jazz, blues og spacerock, innpakka i gripande og ugløymelege melodiar.»[5] AllMusic kalla Solid Air «ein av dei avgjerande augneblinkane i britisk folk» og skreiv om sjangerblandinga.[4] BBC Music skreiv at «det er ein klassikar der kvar einaste note er på rett plass. Og med dugande hjelp frå seint-på-natta-produksjonen til John Wood, er det no godt forskansa i hjarto til 'chillers, smokers og musikkelskarar' verda over.»[6]

Musikkmagasinet Q kåra albumet til det 67. beste britiske musikkalbumet gjennom tidene og inkluderte det òg på lista over dei beste chill-out albuma gjennom tidene. Albumet er inkludert i boka 1001 Albums You Must Hear Before You Die av Robert Dimery.[15]

Utgåver[endre | endre wikiteksten]

Albumet vart først gjeve ut på CD i februar 1987 og kom ut i ei dobbelutgåve i lag med One World i 1992.

Ei ommastra utgåve kom ut på Universal Records i oktober 2000. Denne plata inneheld orignialalbumet i tillegg til eit konsertopptak av «I'd Rather Be The Devil». Solid Air vart ommastra på ny og gjeve ut som ei dobbeltplate i 2009, med alternative studdioopptak og fleire konsertopptak.

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle spor skrivne av John Martyn utanom «I'd Rather Be the Devil» av Skip James og «The Easy Blues» av Jelly Roll Morton.

Side ein
Nr.TittelLengd
1.«Solid Air»5:45
2.«Over the Hill»2:53
3.«Don't Want to Know»3:02
4.«I'd Rather Be the Devil»6:18
Side to
Nr.TittelLengd
5.«Go Down Easy»3:35
6.«Dreams by the Sea»3:17
7.«May You Never»3:41
8.«The Man in the Station»2:53
9.«The Easy Blues»3:20
Total lengd:34:44
Bonusplata på 2009-utgåva
Nr.TittelLengd
1.«Solid Air» (Alternativt opptak)5:48
2.«Over the Hill» (Alternativt opptak)3:28
3.«Don't Want to Know» (Alternativt opptak)3:26
4.«I'd Rather Be the Devil» (Alternativt opptak)7:39
5.«Go Down Easy»4:55
6.«Dreams by the Sea» (Alternativt opptak)3:22
7.«May You Never» (Alternativt opptak)3:33
8.«The Man in the Station» (Alternativt opptak)5:32
9.«The Easy Blues/Gentle Blues» (Alternativt opptak)4:49
10.«Keep On»4:57
11.«Never Say Never»8:36
12.«In the Evening»4:04
13.«May You Never» (Singelversjon)2:43
14.«The Easy Blues» (Live)3:24
15.«May You Never» (Live)3:39
16.«I'd Rather Be the Devil» (Live)8:33

Medverkande[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Fielder, Hugh (19. september 2016). «The 10 Essential Folk Rock Albums». Classic Rock. TeamRock. Henta 7. april 2019. 
  2. Various Mojo Magazine (1. november 2007). The Mojo Collection: 4th Edition. Canongate Books. s. 302. ISBN 978-1-84767-643-6. 
  3. «20 Best Folk Music Albums of All Time». NME. Time Inc. UK. 7. juni 2016. Henta 7. april 2019. 
  4. 4,0 4,1 Solid AirAllmusic
  5. 5,0 5,1 5,2 5,3 Horowitz, Hal. «John Martyn: Solid Air». American Songwriter. Henta 7. april 2019. [daud lenkje]
  6. 6,0 6,1 6,2 Jones, Chris. «John Martyn: Solid Air». BBC Music. Henta 7. april 2019. 
  7. 7,0 7,1 Sleeve note til remastra utgåve av Solid Air
  8. «John Martyn». Telegraph. Henta 7. april 2019. 
  9. «Press Office - John Martyn picks up Lifetime Achievement Award at Radio 2 Folk Awards». BBC. 4. februar 2008. Henta 7. april 2019. 
  10. «Radio 2 - Folk Awards 2008 - Report». BBC. Henta 7. april 2019. 
  11. «1001 Albums You Must Hear Before You Die», Robert Dimery, 2005, s.190
  12. 12,0 12,1 «The Official John Martyn Website | Maverick singer, songwriter and gitarist extraordinaire!». Johnmartyn.com. Henta 7. april 2019. 
  13. johnmartyn.com - Introduction
  14. johnmartyn.com - 1960s-1970s
  15. «Rocklist.net...Steve Parker...1001 Albums». Rocklistmusic.co.uk. Henta 7. april 2019. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]