Nordiske krossflagg

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Dei nordiske flagga. Frå venstre mot høgre: Finland, Island, Noreg, Sverige og Danmark

Nordisk krossflagg, nordisk kross eller skandinavisk kross er eit flaggmønster knytt til flagga i dei skandinaviske landa, der dette mønsteret oppstod. Krossen symboliserer kristendommen, og det ligg sidelengs, med krossendane heilt ut til endane av flagget. Nordiske krossflagg skil seg fra andre flagg med kross ved at den vertikale stripa i krossen er skoven ut mot flaggstonga.

Rekonstruksjon av «riksbanneret» frå Kalmarunionstida.

Det første flagget med denne utforminga var det danske Dannebrog i raudt og kvitt, som elles er det eldste nasjonalflagget i verda. Deretter følgde Sverige med gult og blått flagg. Under Kalmarunionen fanst eit riksbanner som er blitt skildra som ein raud kross på eit gult felt.[1] Seinare fekk Noreg, Finland, Island og enkelte undernasjonale einingar i nordiske land, eller område med norrøn påverknad, krossflagg. Det norske flagget var det første nordiske krossflagget med tre fargar. Sjølv om mange flagg bruker det same mønsteret, har dei ulik historie og ulik symbolikk.

Nasjonalflagg i dei nordiske landa[endre | endre wikiteksten]

Sjølvstyrte område med nordisk krossflagg[endre | endre wikiteksten]

Område i Norden med nordisk krossflagg[endre | endre wikiteksten]

Nordisk krossflagg på dei britiske øyane[endre | endre wikiteksten]

Mange område på dei britiske øyane vart koloniserte av nordmenn og danskar i vikingtida. Mange har vist tilknytinga til Skandinavia ved å velje seg flagg tufta på tradisjonen med nordiske krossflagg.

Offisielle flagg[endre | endre wikiteksten]

Flaggforslag og uoffisielle flagg[endre | endre wikiteksten]

Andre flagg[endre | endre wikiteksten]

Det engelske flagget er ein raud kross på kvit botn, men den vertikale stripa står midt på flagget, ikkje til eine sida slik dei nordiske krossflagga gjer.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Fotnotar[endre | endre wikiteksten]

  1. Alex Heick, «Rigens banner»