Nordleg sjøelefant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nordleg sjøelefant

Status i verda: LC Livskraftig

Nordleg sjøelefantkoloni med hann, ho og unge.
Nordleg sjøelefantkoloni med hann, ho og unge.

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Underorden: Pinnipedia
Familie: Phocidae
Slekt: Mirounga
Vitskapleg namn
Mirounga angustirostris
Gill, 1866

Nordleg sjøelefant er ein sjøelefant som lever aust i Stillehavet, langs kysten av Nord-Amerika. Han er noko mindre enn sørleg sjøelefant, men er den selen som kan dukka djupast.

Sjøelefanthann.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Nordlege sjøelefantar er store dyr med stor kjønnsdimorfisme. Medan hoene gjennomsnittleg veg 400-900 kg og er 2,65 meter lange, kan hannane blir 3-4 gonger så tunge og 1,5 gonger så lange. Gjennomsnittsvekt for hannar er 1844 kg og lengd er 3,85, men maksimumsvekta er 2,5 tonn og lengd er 4,2 meter. Hannane er vidare kjenneteikna av ein oppblåsbar nasesekk som minner om snabelen til ein elefant og som har gjeve dyra namnet sitt.

Sjøelefanthoer blir kjønnsmogne når dei er rundt 2 år gamle og kan bli over 21 år. Hannar blir kjønnsmogne når dei er 7-9 år gamle og over 14 år. Selane har forlenga drekt som gjer at fostertida er 11,3 månader. Dette gjer at hoselane kan føda og avvenna ungar på paringsstadene før dei parer seg att kort tid etter.

Utbreiing. Det mørkeblå feltet viser område der selane formeirer seg.

Leveområde og levevis[endre | endre wikiteksten]

Leveområdet til sjøelefantar dekkjer store delar av den nordamerikanske vestkysten i Mexico, USA og Canada, frå nord i Baja California til nord på Vancouver-øya. Fødslar og paring finn berre stad i den sørlege delen av leveområdet, frå sentrale Baja California til nord i California. Utanom paringstida sym hannane nordover til Alaska og Aleutane, medan hoene sym vestover i havet og lever på djuptvatn. Enkeltindivid kan vandra så langt som til Japan.

Det lengste og djupaste ein har målt eit sjøelefantdykk er 77 minutt og 1580 meter. Det er vanlegare at dykka varer i 20-30 minutt og går ned til 300-800 meter. Når selane er til havs, er dei under vatn mesteparten av tida, og blir derfor sjeldan sett til sjøs.

Sjøelefanthoer og ungar i California.

Sjøelefantane lever i koloniar der éin hann har kontroll over territorium med fleire hoer og ungar. Hannane slost om status og territorium ved hjelp av store hjørnetenner. Mor og unge dannar ei sterk binding, og hoer kan vera aggressive mot og bita framande ungar. Ungane kan døy om dei kjem i vegen for ein hann som skal slost.

Kosten til nordleg sjøelefant er blekksprut og fisk og til tider trollhummaren Pleuroncodes planipes. Ulike blekkspruttypar utgjorde over halvparten av 53 ulike artar som er blitt identifiserte som bytte for sjøelefantane. Selen er sjølv byttedyr for spekkhoggarar og kvithai. Han blei nær utrydda av menneskeleg jakt på 1800-talet. Sjøelefanten blei freda på 1900-talet. Bestanden har teke seg opp igjen, og det finst no rundt 170 000 dyr (2012).

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nordleg sjøelefant

Kjelder[endre | endre wikiteksten]