Sørleg sjøelefant

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Sørleg sjøelefant

Status i verda: LC Livskraftig

Sjøelefanthann
Sjøelefanthann

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Mammalia
Orden: Carnivora
Underorden: Pinnipedia
Familie: Phocidae
Slekt: Mirounga
Vitskapleg namn
Mirounga leonina

Sørleg sjøelefant eller sørleg elefantsel er ein sjøelefant som både er den største selarten og det største rovpattedyret som finst. Han lever på fleire øyar og kystar sirkumpolart rundt Antarktis.

Teikning av ho- og hannsjøelefant fra 1750.

Dyra har fått namnet sitt fordi hannane har ein oppblåsbar nasesekk som minner om snabelen til ein elefant. Sørleg sjøelefant har mndre nasesekk og kraftigare kranium enn den nordlege arten.

Dyra har sterk kjønnsdimorfisme som mellom anna tyder at hannane er mykje større enn hoene. Hannar blir typisk 4,5 meter lange og 1,5-3 tonn tunge, men kan bli opptil 5,8 meter og 3,7 tonn. Hoer veg vanlegvis 350-600 kg, men kan bli opptil 800 kg.

Brølande sjøelefantar.

Sjøelefantar lever i koloniar der éin hann har kontroll over revir med fleire hoer og ungar. Hannane slost om revir og satus ved hjelp av store hjørnetenner. Den viktigaste maten deira er blekksprut, som omfattar rundt 75 % av kosthaldet. Elles et dei fisk.

Typisk leveområde.

Sørleg sjøelefant finst på Antarktika og øyar i det sørlege Stillehavet. Ein kan finna dei så langt nord som Falklandsøyane, Sør-Afrika og Australia.

Selane lever størsteparten av livet til havs, men kjem på land for å føda, para seg og gro nytt skinn. Koloniane deira på land er støyfulle stader. Hannane utstøyter kraftige brøl i paringstida. Hoene kan både laga ein mørk, knurrande lyd og ein høgfrekvent jodlelyd når dei kaller på ungane eller er redde. Ungane kan laga ein skarp bjeffelyd.

Sørleg elefant er byttedyr for spekkhoggar, store haiar og leopardsel. Dei har også vore jakta av menneske i fleire tusen år. Dei blei utsett for intens jakt på 1800-talet, og var truga av utrydding. Etter at jakta opphøyrde i løpet av 1900-talet har bestandane teke seg opp igjen fleire stader. Bestanden av sørleg sjøelefant blei estimert til 650 000 på midten av 1990-talet.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Sørleg sjøelefant

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Spire Denne dyreartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.