Nyzealandterne

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Nyzealandterne

Status i verda: LC Livskraftig

Illustrasjon av J. G. Keulemans, public domain
Illustrasjon av J. G. Keulemans, public domain

Systematikk
Rike: Animalia
Rekkje: Chordata
Klasse: Aves
Orden: Charadriiformes
Familie: Sternidae
Slekt: Sterna
Art: S. striata
Vitskapleg namn
Sterna striata

Nyzealandterne (Sterna striata) er ei terne og ein kystbunden sjøfugl med utbreiing ved vestre og sørvestre kystar av Australia og rundt heile New Zealand. Ho er den mest vanlege terna på New Zealand.

Skildring[endre | endre wikiteksten]

Bilete frå New Zealand
Foto: Adam Mark Lenny

Nyzealandterna er ei mellomstor terne, 40 centimeter og med kroppssvekt på 160 gram. Dette er ei særs lys terne i grått og kvitt med svart hette. I hekkedrakt går hetta nedanfor auga, og fell eit stykke bak i nakken, men med eit kvitt band i panna over nebbet. Utanom hekketida er hetta mindre med større kvit panneflekk. Nebbet er langt og svart, beina er svarte eller mørkeraude. Dei beitar på grunt vatn og kan stupdukke etter småfisk.

Nyzealandterna er hekkefugl langs kysten av New Zealand og øyar som Chathamøyane, Aucklandøyane og Stewart Island/Rakiura, nokre få òg i Bassundet mellom Tasmania og Australia. Mange nyzealandterner trekker til australske farvatn om vinteren.

Hekkinga skjer i store, tette koloniar på strender av sand eller grus eller meir steinete småøyar. Kullet er vanlegvis på 1, nokre gonger 2 egg. Begge foreldra rugar og klekkinga skjer etter ca. 24 dagar og ungane kan flyge etter 29 til 35 dagar. Typisk startar unge fuglar hekking først når dei er 7 år gamle. Det eldste kjente ringmerka individet av nyzealandterne blei over 26 år.

Bestanden er estimert til mellom 15 000 og 20 000 par i 1997,[1] og er trudd å vere stabil.[2]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. Heather og Robertson (2005)
  2. BirdLife International 2012

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Nyzealandterne