Odd Arvid Strømstad

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Odd Arvid Strømstad

Statsborgarskap Noreg
Fødd 27. juli 1952 (71 år)
Evje
Yrke fjernsynsprodusent
Ektefelle Nina Owing

Odd Arvid Strømstad (fødd 27. juli 1952 i Evje) er direktør i TV-produksjonsselskapet Warner Bros. Norge. Han starta selskapet Dinamo Live (i 1999) som seinare vart kjøpt opp av Dinamo Story AS, og deretter Warner Bros. International. Strømstad jobba i NRK i over 20 år, dei siste åra som prosjektleiar og prosjektsjef. Strømstad utvikla og produserte ei lang rekkje TV-program for NRK. Han er utdanna i NRK og har kjernekompetansen sin som TV-produsent av store hendingar.

Karriere[endre | endre wikiteksten]

Strømstad har m.a. vore ansvarleg for Nobels Fredspriskonsert (20 år), Spellemannprisen (8 år i NRK og 6 år for TV2), revitaliseringa av Melodi Grand Prix, Landeplage og Football for Africa. Han produserte dagleg det 3 timar lange Vindu mot Lillehammer under Vinter-OL 1994 og Eurosong (Eurovision Song Contest) til heile Europa i 1996.

Han kom i Guinness rekordbok med konserten til Katie MeluaTrollfeltet – 303 m under havet - den djupastliggjande konserten nokonsinne. Han er ansvarleg for over 200 musikkprogram for NRK, t.d. spesialprogram med Paul McCartney, Elton John, David Bowie, Pink Floyd, Whitney Houston, A-ha og Ole Paus. Han produserte konserten til A-ha i Frognerparken og webcasten / dvd-en deira, Homecoming. Denne var, saman med Madonna, den mest vellukka webcasten målt i nett-treff til då.

Strømstad har motteke 3 Amandaprisar og 2 Gullruter.

Han er gift med NRK-journalisten Nina Owing og har tre born.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]