Odd Bondevik

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Odd Bondevik
Foto: Kirkens informasjonstjeneste

Odd Bondevik (fødd 20. juni 1941 i Sauda, død 6. september 2014 i Drammen) var ein norsk teolog som var biskop i Møre bispedøme i Den norske kyrkja frå 1991 til 2008.

Då han var åtte år, flytta familien til Oslo fordi faren, Kjell Bondevik, tok til på Stortinget som representant for Kristeleg folkeparti. I 1960 tok Odd Bondevik fatt på teologistudiet og i 1967 tente han verneplikta som feltprest. Tidleg i 1969 reiste han til Japan som misjonær for Det Norske Misjonsselskap (NMS). I 1978 kom han heim for å ta over stillinga som misjonssekretær ved NMS sitt hovudkontor. Fra november 1980 gjekk han inn i stillinga som generalsekretær og vart med det øvste leiar i den eldste misjonsorganisasjonen i Noreg. Han hadde denne stillinga til han vart vigsla til biskop i Møre 17. november 1991.

Odd Bondevik var syskenbarnet til den tidlegare statsministeren Kjell Magne Bondevik.


Biskopar i den norske kyrkja
Preses: Helga Haugland Byfuglien  | Agder og Telemark: Stein Reinertsen | Bjørgvin: Halvor Nordhaug | Borg: Atle Sommerfeldt | Hamar: Solveig Fiske | Møre: Ingeborg Midttømme | Nidaros: Tor Singsaas | Nord-Hålogaland: Per Oskar Kjølaas | Oslo: Ole Christian Kvarme | Stavanger: Erling Pettersen | Sør-Hålogaland: Tor B. Jørgensen | Tunsberg: Laila Riksaasen Dahl
Spire Denne religionsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia gjennom å utvide han.