Møre bispedømme

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk

Møre bispedømme er eit bispedømme i Den norske kyrkja. Bispesetet er i Molde, med Molde domkyrkje.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Før skipinga av Møre bispedømme var det usemje om grensene for bispedøme, om bispesete og om namnet. Odelstinget vedtok 2. juni 1982, med 45 mot 40 røyster, at bispesete skulle vere i Ålesund kommune, med Borgund kyrkje som domkyrkje. Namnet skulle vere Møre og Romsdal. Den 5. juni vedtok Lagtinget, med 21 mot 12 røyster, å sende saka attende til Odelstinget. 8. juni vedtok så Odelstinget, med 63 mot 52 røyster, at bispesete skulle vere i Molde, og at namnet skulle vere Møre bispedømme. Vedtaket skulle gjelde frå 1. januar 1983.

Prosti[endre | endre wikiteksten]

Prostia i Møre bispedøme:██ Ytre Nordmøre prosti██ Indre Nordmøre prosti██ Molde domprosti██ Indre Romsdal prosti██ Nordre Sunnmøre prosti██ Austre Sunnmøre prosti██ Søre Sunnmøre prosti

Møre bispedømme har følgjande prosti:

Molde domprosti
Søre Sunnmøre prosti
Austre Sunnmøre
Nordre Sunnmøre prosti
Indre Romsdal prosti
Ytre Nordmøre prosti
Indre Nordmøre prosti

Fellesråd[endre | endre wikiteksten]

Bispedømmet har har følgjande fellesråd:

Molde
Kristiansund
Ålesund
Vanylven
Sande
Herøy
Ulstein
Hareid
Volda

Ørsta
Ørskog
Norddal
Stranda
Stordal
Sykkylven
Skodje
Sula
Giske
Haram

Vestnes
Rauma
Nesset
Midsund
Sandøy
Aukra
Fræna
Eide
Averøy

Frei
Gjemnes
Tingvoll
Sunndal
Surnadal
Rindal
Halsa
Smøla
Aure

Kjelder[endre | endre wikiteksten]