Kristeleg Folkeparti

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket

(Omdirigert frå Kristeleg folkeparti)
Gå til: navigering, søk
Kristeleg Folkeparti
Partileiar: Dagfinn Høybråten
Oppretta: 1933
Ideologi: Kristendemokratisk
Farge: Gul
Hovudkontor: Øvre Slottsgate 18-20
Postboks 478 Sentrum 0105 Oslo
Epost: krf@krf.no
Nettstad: http://www.krf.no/
Ordførarar: 29
Kommunestyrerepresentantar: 808 (2003)
Fylkestingsrepresentantar: 54 (2007)
Stortingsrepresentantar: 22
Medlemstal:  ?
Ungdomsorganisasjon: Kristeleg Folkepartis Ungdom
Partiavis: Folkets Framtid
Internasjonal tilknyting: ?
Europeisk tilknyting: ?
Les òg: Norsk politikk
Norske parti
Norske røystingar

Kristeleg Folkeparti (KrF) er eit norsk politisk parti skipa i 1933.

Partiet har frå valet i 2001 til oktober 2005 vore i regjeringsposisjon saman med partia Høgre og Venstre. Kjell Magne Bondevik si andre regjering vart utnemnd den 19. oktober 2001. Den noverande partileiaren er Dagfinn Høybråten som tok over etter at Valgerd Svarstad Haugland trakk seg.

Tidlegare statsminister Kjell Magne Bondevik tilhøyrer KrF.

Partiet har ein eigen ungdomsorganisasjon som heiter Kristeleg Folkepartis Ungdom (KrFU).

Innhaldsliste

[endre] Historie

Kristeleg Folkeparti vart fyrst skipa i Hordaland fylke. Mange særleg i partiet Venstre såg med uro på at det vart lagt mindre og mindre vekt på kristendom og kristne verdiar. Den 4. september 1933 vart avgjerda teken om å skipa eit nytt parti. Det nye partiet fekk gjennomslag allereie ved valet til Stortinget i 1933. Bibelskulestyrar Nils Lavik vart fyrste stortingsrepresentanten til Kristeleg Folkeparti. Ved valet i 1945 kom det store gjennombrotet til Kristeleg Folkeparti. Partiet stod utan eige organisasjonsapparat sentralt og lokalt, utan partiavis og med berre nokre få røynde politikarar. Kristeleg Folkeparti fekk likevel 117 000 røyster eller knappe 8 % av røystene. Det gav partiet åtte stortingsrepresentantar. Resultatet var ei stor overrasking. Partiet steig fram som eit verkeleg landsdekkjande parti.

Ved fylkestingsvalet 2007 fekk partiet 6,7 % av røystene.


[endre] Stortingsval 1933-2005

Oppslutninga om Kristeleg Folkeparti i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005
Oppslutninga om Kristeleg Folkeparti i dei ulike fylka ved stortingsvalet 2005
Årstal Prosent av røystene Stortingsrepresentantar
1933 0,8 % 1
1936 1,3 % 2
1945 7,9 % 8
1949 8,5 %¹ 9
1953 10,5 % 14
1957 10,2 % 12
1961 9,6 %¹ 15
1965 8,1 %¹ 13
1969 9,4 %¹ 14
1973 12,2 %¹ 20
1977 12,4 %¹ 22
1981 9,4 %¹ 15
1985 8,3 % 16
1989 8,5 % 14
1993 7,9 % 13
1997 13,7 % 25
2001 12,4 % 22
2005 6,8 % 11

¹ Ved desse vala stilte Kristeleg Folkeparti felleslister med eit eller fleire av partia Det Nye Folkepartiet/Det Liberale Folkepartiet, Høgre, Senterpartiet eller Venstre, dette talet er eit overslag med røystene til felleslistene fordelt på dei einskilde partia.

[endre] Bakgrunnsstoff

[endre] Litteratur

  • Olav Garvik (red): Kristelig folkeparti; mellom tro og makt, Oslo 1983. ISBN 82-02-09071-7
  • Odd Jostein Sæter (red.): Kristelig folkepartis historie 1933-1983; samling om verdier, Oslo 1985. ISBN 82-991256-1-8
Politiske parti i Noreg
Sosialistisk venstreparti Arbeidarpartiet Senterpartiet Venstre Kristeleg folkeparti Høgre Framstegspartiet
Abort-motstandernes liste | Demokratane | Fedrelandspartiet | Kristent samlingsparti | Kystpartiet | Det liberale folkepartiet (DLF) | Miljøpartiet dei grøne | Naturlovpartiet | Norges kommunistiske parti (NKP) | Pensjonistpartiet | Raudt | Reformpartiet | Samefolkets parti | Samfunnspartiet


Samfunn Denne samfunnsartikkelen er ei spire. Du kan hjelpe Nynorsk Wikipedia å vekse seg stor og sterk gjennom å utvide han.

Sjå òg: Oversyn over samfunnsspirer.

Personlege verktøy