Kjell Bondevik
Kjell Olsson Bondevik, (11. mars 1901–22. desember 1983), var ein norsk Kristeleg Folkeparti-politikar og folklorist fødd i Leikanger.
Bondevik var stortingsmann for Rogaland fylke 1950-1965, Kristeleg Folkeparti sin nestformann 1955-61 og parlamentarisk leiar 1961-65.
Vidare var han sosialminister i John Lyng si regjering i 1963, og kyrkje- og undervisingsminister i Per Borten si regjering 1965-71.
Etter at Borten si regjering gjekk av den 2. mars 1971 på grunn av «lekkasjesaka» om EF, fekk Bondevik, etter at Høgres John Lyng var vorten uaktuell som statsministerkandidat, den 6. mars i oppdrag å danna ei ny firepartiregjering. Dei samarbeidande partia skulle vera Høgre, Kristeleg Folkeparti, Senterpartiet og Venstre. Forhandlingane tok til måndag den 8. mars.
Då han allereie neste kveld den 9. mars måtte gje opp, kom han på direktesendt fjernsyn med denne klassiske uttala:
- «Eg er djupt såra og vonbroten over at Senterpartiet, som gjekk sterkt inn for å få meg til å prøva å skipa ei ny regjering, mot mitt personlege ynskje, ikkje sa greitt ifrå om sitt standpunkt. Særleg er det leitt at Senterpartiet gav dei andre partia grunn til ein optimisme som det viste seg ikkje å vera grunnlag for.
- Alle representantane frå dei andre partia rekna med at det var skapt eit akseptabelt grunnlag som alle burde kunne ha stått på, men det viste seg altså ikkje å vera tilfelle.
- Når eg tenkjer på alle dei sakene som samarbeidsregjeringa har gjennomført i dei siste fem åra, og nye - som ein kunne ha fått gjennomført - gjev eg uttrykk for djup sorg over det som no har hendt.»
I ettertid har «djupt såra og vonbroten» vorte eit populært uttrykk, som vert nytta av både nynorsk- og bokmålsfolk.
Kjell Bondevik var onkel (farbror) til Kjell Magne Bondevik.
| Norske sosialministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Sven Oftedal (1945–48) · Aaslaug Aasland (1948–53) · Rakel Seweriin (1953–55) · Gudmund Harlem (1955–61) · Olav Bruvik (1961–62) · Aase Bjerkholt (1963) · Olav Gjærevoll (1963) · Kjell Bondevik (1963) · Olav Gjærevoll (1963–65) · Egil Aarvik (1965–71) · Odd Højdahl (1971–72) · Bergfrid Fjose (1972–73) · Sonja Ludvigsen (1973–74) · Tor Halvorsen (1974–76) · Ruth Ryste (1976–79) · Arne Nilsen (1979–81) · Leif Arne Heløe (1981–86) · Tove Strand Gerhardsen (1986–89) · Wenche Frogn Sellæg (1989–90) · Tove Veierød (1990–92) · Grete Knudsen (1992–94) · Hill-Marta Solberg (1994–97) · Magnhild Meltveit Kleppa (1997–2000) · Guri Ingebrigtsen (2000–01) · Ingjerd Schou (2001–04) · Dagfinn Høybråten (2004–05) |
| Norske kyrkje- og undervisningsministrar etter 1945 | |
|---|---|
| Kaare Fostervoll (1945-48) · Lars Moen (1948-53) · Birger Bergersen (1953-60) · Helge Sivertsen (1960–63) · Olaf Kortner (1963) · Helge Sivertsen (1963-65) · Kjell Bondevik (1965-71) · Bjartmar Gjerde (1971-72) · Anton Skulberg (1972-73) · Bjartmar Gjerde (1973-76) · Kjølv Egeland (1976-79) · Einar Førde (1979-81) · Lars Roar Langslet/Tore Austad (1981-82) · Kjell Magne Bondevik (1983-86) · Kirsti Kolle Grøndahl (1986-88) · Mary Kvidal (1988-89) · Einar Steensnæs (1989-90) |
- Fødde i 1901
- Døde i 1983
- Norske politikarar
- Stortingsrepresentantar 1950-1953
- Stortingsrepresentantar 1954-1957
- Stortingsrepresentantar 1958-1961
- Stortingsrepresentantar 1961-1965
- Stortingsrepresentantar frå KrF
- Stortingsrepresentantar for Rogaland
- Norske sosialministrar
- Norske kyrkje- og undervisningsministrar
- KrF-statsrådar
- Norske statsrådar etter 1945
- Folk frå Leikanger
- KrF-politikarar