Ojos del Salado

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Koordinatar: 27°06′35″S 68°32′32″W
Nevado Ojos del Salado
fjell
none
Land Flag of Argentina.svg Argentina, Flag of Chile.svg Chile
Fjellkjede Andes
høgd 6 893 moh
koordinatar 27°06′35″S 68°32′32″W
Førstestiging av Jan Alfred Szczepański, Janus Wojsznis
 - dato 26. februar 1937

Nevado Ojos del Salado (6 893 moh) er den høgste vulkanen i verda og det høgste fjellet i Chile. Fjellet er også det nest høgste på den sørlege og på den vestlege halvkula. Ojos del Salgado ligg nord i landet, i Atacama-ørkenen, om lag 600 km nord for Aconcagua, det høgste fjellet på dei nemnde halvkulene. Landegrensa mellom Argentina og Chile går over toppen. Ojos del Salado har to nesten jamhøge toppar, den såkalla chilenske- og argentinske. Dei vert kalla så fordi oppstigninga av dei to skjer frå høvesvis den chilenske og den argentinske sida.

Vulkanen hadde sitt siste utbrot for ikring 1 300 år sidan, men ein reknar med at litt vulkansk aktivitet fann stad i 1993.

To polske fjellklivarar, som var del av ein ekspedisjon, steig til topps sommaren 1937.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Ojos del Salado

Kjelder[endre | endre wikiteksten]