Volcanic Seven Summits

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Volcanic Seven Summits på verdskartet.
Toppen av Ojos del Salado
Kibo-toppen på Kilimanjaro

Volcanic Seven Summits (dei sju høgaste vulkanane) er dei høgaste vulkanane i kvar av dei sju verdsdelane, på same måte som Seven Summits er dei høgaste fjelltoppane i kvar av dei sju verdsdelane. Å nå toppen av alle dei sju vulkanane vert rekna som ei utfordring innan fjellklatring og vart først foreslått i 1999.

Definisjonar[endre | endre wikiteksten]

På grunn av forskjellige tolkingar av grensene til verdsdelane (geologiske, geografiske, geopolitiske) finst det fleire definisjonar av kva som er den høgaste toppen i kvar verdsdel. Talet sju verdsdelar er nytta på kontinentmodellen som vert nytta i Vest-Europa og USA. Verdsdelane som er definerte her er basert på geologi og geografi, ikkje geopolitisk.

Ein annan faktor i å finne den høgaste vulkanske toppen er å eksakt definere kva som er ein vulkan og kor høgd skardhøgd han må ha relativt til andre ikkje-vulkanske fjelltoppar for å kunne kvalifisere. På denne lista er det berre teke med fjell som har hatt vulkanske utbrot, og ikkje berre består av vulkanske bergartar som så har vorte løfta opp av geologiske prosessar. I tillegg vert det kravd ei skardhøgd på minst 1000 fot (kring 300 meter), slik at lista omfattar genuine vulkanar og ikkje berre små utstrøyminga av lava frå jordoverflata i høgtliggande område (som i Asia).

Afrika, Nord-Amerika og Antarktis[endre | endre wikiteksten]

Det er ganske tydeleg kva som er dei høgaste vulkanane i Afrika, Nord-Amerika og Antarktisk med høvesvis Kilimanjaro, Pico de Orizaba og Mount Sidley.

Australia[endre | endre wikiteksten]

Sjølv om det berre er nokre få mindre og inaktive vulkanar på det australske fastlandet, så reknar denne lista øya Ny-Guinea som ein del av det australske kontinentet (Oceania). Fleire vitskaplege rapportar frå 1970- og 1980-åra stadfestar at Mount GiluwePapua Ny-Guinea i røynda er ein gammal erodert vulkan,[1][2][3] i motsetnad til høgare fjell på Ny-Guinea som alle har ikkje-vulkansk opphav.

Sjølv når ein tar med heile Oceania (med New Zealand og Polynesia inkludert Hawaii), så er Giluwe den høgaste vulkanen sidan han er høgare enn Mauna Kea på Hawaii og alle vulkanane på New Zealand.

Europa[endre | endre wikiteksten]

Det er generelt akseptert at den geografiske grensa mellom Europa og Asia går langs toppen av Uralfjella sentralt i Russland og langs Kaukasus langs den sørlege grensa til Russland. Sidan den massive stratovulkanen Elbrus ligg like nord for hovudryggen, er han det høgaste fjellet i Europa og derfor òg den høgaste vulkanen.

Somme geologar reknar derimot med Kuma–Manytsj-senkinga som den geologiske grensa mellom Asia og Europa. Ein slik definsijon gjer at Elbrus vil ligge innanfor Asia og gjere han til den høgaste vulkanen i der (sjå under) og gjere Etna (ein 3330 meter høg, aktiv stratovulkan på Sicilia i Italia) den høgaste vulkanen i Europa. TeideKanariøyane er høgare enn Etna og høyrer geopolitisk til Europa, men ligg geologisk og geografisk i Afrika.

Sør-Amerika[endre | endre wikiteksten]

Aconcagua, det høgaste fjellet i Sør-Amerika og det høgaste fjellet på den vestlege halvkula, var lenge rekna for å vere ein vulkan, men nyare geologiske undersøkingar har vist at fjellet består av løfta bergar av vulkans opphav og har ikkje fått den noverande forma si av eigne vulkanutbrot, og er derfor ikkje ein vulkan.

Sjølv om topografiske kart over grenseområda mellom Chile og Argentina med ei høgaste fjelltoppane er kjend for å vere unøyaktige med høgdefeil på over 100 meter i mange tilfelle, er det generelt akseptert at Ojos del Salado er den nest høgaste fjelltoppen og den høgaste vulkanen i Sør-Amerika, mykje høgare enn Monte Pissis.[4]

Asia[endre | endre wikiteksten]

Den 5610 meter høge Damavand er ein særs stor, isolert stratovulkan med ei skardhøgd på over 4600 meter. Sjølv om det er meir enn 70 pyroklastiske kjegler kalla Kunlunvulkanane i Tibet i høgder over toppen av Damavand, mellom anna 5808 moh (35°30′N 80°12′E), så vert dei ikkje rekna som vulkanske fjell, men som vulkankjegler.[5] Det finst særs lite informasjon om desse kjeglene, høgda av dei og skardhøgda, og det er omstridd om nokre av desse kjeglene har ei skardhøgd på over 1000 fot. Vulkanane i lista under ligg langt over denne grensa.

Lista[endre | endre wikiteksten]

Volcanic Seven Summits (sortert etter høgd)
Vulkan Høgd Skardhøgd Verdsdel Fjellkjede Land
Ojos del Salado 6893 moh 3688 m Sør-Amerika Andesfjella Chile/Argentina
Kilimanjaro 5895 moh 5882 m Afrika Kilimanjaro Tanzania
Elbrus 5642 moh 4741 m Europa Kaukasus Russland
Pico de Orizaba 5636 moh 4922 m Nord-Amerika Det transmeksikanske vulkanbeltet Mexico
Damavand 5610 moh 4667 m Asia Elburz Iran
Mount Giluwe 4368 moh 2488 m Australia Dei sørlege høglanda Papua Ny-Guinea
Mount Sidley 4285 moh 2517 m Antarktis Executive Committee Range -

†MERK: To av desse Volcanic Seven Summits, Kilimanjaro og Elbrus, er òg med på lista Seven Summits. Ojos del Salado er òg på lista Seven Second Summits.

Volcanic Seven Second Summits[endre | endre wikiteksten]

Å definere dei nest høgaste vulkanane i kvar verdsdel er ganske så komplisert, fordi grensene mellom verdsdelane vert avgjerande.

Problemet mellom Australia og Oceania: Mount HagenPapua Ny-Guinea er utan tvil den nest høgaste vulkanen på det australske kontinentet, men tek ein med heile Oceania er Hagen det fjerde høgaste bak Mauna Kea og Mauna Loaøya Hawaii.

I Europa er Kazbek den nest høgaste vulkanen. Han ligg på grensa mellom Russland og Georgia, og om dette området er ein del av Europa eller ikkje er stundom omstridd, sjølv om Kazbek ligg heilt innanfor den europeiske sida av vasskiljet i Kaukasusfjella. Elva Terek spring ut på sør- og vestsida av Kazbek, men renn nordover til Russland.[6]

Alle variantane er lista i tabellen under, så det er derfor inkludert åtte vulkanar:

Volcanic Seven Second Summits (sortert etter høgd)
Vulkan Høgd Skardhøgd Verdsdel Fjellkjede Land
Monte Pissis 6793 moh 2138 m Sør-Amerika Andesfjella Argentina
Popocatepetl 5426 moh 3020 m Nord-Amerika Det transmeksikanske vulkanbeltet Mexico
Mount Kenya 5199 moh 3825 m Afrika Mount Kenya Kenya
Ararat 5137 moh 3611 m Asia Ararat Tyrkia
Kazbek 5033 moh 2353 m Europa Kaukasus Georgia
Mauna Kea 4205 moh 4205 m Oceania øya Hawaii USA
Mount Erebus 3794 moh 3794 m Antarktis Ross Island -*
Mount Hagen 3778 moh >900 m Australia Hagen Range Papua Ny-Guinea

†MERK: Berre ein av desse Volcanic Seven Second Summits, Mount Kenya, finst òg på lista Seven Second Summits.

*Området er gjort krav på av New Zealand, men dei fleste land i verda anerkjenner ikkje territorialkrav i Antarktis.

Sjå òg[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Blake, D. H.; E. Löffler (1971). «Volcanic and Glacial Landforms on Mount Giluwe, Territory of Papua and Ny-Guinea». Geological Society of America Bulletin 82 (6): 1605–1614. doi:10.1130/0016-7606(1971)82[1605:VAGLOM]2.0.CO;2. 
  2. Löffler, E.; D. E. Mackenzie and A. W. Webb (1980). «Potassium-argon ages from some of the Papua Ny-Guinea highlands volcanoes, and their relevance to Pleistocene geomorphic history». Journal of the Geological Society of Australia 26 (7–8): 387–397. Bibcode 1979AuJES..26..387L. doi:10.1080/00167617908729105. 
  3. Mackenzie, D. E. (1985). «Giluwe and Hagen; glaciated volcanoes in the rain forests of western PNG». Volcano News 19–20: 7. 
  4. Biggar, John (2005). The Andes: A Guide for Climbers (3rd Ed.). Andes. ISBN 0-9536087-2-7. 
  5. «Kunlun Volcanic Group». Global Volcanism Program. Smithsonian Institution. http://www.volcano.si.edu/world/volcano.cfm?vnum=1004-03-. Henta 12. mars 2013. 
  6. DMA Map NK 38-5 Gora Kazbek