Olivier Levasseur

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olivier Levasseur
Statsborgarskap Kongedømet Frankrike
Fødd 5. november 1695
Calais
Død

7. juli 1730 (34 år)
Saint-Denis, Saint-Paul

Yrke sjørøvar
Olivier Levasseur på Commons
Grava til sjørøvaren Olivier Levasseur «La Buse», død i 1730
«Cryptogramme du forban» («Sjørøvarens kryptogram») slik det vart offentleggjort i boka Le flibustier mystérieux, histoire d'un trésor caché, utgjeve i 1934 på forlaget éditions du Masque, Paris.

Olivier Levasseur, som òg gjekk under namnet La Buse (eller La Bouche) (16907. juli 1730), var ein fransk sjørøvar som debuterte i verksemda si i Det karibiske havet under den spanske arvefølgjekrigen. Deretter herja han i Indiahavet fram til han vart arrestert, fekk dødsstraff for si piratverksemd, og vart hengd i byen Saint-Paul på øya Réunion, som då heitte Bourbon og var fransk koloni. Han vart jordfesta på gravlunden Cimetière marin de Saint-Paul på Réunion, der grava hans framleis er å sjå.

Kven Olivier Levasseur var son av, eller i familie med, når og kor han vart fødd, kor han streifa ikring og kva for storhende han gjorde seg kjend for som sjørøvar, er i stor mon uvisst eller diffust. Det er til dømes uklart om han er fødd i 1680 eller 1690. Han er både ein historisk person, ein fantasiomspunne figur i dei folkelege segnene på øya Réunion, og ein heltefigur som høyrer fiksjonen til. Ifylgje ei legende som verserte på folkemunne, og som har vore attgjeve av fleire forfattarar i ulike versjonar, skal Olivier Levasseur ha kasta eit kryptogram, eit koda brev, inn i folkemengda rett før han døyde under avrettinga ved henging 7. juli 1730, og skrike ut at skatten hans skulle tilhøyre den som forstod å finne han. På det viset har Olivier Levasseur og den store skatten han skal ha gøymt unna ein eller annan stad, gått inn i den kulturelle arven som har med Indiahavet å gjere.

Sjørøvarskatten Le trésor de La Buse[endre | endre wikiteksten]

Skatten som har fått namnet Le trésor de La Buse, er alle dei verdfulle sakene som Olivier Levasseur ifylgje legendene skal ha samla på ei eller fleire øyar sørvest i Indiahavet. Eit konkret kryptogram som er framstilt i diverse moderne litteratur i litt ulike versjonar, og som har fått namnet Cryptogramme de La Buse av di det skal vere originalen som Olivier Levasseur kasta frå seg, er meint å skulle gjere det mogleg å lokalisere skatten. Men ikkje noko av skatten er funne, sjølv ikkje etter skattejakt som har gått føre seg på anna grunnlag enn kryptogrammet. Kryptogrammet har truleg ikkje noko med Olivier Levasseur å gjere.

Mykje av skatten skal skrive seg frå eit åtak 6. april 1721 på det portugisiske skipet Nossa Senhora do Cabo (Vår frue av Kapp), som Olivier Levasseur gjorde saman med den britiske sjørøvaren John Taylor, som òg var aktiv i Indiahavet. Taylor og Levasseur var kome til hamna på Saint-Denis på Réunion og oppdaga eit skip som låg der til reparasjon, som altså var Nossa Senhora do Cabo, admiralskipet i den portugisiske krigsmarinen, med til saman 72 kanoner, som hadde vore ute for ein storm og vorte skada. På skipet var Luís Carlos Inácio Xavier de Meneses, greve av Ericeira og visekonge for portugisisk Aust-India, som saman med sitt hoff og erkebiskopen for Goa, Don Sebastian de Andrado, var på veg heim til Portugal med all den rikdommen han hadde samla seg etter ti år i India. På grunn av havariet var skipet ute av stand til å yte effektiv motstand, og sjølv om folket i byen Saint-Denis, visekongen og fleirtalet av portugisarane tok opp kampen frå stranda, måtte dei gje opp etter kort tid. Skipet vart plyndra for lasta av gull, diamantar, tøy og alt anna av verde, og sjørøvarane kom seg unna med store rikdomar.