BP

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
(Omdirigert frå Oljeselskapet BP)
BP


BransjePetroleumsverksemd
Skipa1908
HovudkontorLondon[1]
LandStorbritannia[2]
Produktpetroleum
Grunnleggjar(ar)William Knox D'Arcy
StyreleiarCarl-Henric Svanberg (1. januar 2010),[3] Helge Lund (31. desember 2018)[4]
Adm.dir.Bernard Looney (5. februar 2020)[4]
Salsinntekter11 706 000 000 USA-dollar (2019)[5]
Omsetnad11 706 000 000 USA-dollar (2019)[5]
Resultat4 026 000 000 USA-dollar (2019)[5]
Nettstadhttps://www.bp.com

BP (tidlegare «British Petroleum» og «BP Amoco») er eit oljeselskap med hovudkvarter i London i Storbritannia. Selskapet er eit av dei fire største oljeselskapa i verda, ved sidan av Royal Dutch/Shell, Exxon Mobil, og Total. Selskapet har utvikla seg til eit multinasjonalt selskap, med verksemd over store delar av verda. I Noreg er selskapet representert med BP Norge AS. Hovudkontoret for Noreg ligg på Forus i Stavanger kommune. I 2004 hadde selskapet eigardelar i desse petroleumsfeltaden norske kontinentalsokkelen: Valhallfeltet, Ulafeltet, Hodfeltet, Tambarfeltet og Draugenfeltet.

I desember 1998 fusjonerte BP med oljeselskapet Amoco, eit selskap skipa i Sambandsstatane i 1889 som Standard Oil of Indiana. Saman skipa dei «BP Amoco». Fusjonen kom til ved at BP kjøpte Amoco. Prosessen vart offisielt skildra som ein fusjon av juridiske grunnar. Etter kring eit år som BP Amoco vart mestedelen av verksemdene slegne saman, og «BP» vart namnet på det samla selskapet. BP vart då namnet i seg sjølv og ikkje lenger ei forkorting for «British Petroleum». Slagordet «Beyond Petroleum» vart teke i bruk. BP si solenergiverksemd vart ein stor produsent av solcellepanel. Slik tilpassa BP seg auka krav til miljøprofil.

BP er leiande i det omstridde prosjektet Baku-Tbilisi-Ceyhan røyrleidningen, mellom anna knytt til menneskerettar. Røyrleidningen går frå Baku i Aserbajdsjan ved Kaspihavet til Ceyhan i Tyrkia ved Middelhavet.

Historie[endre | endre wikiteksten]

Verksemd i Iran som grunnlag[endre | endre wikiteksten]

I mai 1901 vart William Knox D'Arcy gjeven konsesjon, eller løyve, av Sjahen av Persia til å leita etter petroleum. Petroleum vart funne i mai 1908. Funnet var det første viktige petroleumsfunnet i Midtausten. I 1909, vart Anglo-Persian Oil Company (APOC) skipa for å utforska dette funnet. Selskapet utvida verksemda si fram mot fyrste verdskrig. Medan verdskrigen rasa vart det meir og meir viktig å ha kontroll over petroleumsressursar. Regjeringa i Storbritannia sikra seg store eigardelar i selskapet. Anglo-Persian Oil Company vart den britiske marina, Royal Navy, si viktigaste kjelde for drivstoff.

I 1917 overtok selskapet den britiske verksemda til det tyske selskapet Europäische Union, som nytta varemerket British Petroleum. Etter verdskrigen hadde den britiske regjeringa ein eigardel på 51 % i selskapet. Selskapet fekk meir verksemd i Europa, men hadde mestedelen av verksemda i Persia, det seinare Iran. Ein britisk-Persisk avtale av 1919 sikra at selskapet kunne ha lønsam verksemd i landet.

I Persia kom det etter kvart meir kritikk mot APOC om imperialistisk og ikkje rettvis verksemd. I 1932 sa sjahen opp konsesjonen til APOC. Etter eit år vart konsesjon gjeve nok ei gong, med auka lønsemd for den persiske regjeringa. Landet Persia skifta namn til Iran i 1936, og APOC vart til Anglo-Iranian Oil Company (AIOC).

Etter andre verdskrig inngjekk AIOC i 1949 ei ny avtale, trass i protestar mot vestleg innflyting. I mars 1951 vart statsminister Ali Razmara myrda, truleg av di mange meinte han var for positiv til vestleg verksemd. I april vart oljeverksemda i Iran nasjonalisert. AIOC til liks med sjahen måtte reisa ut or landet.

AIOC tok saka si til den internasjonale domstolen i Haag, men tapte saka. USA og Storbritannia meinte at utviklinga kunne føra til auka makt for Sovjetunionen i området. Dei gav hjelp til opposisjonelle krefter i Iran. General Fazlollah Zahedi, som var rekna som vestvenleg, vart innsett som statsminister i Iran.

Den 19. august 1953 vart statsminister Mohammed Mossadeq tvungen ut av embetet. Zahedi vart innsett og sjahen vart kalla attende. AIOC endra namn til British Petroleum Company i 1954, BP hadde verksemd i landet til den islamske revolusjonen i Iran i 1979. Då hadde BP investert mykje i andre område av verda, slik at revolusjonen berre vart eit tilbakeslag.

Verksemd i USA og Nordsjøen[endre | endre wikiteksten]

Frå slutten av 1960-talet starta BP verksemd i USA (Prudhoe Bay, Alaska) og i Nordsjøen. Dei nye felta kom i verksemd midt på 1970-talet, slik at BP kom gjennom oljekrisene i 1973 og 1979.

I 1987 kjøpte British Petroleum Britoil og alle aksjane i Standard Oil of Ohio (Sohio).

British Petroleum fusjonerte med Amoco i desember 1998. Selskapet endra namn til BP Amoco. I 2002 endra selskapet namn til berre BP.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]