Olympias

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Olympias

Føddca. 375 f.Kr.
Passaron
Død316 f.Kr.
Pýdna
Alle titlarkongegemalinne
Hus eller slektlist of the kings of Ancient Epirus
Landkongeriket Makedonia
FarNeoptolemos av Epirus
EktefelleFilip II av Makedonia
BarnAleksander den store, Kleopatra av Makedonia

Olympias (gresk: Ὀλυμπιάς; fødd ca. 375 – død 316 f.Kr.) var ei gresk kongsdotter og kongsmor frå Epirus. Ho var den fjerde kona til kong Filip II av Makedonia, og mor til Aleksander den store.[1] Ho var ein inderleg tilhengar av den orgiastiske slangekulten til Dionysos. Plutark, ein historikar frå 100-talet e.Kr., hevda at ho òg hadde slangar i senga sin, ei soge som har prega ettermælet hennar.[2]

Opphav[endre | endre wikiteksten]

Olympias var dotter av Neoptolemos, konge av molossiarane, ei stamme i Epirus, og ho var ei syster av Aleksander I av Epirus. Familien hennar tilhøyrde Aiakides, ein veletablert familie i Epirus som hevda å stamma frå den mytologiske Neoptolemos, ein son av Akilles. Tilsynelatande heitte ho eigentleg Polyxena, noko Plutark nemner i verket Moralia. Ho skal ha endra namn til Myrtale før bryllaupet med Filip II som ein del av initieringa eller opptakinga si i ein mysteriekult.[3]

Namnet Olympias er såleis det tredje av dei fire namna ho er kjend under, truleg teke for å heidra Filip sin siger ved dei olympiske leikane i 356 f.Kr., som også fall saman med fødselen til Aleksander.[4][5] Ho blei til sist gjeven namnet Stratonike, noko som mest truleg var ein epitet gjeven henne etter den militære sigeren hennar over Eurydike II i 317 f.Kr.[3]

Giftarmål med Filip II[endre | endre wikiteksten]

«Zevs forfører Olympias». Fresko av Giulio Romano mellom 1526 og 1534, ved Palazzo del Te i Mantova i Italia.

Då far hennar Neoptolemos døydde i 360 f.Kr., etterfølgde farbroren hennar Arybbas han som konge av molossiarane. I 358 f.Kr. gjekk han med på ei avtale med den nye sterke kongen i Makedonia, Filip II, og molossiarane blei allierte med makedonarae. Alliansen blei sikra, slik skikken var, med eit diplomatisk ekteskap ved at niesa til Arybbas blei gitt som kone til Filip i 357 f.Kr., og ho blei såleis òg dronning av Makedonia. I følgje Plutark skal Filip først ha blitt forelska i Olympias då dei begge blei initiert i mysteria til kabirarane (i gresk mytologi former for lågare guddomar eller demonar) ved heilagdommen til dei store gudane på øya Samothraki.[6]

Eit år seinare, i 356 f.Kr., vann Filip eit hesteløp i dei olympiske leikene, og kona fekk då namnet Olympias til minne. Sommaren same året fødde ho det første barnet sitt, Aleksander. Grekarane i antikken hadde førestillingar om at ved fødselen til stor mann blei hendinga følgt av visse varsel. Plutark har fortalt at natta før Filip gjorde henne svanger hadde Olympias ein draum om at ei lynstråle slo ned i livet hennar og at det blei utløyst ein stor brann, med flammar som blei spreidde og deretter sløkte. Etter at dei hadde gifta seg skal Filip ha hatt ein draum der han la eit segl i fanget til Olympias, og på dette seglet var det ein figur i form av ei løve.

Desse oppdikta forteljingane blei laga i ettertid for å byggja opp om stordommen til Aleksander, og allereie medan han levde blei mytane konstruerte. Aristandros frå Telmessos, Aleksande sin eigen profet og tolkar, meinte at dei ovannemnde forteljingane varsela om at Olympias var svanger med ein son som var både modig og lik ei løve.[7]

Det andre barnet deira var ei dotter, Kleopatra.

Ekteskapet deira var stormfylt. Filip skal ha vore ustabil, eigenvillig og på stadig jakt etter andre kvinner, medan Olympias var sjalu av temperament. Dette førte til eit auka skilje mellom dei. Filipa hadde òg minst to andre koner frå før, men tilhøvet blei markant verre i 337 f.Kr. då Filip gifta seg med ei adeleg makedonsk kvinne, Kleopatra Eurydike. Ho var ei niese av hærføraren Attalos, og etter at ekteskapet var inngått endra han namnet hennar til Eurydike. Det kom også til store spenningar mellom Filip, Olympias og Aleksander. Olympias drog i frivillig eksil til Epirus der ho budde ved det molossiske hoffet til bror sin, Aleksander I. Med seg hadde ho sonen Aleksander, som var utsett som Filip sin arving.

I 336 f.Kr. freista Filip å knyta samband med svogeren Aleksander ved å tilby han eit giftarmål med dottera si med Olympias, Kleopatra. For Olympias var dette nok eit angrep på henne ved at Filip tok frå henne broren si støtte. Under feiringa av dette bryllaupet blei Filip brått drepen av Pausanias, ein av hans eigne somatophylakes, eller livvakter. Olympias vende attende til Makedonia etter drapet. Mistanken for at ho hadde stått bak mordet blei spreidd vidt.

Politisk makt[endre | endre wikiteksten]

I løpet av dei militære kampanjane til Aleksander den store i Asia skal Olympias ha brevveksla med han jamleg, og det er mogleg at ho stadfesta påstanden hans i Egypt om at han faktisk var son av guden Zevs. Tilhøvet mellom Olympias og Aleksander var inderleg, men han heldt henne unna politiske avgjerder. I Makedonia hadde ho derimot stor innverknad og laga vanskar for Antipatros, som var regent i kongeriket medan Aleksander var ute på hærtog. I 330 f.Kr. reiste ho attende til Epirus og fungerte sjølv som regent for fetteren sin Aiakides av Epirus etter at bror hennar Aleksander I var blitt drepen i løpet av ein krig i sørlege Italia.

Etter at Aleksander den store døydde i Babylon i 323 f.Kr. fødde kona hans Roxana ein posthum son for han som blei kalla Aleksander IV. Denne blei saman med den noko tilbakestående onkelen sin Filip III Arrhidaios, halvbror av Aleksander den store, blei fremja som kongar for regentskapet til Perdikkas. I kjølvatnet av at Aleksander døydde var det mange av hærførarane og etterfølgjarane hans som freista å styrkja nærleiken sin til makta. Det fremste middelet var å knyta band til den næraste familien til den avlidne kongen. Filip si dotter Kynane drog av garde til Babylon med dotter si Eurydike II for å gifta henne bort til Arrhidaios. Sjølv om Kynane blei drepen, blei dette ekteskapet inngått. Perdikkas freista å styrkja stillinga si ved å gifta seg med Antipatros si dotter Nikaia, men på same tid tilbaud Olympias si dotter Kleopatra til Perdikkas. I valet mellom dei to kvinnene valde han Kleopatra, noko som gjorde den aldrande Antipatros rasande. Han invaderte Makedonia, avsette Perdikkas og erklærte at han var den nye regenten, men døydde året etter.

Polyperkon etterfølgde Antipatros, men sonen til denne, Kassandros, hadde teke Filip III Arrhidaios til fange og tvinga Polyperkon ut av Makedonia. Han flykta til Epirus og tok Roxana og den vesle sonen hennar Aleksander IV med seg. I byrjinga hadde Olympias ikkje vore innblanda i desse konfliktane, men snart innsåg ho at om Kassandros blei verande regent av Makedonia, ville sonesonen hennar heilt sikkert mista den makedonske trona. Ho allierte seg difor med Polyperkon og sameinte sin hær med hans. Saman invaderte dei Makedonia og dreiv Kassandros frå makta i 317 f.Kr.

Ho tok Arrhidaios til fange og sørgde at for han, saman med kona Eurydike II, blei avretta i oktober same året. Mange av tilhengarane til Kassandros blei massakrerte. Kassandros slo attende og kringsette Olympias i Pydna. Han tvinga henne til å overgje seg, sjølv om både Polyperkon og Aiakides freista å koma henne til hjelp, men utan å lukkast. Eit av vilkåra i overgjevinga hennar var at livet hennar skulle sparast. Kassandros braut denne lovnade, og fekk henne avretta medan han gav ordre om at enkja etter Aleksander, Roxana og den unge sonen Aleksander IV skulle drepast i det skjulte. Kassandros lét Olympias stillast for ein domstol, skulda for talrike lovbrot og grusame avrettingar. Han fekk henne dømd ho til døden og lét henne avrettast i 316 f.Kr. Deretter skal Kassandros òg ha nekta henne ei sømeleg gravlegging.

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. «Olympias Queen of Macedonia». American-pictures.com.
  2. «The nonsense about the snakes» («det tullet med slanger») er fra Plutarks biografi Livet til Aleksander (2.6), i henhold til Robin Lane Fox i hans biografi Alexander the Great, 1973:26 og note s. 504; Fox mener at slangehåndteringen var den stuprum (skjørlevnet) som Junianus Justinus, 9.5.9, henviste til.
  3. 3,0 3,1 «Dixon on Carney» Arkivert 2012-03-24 ved Wayback Machine. (PDF). Classicaljournal.org.
  4. Heckel (2006), s. 181
  5. Fox, Robin Lane (2006): The Classic World. An Epic History of Greece and Rome. Penguin History, s. 196
  6. Plutark: Alexander, 2.1
  7. Plutark: Alexander, 2.2–2.3

Litteratur[endre | endre wikiteksten]