Pamela Colman Smith

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Pamela Colman Smith

Pseudonym Pixie
Statsborgarskap Storbritannia
Fødd 16. februar 1878
Pimlico
Død

18. september 1951 (73 år)
Bude

Yrke illustratør, grafisk designar, skribent, kunstmålar, redaktør, forleggjar, kunstnar
Religion Den romersk-katolske kyrkja
Pamela Colman Smith på Commons

Pamela Colman Smith (16. februar 187818. september 1951), med kallenamnet «Pixie», var ein britisk kunstnar, illustratør, forfattar, forleggar og okkultist. Ho er best kjend for å ha illustrert tarotkortstokken Rider–Waite (også kalla Rider–Waite–Smith- eller Waite–Smith-korta) for Arthur Edward Waite. Denne kortstokken blei standarden blant tarotkortlesarar, og er framleis den mest brukte i dag.[1][2][3] Smith illustrerte også over 20 bøker, skreiv to samlingar med jamaicansk folkeminne, redigerte to tidsskrift og dreiv Green Sheaf Press, eit lite forlag med fokus på kvinnelege forfattarar.[4]

Liv[endre | endre wikiteksten]

Smith blei fødd i 28 Belgrave Road i Pimlico i sentrale London.[5] Ho var det einaste barnet til ein kjøpmann frå Brooklyn i New York (før staden var del av New York by), Charles Edward Smith (sonen av borgarmeisteren i Brooklyn, Cyrus Porter Smith), og kona hans Corinne Colman (syster av målaren Samuel Colman). Familien budde i Manchester det fyrste tiåret av livet til Smith, men flytta til Jamaica då Charles Smith fekk ei stilling ved West India Improvement Company, eit syndikat som var involvert i utvidinga av jernbanen der, i 1889. Familien Smith budde i hovudstaden, Kingston, i fleire år, med reiser til og London og New York.

I 1893 hadde Smith flytta til Brooklyn, der ho 15 år gammal blei elev ved Pratt Institute, som var blitt skipa seks år tidlegare. Der studerte ho kunst under Arthur Wesley Dow, ein målar, trykkar, fotograf og viktig kunstpedagog.[6] Den mogne teiknestilen hennar viser tydelege spor etter dei visjonære eigenskapane i fin-de-siècle-symbolismen og romantisismen til den føregåande Arts and Crafts-rørsla. Medan Smith studerte ved kunstskulen, døydde mor hennar på Jamaica, i 1896. Smith sjølv var sjuk frå tid til anna i desse åra, og det enda med at ho forlet Pratt i 1897 utan å ha oppnådd ein grad. Ho blei ein illustratør; nokre av dei fyrste prosjekta hennar var The Illustrated Verses of William Butler Yeats, ei bok om skodespelaren Ellen Terry av Bram Stoker og to bøker ho sjølv hadde skrive, Widdicombe Fair og Fair Vanity (ein referanse til Vanity Fair).

I 1899 døydde far hennar, slik at Smith blei foreldrelaus 21 år gammal. Ho vende tilbake til England det året, og heldt fram med arbeidet som illustratør, i tillegg til at ho byrja med teaterdesign for eit miniatyrteater. I London blei ho omfamna av Lyceum Theatre-gruppa leia av Terry (som skal ha gjeve henne kallenamnet «Pixie»), Henry Irving og Bram Stoker, og reiste i lag med dei rundt om i landet, der ho arbeidde på kostyma og scenedesign for dei.

I 1901 skipa ho eit studio i London og heldt opent hus kvar veke for kunstnarar, forfattarar, skodespelar og andre folk frå kulturlivet. Forfattaren Arthur Ransome, som då var i dei tidlege tjueåra, omtalte ei av desse tilstellingane, og den underlege kunstnarkrinsen kring, i Bohemia in London frå 1907.

Pamela Colman Smith som forteljar i 1907.
Illustrasjon til Annancy Stories.

Smith skreiv og illustrerte to bøker om jamaicansk folklore: Annancy Stories (1899) og Chim-Chim, Folk Stories from Jamaica (1905). Desse bøkene inneheldt jamaicanske versjonar av soger om den tradisjonelle afrikanske edderkoppfiguren Anansi.[7] Ho heldt også fram å illustrera, med prosjekt for William Butler Yeats og bror hans, målaren Jack Yeats. Ho illustrerte Bram Stoker sin siste roman, The Lair of the White Worm frå 1911, og Ellen Terry si bok om Diaghilev sitt Ballets Russes, The Russian Ballet frå 1913.

Smith støtta kampen for røysterett for kvinner, og gjennom Suffrage Atelier, eit kollektiv av profesjonelle illustratørar, bidrog ho med kunst til å støtta røysterettskampen i Storbritannia. Smith bidrog også til å utforma plakatar og leiker for Raudekrossen under andre verdskrigen.[8]

Ein av Smith sine illustrasjonar til The Green Sheaf.

I 1903 grunnla Smith sitt eige tidsskrift med tittelen The Green Sheaf. Det hadde bidrag av mellom anna Yeats, Christopher St John (Christabel Marshall), Cecil French, A. E. (George William Russell), Gordon Craig (sonen til Ellen Terry), Dorothy Ward og John Todhunter. The Green Sheaf kom ut i litt over eit år, med totalt 13 utgåver.[9]

Sidan The Green Sheaf hadde liten økonomisk suksess, overførte Smith innsatsen sin til å skipa eit lite trykkeri i London. I 1904 grunnla ho The Green Sheaf Press, som gav ut ulike romanar, dikt, soger og eventyr fram til minst 1906. Dei fleste forfattarane på forlaget var kvinner.[10]

I 1907 heldt Alfred Stieglitz ei utstilling av Smith sine måleri i sitt Little Galleries of the Photo-Secession i New York (også kjent som gallery 291). Med dette blei Smith den fyrste målaren til å ha ei utstilling ved galleriet, som til då berre hadde vist fram fotografisk avantgardekunst. Stieglitz var fascinert av synestesien til Smith; på denne tida pleidde Smith å måla visjonar ho fekk medan ho høyre på musikk. Utstillinga var såpass vellukka at Stieglitz gav ut ein portfolio av 22 av måleria hennar. Han stilte ut verk av henne to gongar til, i 1908 og 1909. Nokre av verka til Smith som ikkje blei selte blei verande hjå Stieglitz, og enda opp i Stieglitz/Georgia O'Keeffe Archive ved Yale University.[11]

Mythical blue cat painted by Pamela Colman Smith
Pamela Colman Smith, The Blue Cat (1907), akvarell på pappbord.

Yeats introduserte Smith til det okkulte selskapet Hermetic Order of the Golden Dawn. Ho gjekk inn i dette i 1901, og møtte her Arthur Waite. Då Golden Dawn braut opp etter persokonfliktar, blei Smith med Waite til den nye Independent and Rectified Rite of the Golden Dawn (eller Holy Order of the Golden Dawn). I 1909 bestilte Waite ein tarotkortstokk frå Smith som skulle ha appell til kunstverda, og resultatet var den unike Waite–Smith-kortstokken. Han blei gjeven ut av William Rider & Son i London, og er blitt verande den mest populære tarotkortstokken med 78 kort i verda. Dei nyskapande korta viser fullstendige scenar med figurar og symbol på alle korta, og dei særmerkte teikningane til Smith har danna grunnlag for utforminga av fleire seinare kortstokkar.[12]

Bortsett frå bokillustrasjonar og tarotkortstokken fann kunsten hennar få kommersielle utsalsstader etter den tidlege suksess med Stieglitz i New York. Fleire av verka hennar i gouache blei kjøpt inn av fetteren hennar William Gillette, ein kjend Sherlock Holmes-skodespelar, og stilt ut på slottet hans i Connecticut.

I 1911 konverterte Smith til katolisismen. Etter slutten av fyrste verdskrigen tok Smith imot ein arv frå ein onkel som gjorde at ho kunne leia eit hus på Lizard-halvøya i Cornwall, eit område som var blitt populært blant kunstnarar. Ho skipa ein ferieheim for katolske prestar i eit nabohus for å få ei inntekt. Ein gammal venn av henne, Nora Lake, flytta til Cornwall og hjelpte henne med å driva ferieheimen.[13]

Etter fleire år med økonomiske vanskar forlet Smith Lizard og flytta fyrst til Exeter i 1939 og deretter til Bude tidleg på 1940-talet. Sjølv om ho heldt fram med å skriva og illustrera, klarte ho ikkje finna utgjevarar for verket sitt, truleg på grunn av endringar i offentleg smak etter fyrste verdskrigen.[14]

Smith døydde i leilegheita si i Bencoolen House i Bude 18. september 1951. Eigedelane hennar blei auksjonerte bort for å betala gjelda hennar. Gravstaden hennar er ukjend, men det er sannsynleg at ho blei gravlagd i ei umerka grav i St. Michael's Cemetery i Bude.[14]

Waite–Smith-tarotkorta[endre | endre wikiteksten]

«The Fool» frå Waite–Smith-korta.

Dei 78 illustrasjonane som dannar Waite–Smith-tarotkorta «represent archetypal subjects that each become a portal to an invisible realm of signs and symbols, believed to be channeled through processes of divination.» Dei er originale og unike kunstverk i høve til stilisering, teikning og komposisjon, ein betydeleg estetisk prestasjon. Korta er eit av dei beste døma på Smith sine evner til å framstilla fantasi, dårskap, ekstase, død og det makabre.[6]

Då korta til Smith fyrst blei gjevne ut av Rider, i England i desember 1909, blei dei ganske enkelt kalla Tarot Cards og følgde Arthur Edward Waite sin guide The Key to the Tarot. Året etter la Waite til Smith sine svart-kvite teikningar til boka og gav henne ut som The Pictorial Key to the Tarot. I 1971 kjøpte U.S. Games rettane til å gje ut korta og gav dei ut under tittelen The Rider Tarot Deck (på grunn av skilnader i amerikansk og britisk åndsverkslov er omfanget av deira opphavsrett til Waite–Smith-kort omdiskutert).[15] I seinare utgjevingar endra dei namnet til Rider Tarot og så Rider Waite Tarot.

I hundreåret sidan kortstokken fyrst blei trykka har det kome ut dusinvis av opplag frå ulike forlag. Til nokre av desse blei Smith-teikningane teikna på nytt av andre kunstnarar, og til andre blei kortene gjenfotografert for å laga nye trykkplater. Mange versjonar er blitt farget på nytt ettersom fargen er ganske røff i det opphavlege trykket, på grunn av avgrensningane innan fargetrykk på denne tida. Eit døme er Albano-Waite-tarotstokken frå 1968, som har lysare fargar lagt over dei samme penn-og-blekk-teikningane. Nokre nyare U.S. Games-utgåver har fjerna dei handteikna titlane til Smith for kvart kort, og i staden brukt tekst i ein standard skrifttype. Til saman omfatter desse stokkane heile spekteret frå utgåver som ligg nær den opphavlege utgjevinga til kortstokkar som ein rettare kan kalla «inspirerte» av Waite–Smith-kortstokken.

Waite er ofte blitt omtalt som designeren av Waite–Smith-korta, men det er rettare å rekna han som halvparten av eit designteam, med ansvar for hovudkonsept, strukturen til dei individuelle korta, og det symbolske systemet til heile stokken. Ettersom Waite ikkje var kunstnar sjølv, gav han Smith i oppdrag å skapa dei faktiske bileta.[16]

Det er truleg at Smith arbeidde ut frå skriftlege og talte instruksjonar frå Waite i staden for skisser; det vil seia frå detaljerte skildringar av designa han ønskte. Slik jobber ofte illustratørar, og som kommersiell illustratør ville Smith sannsynlegvis ha vore trygg på ein slik arbeidsprosess. Det ser ut til at Waite gav detaljerte instruksjonar hovudsakleg eller utelukkande for Major Arcana, og enkle lister over tydingar for Minor Arcana eller «pip»-korta. Dermed kjem dei minneverdige scenene til Minor Arcana i stor grad frå Smith sin eigen fantasi. Minor Arcana er nyskapande i denne kortstokken, ettersom dei fleste tidlegare tarotkortstokkane (særleg dei av Marseilles-typen) har ekstremt enkle kort for Minor Arcana. Dei innovative illustrasjonane til Smith for desse korta, med sin rike symbolikk, gjorde Waite–Smith-dekket til ein mykje imitert modell for andre tarot-stokkar.[17]

Smith og Waite nytta ei rekkje kjelder som inspirasjon for designa av kortar. Det verker som om Waite særleg fann inspirasjon frå trumfkorta i det franske Tarot de Marseilles (hans utgåve stamma truleg frå 1700-talet). Det er også mogleg at andre, italienske stokkar av Marseilles-typen frå 1700- og 1800-talet blei lagt til grunn. For dei mindre korta verker det som om Smith hovudsakleg nytta den italienske Sola Busca-taroten frå 1400-talet.[18] Det finst også prov på at Smith avbilda vennar på korta, som Ellen Terry (Queen of Wands) og Florence Farr (The World).[19]

Smith fullførte illustrasjonane til kortstokken i løpet av seks månader frå april til oktober 1909. Dette er ein kort periode for ein kunstnar til å fullføra kring 80 bilete.[18] Illustrasjonane blei truleg utførte med penn og blekk, kanskje oppå blyantstrekar. Dei opphavlege teikningane finst ikkje meir slik at det ikkje går an å fastslå heilt. Dei blei anten farga med akvarellfargar av Smith, eller av nokon andre seinare.

Posthume utstillingar[endre | endre wikiteksten]

Det blei halde ei utstilling av kunsten til Smith med tittelen To All Believers—The Art of Pamela Colman Smith i USA i 1975. Han blei sponsa av University of Delaware og Delaware Art Museum i samarbeid med Delaware-laget av The Victorian Society in America.[20] Utstillinga blei halden ved Delaware Art Museum frå 11. september til 19. oktober, og ved Art Museum, Princeton University, frå 4. november til 7. desember.[21]

Ei utstilling kalla Georgia O'Keeffe and the Women of the Stieglitz Circle, blei halden i tida 2007–2008. Ho var på tre museum: Georgia O'Keeffe Museum i Santa Fe i New Mexico; High Museum of Art i Atlanta i Georgia og San Diego Museum of Art i San Diego i California. Utstillinga omfatta verk av Smith og andre kvinnelege kunstnarar som var aktive innan kunst- og fotografilivet før O'Keeffe. Verka deira hjelpte til med å setja verket til O'Keeffe i kontekst.[22] Utstillinga bygde på den akademiske boka Modernism and the Feminine Voice: O'Keeffe and the Women of the Stieglitz Circle av Kathleen Pyne, som har eit kapittel om Smith.[23]

I 2019 heldt Brooklyn-campusen av Pratt Institute Libraries ei utstilling om Smith kalla Pamela Colman Smith: Life and Work. Utstillinga omfatta bøker, trykk, reproduksjonar av måleri og illustrasjonar, tarot-kortstokkar og fotografi.[24][25]

Galleri[endre | endre wikiteksten]

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. Decker, Ronald; Dummett, Michael (2019). A History of the Occult Tarot. London: Duckworth. s. 291. ISBN 9780715645727. 
  2. Giles, Cynthia (1994). The Tarot: History, Mystery, and Lore. New York: Simon & Schuster. s. 46. ISBN 0671891014. 
  3. Visions and Prophecies. Alexandria, Virginia: Time-Life Books. 1988. s. 142. 
  4. Kaplan 2018
  5. Kaplan 2009
  6. 6,0 6,1 «Reviving a Forgotten Artist of the Occult». Hyperallergic (på engelsk). 23. mars 2019. Henta 17. april 2020. 
  7. Kaplan 2009
  8. Pyne 2007, s. 59 "She worked for the Red Cross during World War I, again contributing poster designs and toys she made herself for children's aid."
  9. O'Connor, Elizabeth Foley (2016). «"We disgruntled devils don't please anybody": Pamela Colman Smith, The Green Sheaf, and Female Literary Networks» (PDF). The South Carolina Review. v. 48, no. 2: 73–89. Arkivert frå originalen (PDF) 2 April 2017. Henta 1. april 2017 – via Clemson University. 
  10. Kaplan 2018, s. 56–58
  11. Norfleet, Phil. «Alfred Stieglitz and Pamela Colman Smith: Biography of Pamela Colman Smith». pcs2051.tripod.com. Henta 15 November 2022. 
  12. Jensen, K. Frank (2006). The story of the Waite-Smith Tarot. Melbourne: Association for Tarot Studies. ISBN 0-9757122-1-7. OCLC 224928911. 
  13. Kaplan 2018, s. 86
  14. 14,0 14,1 Kaplan 2018, s. 89–90
  15. «The Rider–Waite–Smith Tarot Card Copyright FAQ». Sacred-texts.com. Henta 31. mars 2012. 
  16. Waite, Arthur Edward (c. 1997). Shadows of life and thought : a retrospective review in the form of memoirs. Montana: Kessinger Pub. Co. s. 184. ISBN 1-56459-242-1. OCLC 42647945. 
  17. Kaplan 2009, s. 76–77
  18. 18,0 18,1 Place, Robert M. (2005) The Tarot: History, Symbolism, and Divination, Tarcher/Penguin, New York, 2005, s. 177-186 ISBN 1-58542-349-1
  19. Jensen 2005, s. 31
  20. Kaplan 2018
  21. Parsons, Melinda Boyd (1975). To All Believers: The Art of Pamela Colman Smith. University of Delaware. 
  22. «Georgia O'Keeffe and the Women of the Stieglitz Circle». tfaoi.com. Henta 9. februar 2017. 
  23. Pyne 2007
  24. «Opening Reception and Tarot Reading for Pamela Colman Smith: Life and Work». Pratt Institute. Henta 14. mars 2021. 
  25. Ray, Sharmistha (23. mars 2019). «Reviving a Forgotten Artist of the Occult». Hyperallergic. Henta 14. mars 2021. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]