Parakittfamilien

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Parakittfamilien
Systematikk
Underrekkje: Virveldyr Vertebrata
Overklasse: Tetrapodar Tetrapoda
Klasse: Fuglar Aves
Underklasse: Neognathae
Overorden: Neoaves
Orden: Papegøyefuglar Psittaciformes
Overfamilie: Parakittar Psittacoidea
Familie: Parakittfamilien Psittaculidae
Vigors, 1825

Parakittfamilien (Psittaculidae) eller «papegøyane i den gamle verda», er ein biologisk familie av parakittar frå ordenen papegøyefuglar (Psittaciformes). Familien samlar 51 slekter og 190 artar. Dei inkluderer alle papegøyar i Asia, Madagaskar og ei rekkje øyar i Stillehavet, alle afrikanske artar med unntak av slektene Psittacus og Poicephalus. I tillegg er alle papegøyeartar i Australia, Filippinane, Indonesia, Ny-Guinea og Salomonøyane, som ikkje er kakaduer, medlemar av parakittfamilien.

Utbreiing[endre | endre wikiteksten]

Utbreiingsområdet til fuglane inkluderer den tropiske regnskogsona i Afrika, ulike ikkje-samanhengande område i Aust- og Sør-Afrika, Madagaskar og andre øyar i det tropiske Indiahavet, Asia frå Pakistan i vest til Indonesia i aust, New Guinea, Australia og øyane i det tropiske Stillehavet.[1] Separasjonen av Psittaculidae frå papegøyefamilien i «den nye verda» (Psittacidae) er baserte på genetiske data[2] og blir ikkje støtta av ei skildring av eigenskapane. Som andre papegøyar har papegøyane i «den gamle verda» eit sterkt, bua nebb, zygodactyle føter, viser ofte slåande fargerike fjørdrakter og har eit komplekst sosialt system.[1]

«Papegøyane i den gamle verda» lever vanlegvis i skogar eller på savannar eller andre graslettar med eit meir eller mindre tett tredekke, dei fleste i tropane og subtropane, nokre få også i tempererte klima.[1]

Føde og beiting[endre | endre wikiteksten]

Dei fleste papegøyar frå «den gamle verda» et frø og frukt. Dei held den ofte harde maten med føtene og opnar han med det sterke, bua nebbet. Loriar og svaleparakitten (Lathamus discolor) har spesialiserte tunger for å absorbere nektar og pollen frå blomstrar og eit fordøyingssystem tilpassa denne dietten. Spettepapegøyar (Micropsitta) lever av virvellause dyr som dei finn under trebork og har som andre treklatrande fuglar stive halefjører å stø seg på. Ein har funne trekol i magen til nokre australske artar. Inntak av trekol kan tene til å nøytralisere giftstoff frå frukt og frø og har dermed ein liknande funksjon som eting av leirhaldig jord hos nokre neotropiske papegøyar.[1]

Hekking[endre | endre wikiteksten]

Eit par regnbogeloriar (Trichoglossus moluccanus) framføre reirplassen

«Papegøyane i den gamle verda», er monogame og begge foreldra tar omsut for ungane. Nesten alle medlemar av denne familien hekkar i ein eller annan type holrom, i dei fleste tilfelle eit hol i eit tre. Viss det ikkje er tre, kan reiret også byggjast i ein fjellsprekk, i eit hol i bakken, i ei hòle i ein termitthaug eller, som med jordparakitten (Pezoporus wallicus), på bakken ved foten av ei grastue eller gøymt ved foten av ein busk. Nokon artar av hengepapittar (Loriculus), amorpapittar (Agapornis) og parakittar i Neophema byggjer eit dekte grasreir i reirholet. Amorpapittar hekkar i koloniar og bruker også forlatne reir av vevarfuglar. Kulla består av eitt til maksimalt ni egg, som blir ruga i 18 til 31 dagar. Ruginga tar til etter at det første egget er lagt, noko som betyr at det går ei viss tid mellom klekkinga av kvar ung papegøye og at dei varierer i storleik. Storleiken på kullet avheng av storleiken på mora og stabiliteten til miljøet, med mindre kull som vanlegvis blir lagde av større fuglar i meir stabile miljø. Ungane blir vanlegvis varma opp av hoa og mata av hannen. Så snart fjørdrakta til reirungane har utvikla seg i ei slik grad at dei ikkje lenger kan kjøle seg ned, passar begge foreldra ungane. Fôringa held vanlegvis fram ei stund etter at ungane har floge. Denne perioden varierer ganske mykje, t.d. for undulatar, som er kjønnsmodne etter berre 6 månader, er den ganske kort, medan ungane hos andre artar er avhengige av foreldra opptil eit år etter at dei er flygedyktige.[1]

Oversyn slekter[endre | endre wikiteksten]

Blågumppapegøye (Psittinus cyanurus)

Familien samlar 190 artar i 51 biologiske slekter. Slekter i parakittfamilien etter IOC World Bird List V14.1. 2024,[3] Norske artsnamn er etter Norske navn på verdens fugler.[4] Talet på artar i kvar slekt er henta frå IOC-lista.[3] Underfamiliar er etter HBW and BirdLife Taxonomic Checklist:[5]

Underfamilie Psittrichasinae

Underfamilie Coracopseinae

Underfamilie Psittaculinae

Stamme Micropsittini

Stamme Polytelini

Stamme Psittaculini

Underfamilie Psittacellinae

Underfamilie Platycercinae


Underfamilie Pezoporinae

Underfamilie Loriinae

Stamme Loriini

Stamme Melopsittacini

Stamme Cyclopsittini

Underfamilie Agapornithinae

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

Referansar[endre | endre wikiteksten]

  1. 1,0 1,1 1,2 1,3 1,4 Billerman, S. M. (2020). Old World Parrots (Psittaculidae), version 1.0. I Birds of the World (S. M. Billerman, B. K. Keeney, P. G. Rodewald, og T. S. Schulenberg, red.) Cornell Lab of Ornithology, Ithaca, NY, USA. https://doi.org/10.2173/bow.psitta4.01
  2. Leo Joseph, Alicia Toon, Erin E. Schirtzinger, Timothy F. Wright & Richard Schodde (februar, 2012). «A revised nomenclature and classification for family-group taxa of parrots (Psittaciformes)» (PDF). Zootaxa 3205: 26–40. doi:10.11646/zootaxa.3205.1.2. Arkivert frå originalen (PDF) 11. desember 2013. Henta 11. januar 2015. 
  3. 3,0 3,1 Gill, Frank; Donsker, David; Rasmussen, Pamela, red. (January 2024). «Parrots, cockatoos». IOC World Bird List Version 14.1. International Ornithologists' Union. Henta 12. mars 2024. 
  4. Norsk navnekomité for fugl (NNKF). «Norske navn på verdens fugler». Birdlife Norge. Henta 8. desember 2023. 
  5. «HBW and BirdLife Taxonomic Checklist». BirdLife Data Zone (version 7 utg.). BirdLife International. Desember 2022. Henta 6. juli 2023. 

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Wikimedia Commons har multimedia som gjeld: Parakittfamilien