Messe i h-moll

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Messe i h-moll
BWV 235
Messe av Johann Sebastian Bach
Sjanger Koral
Periode Barokken
Komponert 1747-1749
Første framføring 1747-1749
Publiseringsdato 1845
Typisk lengd 107:50
Satsar 27

Messe i h-moll, BWV 235, er ei messe komponert av Johann Sebastian Bach.

Han vart komponert i Leipzig i 1747-1749 med tekst frå latinsk messe. Det meste av messa er samla saman av tidlegare musikk komponert av Bach frå 1724 og frametter. Den første framføringa av Sanctus var 25. desember 1725, og denne vart framført på ny i 1726-1727 og 1743-1748, alle i Leipzig. Kyrie og Gloria (sats 1-12) vart framført første gong 27. juli 1733 i Dresden. For å fullføre messa komponerte Bach resten i 1747-1749. Dette var det siste store verket han komponerte før han døydde i 1750.

Det var uvanleg for komponistar som arbeidde i den lutherske kyrkja å komponere messer, og kvifor Bach gjorde dette er omdiskutert. Messa vart aldri framført medan Bach levde og forsvann nesten heilt på 1700-talet. På 1800-talet vart det gjort fleire framføringar av verket.

Bakgrunn og kontekst[endre | endre wikiteksten]

Bach gav ikkje verket ein tittel, i staden for er partituret delt inn i fire delar med sin eigen tittel: «Kyrie», «Gloria», «Symbolum Nicaenum» og «Sanctus, Hosanna, Benedictus, Agnus Dei». Dei forskjellige delane krev forskjellige tal på musikarar og arrangement, noko som indikerer at Bach kanskje ikkje meinte at verket skulle framførast som ein heilskap. Men samstundes så er delane av manuskript nummerert 1 til 4 og den vanlege avsluttinga til Bach (S.D.G = Soli Deo Gloria) finn ein berre på slutten av Dona Nobis Pacem. Sidan verket er nesten to timar langt har det aldri blitt framført i sin heilskap som ein del av liturgien.

I 1733 hadde Bach komponert ein Lutheran Missa (Kyrie og Gloria) for hoffet i Dresden. Sjølv om han sjølv var protestant, er det uvisst om han komponerte messa for luthersk liturgi eller for kurfyrsten av Sachsen, som nettopp hadde vorte vald til konge av Polen og derfor måtte konvertere til katolisisme. Bach hadde skrive fire Missae for liturgisk bruk tidlegare.

Tidleg i 1733 døydde August II, konge av Polen og kurfyrste av Sachsen, og fem månader med sørging følgde, der all offentleg komponering av musikk vart innstilt. Bach nytta høvet til å arbeide med ei messe, ein del av liturgien sungen på latinsk og vanleg i både luthersk og romersk-katolsk liturgi.

Målet hans var å tilskrive verket til den nye kongen, August III av Polen, som var katolikk og slik betre sin eigen status. Då verket var ferdig vitja Bach August og synte han ein kopi av messa i lag med ein søknad om å verte hoffkomponist, datert 27. juli 1733. Søknaden vart ikkje innvilga, men Bach fekk etter kvart posisjonen då han vart hoffkomponist for August i 1736.

Somme forskarar meiner at messa vart først framført i Leipzig i april 1733 under festen of the truskapseida til August III. Han bestod av Kyrie og Gloria, som i dag utgjer første del av Messe i h-moll. Ein har ikkje sikre bevis for at dette skjedde.

Kopien som Bach gav August i 1733 vart skriven på papir frå Dresden av Bach sjølv, kona hans Anna Magdalena, sønene Wilhelm Friedemann og Carl Philipp Emanuel og ein noteskrivar frå Dresden. Dette indikerer at stykket vart skriven ned i Dresden av Bach-familien for ei framføring i juli i Sophienkirche (der Wilhelm Friedemann var organist), eller kanskje i Hofkirche im Theater.[1]

Ein veit ikkje kva tid Bach valte å utvide messa til ei storskala katolsk messe. Somme forskarar trur at Symbolum Nicenum (eller Credo) vart komponert mellom 1742 og 1745, medan andre trur at delen vart komponert før messa og først vart høyrt i 1732. Dei andre delane (Sanctus, Osanna, Benedictus og Agnus Dei et Dona nobis pacem) vart alle lagt til seint i 1740-åra. [2]

Wolfgang Osthoff og andre forskarar har foreslått at Bach samla Missa Tota for ei framføring ved den nye Hofkirche i Dresden, som vart bygd frå 1738 og nesten var ferdig seint i 1740-åra. Bygningen stod derimot ikkje ferdig før i 1751 og Bach døydde i juli 1750. I staden vart Johann Adolph Hasses Messe i D-moll framført.[3]

Kronologi[endre | endre wikiteksten]

Den første sida av «Credo».

I følgje Mellers, er kronologien til dei forskjellige delane av messa usikker.[4]

  • Sanctus vart komponert i 1724
  • Kyrie og Gloria vart komponert i 1733, førstnemnte som ein sørgjesong etter at kurfyrsten August den sterke og sistnemtne for å feire etterfølgjaren, August III, som seinare vart konge av Polen.
  • Credo kan ha vorte skriven i 1732.
  • I 1747 eller 1748 skreiv Bach ned heile verket.

Status[endre | endre wikiteksten]

Messe i H-moll vert i dag rekna som ein av dei største verka innan klassisk musikk. Alberto Basso oppsummerer verket som følgjr: «Messa i H-moll er konsekrasjonen av heile livet: det starta i 1733 av 'diplomatiske' årsaker, og vart skriven ferdig dei siste åra av Bachs liv, då han nesten hadde vorte blind. Dette monumentale verket syner alle dei stilmessige og tekniske nyskapingane som kantoren i Leipzig skapte i musikken. Men det er òg eit forbløffande spirituelt møte mellom den katolske lovprisinga og den lutherske kross-dyrkinga.»[5].

Forskarar har sagt at Messe i h-moll høyrer til same kategori som Die Kunst der Fuge, som ei oppsummering av den livslange musikalske tradisjonen til Bach - i dette tilfellet med kor og teologi.

Messe vart på 1800-talet skildra av Hans Georg Nägeli som «Det største kunstverket gjennom tidene.»[6]. Sjølv om det aldri vart framført, vart det viktig for nokre av etterkomarane etter Bach på byrjinga av 1800-talet. Både Forkel og Haydn hadde kopiar av veket og Beethoven prøvde å få tak i eit.[7]

Instrumentering og struktur[endre | endre wikiteksten]

Stykket er instrumentert for tre trompetar, pauker, valthorn da caccia, to tverrfløyter, to oboar, to oboar d'amore, to fagottar, to fiolinar, bratsj og basso continuo, samt åtte songsolistar (sopran, alt, tenor, bass, to av kvar) og åttedelt kor (SATB, SATB).

Det består av 27 satsar:

  1. [Del I: Missa, Kyrie] Kyrie eleison, koral
  2. [Del I: Missa, Kyrie] Christe eleison, arie
  3. [Del I: Missa, Kyrie] Kyrie eleison, koral
  4. [Del I: Missa, Gloria] Gloria in excelsis Deo, koral
  5. [Del I: Missa, Gloria] Et in terra pax, koral
  6. [Del I: Missa, Gloria] Laudamus te, arie
  7. [Del I: Missa, Gloria] Gratias agimus tibi, koral
  8. [Del I: Missa, Gloria] Domine Deus, rex coelestis, arie
  9. [Del I: Missa, Gloria] Qui tollis peccata mundi, koral
  10. [Del I: Missa, Gloria] Qui sedes ad dexteram Patris, arie
  11. [Del I: Missa, Gloria] Quoniam tu solus sanctus, arie
  12. [Del I: Missa, Gloria] Cum Sancto Spiritu, koral
  13. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Credo in unum Deum, koral
  14. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Patrem omnipotentem, koral
  15. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Et in unum Dominum, arie
  16. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Et incarnatus est, koral
  17. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Cruxifixus, koral
  18. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Et resurrexit, koral
  19. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Et in Spiritum Sanctum, arie
  20. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Confiteor in unum baptisma, koral
  21. [Del II: Symbolum Nicenum, Credo] Et expecto, koral
  22. [Del III: Sanctus] Sanctus Dominus Deus Sabaoth, koral
  23. [Del IV: Osanna, Benedictus] Pleni sunt coeli et terra, koral
  24. [Del IV: Osanna, Benedictus] Osanna in excelsis, arie
  25. [Del IV: Osanna, Benedictus] Benedictus qui venit, koral
  26. [Del IV: Osanna, Benedictus] Agnus Dei, qui tollis peccata mundi, arie
  27. [Del IV: Osanna, Benedictus] Dona nobis pacem, koral

Kjelder[endre | endre wikiteksten]

  1. George F. Stauffer, Bach, the Mass in H-moll: The Great Catholic Mass, Yale University Press, 2003, ISBN 0-300-09966-5, ISBN 978-0-300-09966-9, s. 34.
  2. Aylesbury Choral Society, mars 2004, Mass in B minor.
  3. Stauffer, s. 258–59.
  4. Mellers, s. 161.
  5. «The 'Great Mass' in B minor» i heftet til innspelinga av Philippe Herreweghe og Collegium Vocale Gent, gjeven ut i Harmonia Mundi, HML5901614.15, 1999. [1]
  6. 'Markus Rathey, 'Johann Sebastian Bach's Mass in B minor: The Greatest Artwork of All Times and All People The Tangeman Lecture delivered 18. april 2003
  7. John Butt Mass in B minor — Bach’s only complete setting of the latin ordinary of the mass

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]