Pave Pius XII

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Pius XII
Papst Pius XII., Krönung 1939JS.jpg
Pius XVI
Dåpsnamn Eugenio Maria Giuseppe Giovanni Pacelli
Fødd 2. mars 1876, Roma i Italia
Død 9. oktober 1958, Castel Gandolfo i Italia
Vald 19. april 2005
Innsett 24. april 2005
Føregjengar: Pave Pius XI
Etterfylgjar: Pave Johannes XXIII

Pius XII (2. mars 18769. oktober 1958) var pave frå 2. mars 1939 til han døydde i 1958.

Livssoge[endre | endre wikiteksten]

Den framtidige paven var fødd i Roma i Italia som Eugenio Maria Giuseppe Giovanni Pacelli, son av advokaten og adelsmannen Filippo Pacelli og Virginia Graziosi. Han studerte teologi og tok dessutan doktorgraden i juss før han lèt seg prestevie. Før Pacelli vart vald til pave i 1939 gjorde han karrière i teneste hjå kurien. Mellom anna var han professor i kanonisk rett ved det pavelege instituttet Apollinaire og frå 1909 til 1914 professor i kyrkjeleg diplomati ved det pavelege diplomatakademiet. Han var nuntius i Bayern (1917), og i 1920 vart han den fyrste pavelege nuntius for (heile) Tyskland. Han forhandla fram konkordata mellom Vatikanet og Bayern (1924) og Preussen. Frå 1925 var han nuntius i Preussen (konkordat 1929). Då han vart utnemnd til kardinal vart han kalla heim etter 12 år i Tyskland. Pacelli hadde deretter stillingar som kardinalstatssekretær og kardinalkammerherre. I denne funksjonen fylde han den politiske lina til pave Pius XI, der han viste seg som ein dyktig diplomat. I dei fylgjande åra vart han førebudd av Pius XI som paveetterfylgjar. Han deltok i rikskonkordatet i 1933 og ved utarbeidinga av encyklikaen Mit brennender Sorge.

Paveval[endre | endre wikiteksten]

Konklavet 2. mars 1939 valde han etter det som vert sagt med 61 av 62 stemmer (utan hans eiga) i tredje valomgang til pave, og han vart innsett 12. mars det året.

I encyklikaene sine, mellom anna Mystici corporis Christi (1943) om kyrkja og Humani generis (1950) om tru og teologi, tok han stilling til aktuelle spørsmål. Under jubelåret 1950 proklamerte han dogmet om jomfru Marias opptaking i himmelen, i encyklikaen Munificentissimus Deus. Det var einaste gong i det tjuande hundreåret ein pave gjorde bruk av retten til å erklære paveleg feilfridom.

Ettermæle[endre | endre wikiteksten]

Pave Pius døydde i Vatikanbyen. Han vart helgenkandidat på 1990-talet, og er no gjeven status som venerabilis (ærverdig), eit tidleg stadium i heilagkåringsprosessen.

Pave Pius XII har vorte skulda for passivitet i forhold til jødeforfylgingane under andre verdskrig.

Bakgrunnsstoff[endre | endre wikiteksten]

Commons-logo.svg Commons har multimedia som gjeld: Pave Pius XII