Percy av The Kinks

Frå Wikipedia – det frie oppslagsverket
Gå til: navigering, søk
Percy
Filmmusikkalbum av The Kinks
Utgjeve 26. mars 1971
Innspelt Oktober 1970 til januar 1971 i Morgan Studios, London
Sjanger Rock
Lengd 33:04
Selskap Pye
Produsent Ray Davies
Kritikk
The Kinks-kronologi
Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One
(1970)
Percy Muswell Hillbillies
(1971)

Percy er eit filmmusikkalbum frå 1971 av det engelske rockebandet The Kinks for den britiske kommedien med same namn. Songane vart skrivne av Ray Davies og inkluderte både standard popsongar og instrumentale nummer. Albumet vart det siste dei gav ut på Pye Records, og enda med det ein sju år lang kontrakt. Albumet vart ikkje gjeve ut i USA og var berre tilgjengeleg der i mange år via import.

Percy vart ikkje godt motteke og har heller aldri vorte rekna som ein del av albumkatalogen av bandet sjølv.

«God's Children» vart gjeven ut som singel i april 1971 (den aller siste utgjevinga på Pye medan dei framleis var under kontrakt). I motsetnad til albumet vart singelen gjeven ut i USA i juli, men nådde ikkje salslistene verken der eller i heimlandet. Han vart derimot ein liten hit i Australia (53. plass) og New Zealand (21. plass).

Innhald[endre | endre wikiteksten]

Alle songar er skrivne av Ray Davies. 

# Tittel Lengd
1. «God's Children»   3:16
2. «Lola (instrumental)»   4:46
3. «The Way Love Used to Be»   2:15
4. «Completely (instrumental)»   3:41
5. «Running Round Town (instrumental)»   1:06
6. «Moments»   2:57
7. «Animals In The Zoo»   2:22
8. «Just Friends»   2:38
9. «Whip Lady (instrumental)»   1:20
10. «Dreams»   3:45
11. «Helga (instrumental)»   1:57
12. «Willesden Green»   2:27
13. «God's Children»   0:29

Kjelder[endre | endre wikiteksten]