Face to Face
| Face to Face Studioalbum av The Kinks |
||
| Utgjeve | 28. oktober 1966 | |
| Innspelt | 23. oktober 1965 til 21. juni 1966 i Pye Studios, London | |
| Sjanger | Rock, pop | |
| Lengd | 38:31 | |
| Selskap | Pye (UK) Reprise Records R-6228 (US) |
|
| Produsent | Shel Talmy | |
| Kritikk | ||
|---|---|---|
| The Kinks-kronologi | ||
| The Kink Kontroversy (1965) |
Face to Face | Something Else by the Kinks (1967) |
Face to Face er eit album av The Kinks frå 1966 på Pye Records i Storbritannia og Reprise Records i USA. Det var eit stort kunstnarisk gjennombrot får låtskrivaren Ray Davies og er det første heile albumet der Davies nytta den forteljande, observerande forteljarstilen med ironiske samfunnskommentarar i songane sine. The Kinks flytta seg her bort frå den harde rock and roll stilen frå 1964-65, som hadde gjort bandet til stjerner. Dette vart òg det første Kinks-albumet som berre bestod av Ray Davies-songar, og var det første albumet deira som vart spelt inn over ein lang periode og ikkje berre i løpet av ei kort innspeling.
Innhaldsliste |
[endre] Historie
Davies, som hadde hatt eit nervesamanbrot like før innspelinga av albumet kom i gong, ser ut til å svare på det store presset han følte ved å skrive songar som vanlege forstadsfolk, feila deira og frustrasjonane. Denne nye stilen hadde gradvis kome til i løpet av det føregåande året med songar som «A Well Respected Man» og «Dedicated Follower of Fashion». Stilen slo ut for fullt i mai 1966 med hitsingelen «Sunny Afternoon», som nådde førsteplassen i Storbritannia og var den einaste førsteplassen bandet fekk i Noreg. Den store suksessen denne songen fekk viste for Davies og managerane til The Kinks at bandet kunne oppnå med denne stilen. Det nye albumet følgde dette mønsteret, og det same gjorde dei neste albuma deira dei fem neste åra. Perioden frå 1966 til 1971 er vorte kalla «gullalderen» til The Kinks.
Albumet kom ut eit år med mykje uro for bandet. Bandet sleit med personlege problem (bassist Pete Quaife vart skadd, slutt i bandet og kom seinare attende), rettslege kontraktstridar og hektisk turnering. Albumet fekk god kritikk, men selde ikkje veldig mykje (særleg ikkje i USA).
[endre] Songane
Songane på albumet er fulle av dei spottande, smarte tekstane til Davies. Han kritiserer ein lat Don Juan i «Dandy» og syng om den sjølvopptekne og hyklerske rike eliten i «House in the Country» og «Most Exclusive Residence for Sale». Medmenneskelegdomen til Davies kjem òg til syne på songar som «Rosie, Won't You Please Come Home», ein uvanleg popsong i 1960-åra som støtta foreldre som var mot vald mot opprørske barn (eit godt døme på at The Kinks valde tidlause tema som var umoderne på tida dei vart skrivne).
Enkelte musikkhistorikarar har omtalt albumet som det første konseptalbumet i rock and roll der det lause tema er samfunnskommentarar. Davies hadde ønska å knyte songane saman med lydeffektar, men vart tvungen av Pye Records til å gjere det om til eit standard album. Nokre av effektane er likevel med som på «Party Line», «Holiday in Waikiki», «Rainy Day in June» og andre songar som ikkje kom med på det endelege albumet («End of the Season», «Big Black Smoke»). På grunn av problem med platekontrakten vart albumet halde tilbake fleire månader etter den siste innspelinga, og Davies krangla i tillegg med Pye om korleis plateomslaget skulle sjå ut. Selskapet meinte at det psykedeliske temaet var upassande.
To songar på Face To Face vart opphavleg spelt inn og gjeve ut av andre britiske band månader før albumet kom ut, trass i at dei var skrivne av Davies. The Pretty Things hadde ein liten britisk hit i juli 1966 med «A House In The Country», som nådde 50. plass og var den siste singelen dei fekk inn på salslista. Herman's Hermits tok samstundes deira versjon av «Dandy» til Topp 10 i mange land.
[endre] Innhald
Alle songar er skrivne av Ray Davies.
| Side ein | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 1. | «Party Line» | 2:35 | |||||||
| 2. | «Rosie Won't You Please Come Home» | 2:34 | |||||||
| 3. | «Dandy» | 2:12 | |||||||
| 4. | «Too Much on My Mind» | 2:28 | |||||||
| 5. | «Session Man» | 2:14 | |||||||
| 6. | «Rainy Day in June» | 3:10 | |||||||
| 7. | «A House in the Country» | 3:03 | |||||||
| Side to | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 8. | «Holiday in Waikiki» | 2:52 | |||||||
| 9. | «Most Exclusive Residence for Sale» | 2:48 | |||||||
| 10. | «Fancy» | 2:30 | |||||||
| 11. | «Little Miss Queen of Darkness» | 3:16 | |||||||
| 12. | «You're Lookin' Fine» | 2:46 | |||||||
| 13. | «Sunny Afternoon» | 3:36 | |||||||
| 14. | «I'll Remember» | 2:27 | |||||||
| Bonusspor på CD-utgåve | |||||||||
|---|---|---|---|---|---|---|---|---|---|
| # | Tittel | Lengd | |||||||
| 15. | «I'm Not Like Everybody Else» | 3:29 | |||||||
| 16. | «Dead End Street» | 3:23 | |||||||
| 17. | «This Is Where I Belong» | 2:26 | |||||||
| 18. | «Mister Pleasant» | 3:01 | |||||||
| 19. | «Mr. Reporter» (previously unreleased) | 3:58 | |||||||
| 20. | «Little Women» (previously unreleased) | 2:11 | |||||||
[endre] Medverkande
- Ray Davies – vokal, rytmegitar, mellotron
- Dave Davies – sologitar, korvokal, solovokal på «Party Line», «You're Lookin' Fine» og «Mr. Reporter», bass på «Dead End Street»
- Pete Quaife – bass, korvokal
- John Dalton – bass, korvokal
- Mick Avory – trommer, perkusjon
- Nicky Hopkins – tangentinstrument, piano, harmonium (på «Sunny Afternoon»)
- Rasa Davies – korvokal på «Sunny Afternoon», «Session Man» og «Rainy Day In June»
[endre] Kjelder
- Denne artikkelen bygger på «Face to Face (The Kinks album)» frå Wikipedia på engelsk, den 17. april 2009.
|
|
|
|---|---|
| Ray Davies · Dave Davies · Mick Avory John Dalton · Gordon Edwards · Ian Gibbons · John Gosling · Bob Henrit · Andy Pyle · Pete Quaife · Jim Rodford |
|
| Studioalbum | Kinks · Kinda Kinks · The Kink Kontroversy · Face to Face · Something Else by the Kinks · The Kinks Are the Village Green Preservation Society · Arthur (Or the Decline and Fall of the British Empire) · Lola versus Powerman and the Moneygoround, Part One · Muswell Hillbillies · Everybody's in Show-Biz · Preservation: Act 1 · Preservation: Act 2 · Soap Opera · Schoolboys in Disgrace · Sleepwalker · Misfits · Low Budget · Give the People What They Want · State of Confusion · Word of Mouth · Think Visual · UK Jive · Phobia |
| Konsertalbum | Live at Kelvin Hall · One for the Road · Live: The Road · To the Bone |
| Tilknytte artiklar | Diskografi |